Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. august 2001

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Henrik Mohn Dahl og Mette Mohn Dahl



17. mai 1914. "Dagen var høgtidsam og gild i alle maatar. Veret var vakkert og nokolunde blankt. Ein høveleg vindpust som so vidt fekk flaggi til å breida seg ut. Og flaggi var i aar mange, fleire enn nokon gong før." Det var denne dagen det var avdukingshøgtid på Helgheim, Sogndal folkehøgskule.

Minnesteinen på Sogndal folkehøgskule, Helgheim, står i den søndre delen av skuleområdet med framsida vendt mot sør. På framsida står:
METTE DAHL * OG * HENRIK MOHN DAHL * BYGDE HELGHEIM * 1875
På baksida: HØGSKULEVENER * SETTE STEINEN * 17 MAI 1914

Minnesteinen på Sogndal folkehøgskule, Helgheim, står i den søndre delen av skuleområdet med framsida vendt mot sør. På framsida står: METTE DAHL * OG * HENRIK MOHN DAHL * BYGDE HELGHEIM * 1875 På baksida: HØGSKULEVENER * SETTE STEINEN * 17 MAI 1914

Datering: 2020

Fotograf: Hermund Kleppa

Til Helgheim

Om ettermiddagen 17. mai 1914 sette det store folketoget seg i rørsle frå kyrkja på Stedje. Ein minnestein over soldaten og Eidsvoll-mannen Johan Loftesnes var nett avduka. No skulle ein annan avdukast, ein bautastein på folkehøgskulen til minne om Henrik Dahl, styrar gjennom mange år, og systera Mette.

Høgskulelaget hadde ordna alt. Emnet var kila ut i Seimsdalen i Årdal og frakta til Sogndal på båten til Johs. Vangsnes i Fresvik. Bilethoggaren Ambrosia Tønnesen i Bergen hadde laga ansiktsrelieff og dei hadde funne fram til ei høveleg innskrift.

Rasmus Haugsøen heldt avdukingstalen

Rasmus Haugsøen (1867-1951), prest og målmann, heldt avdukingstalen. Han tala om bondekulturen, om folkeeventyr, folkeviser, treskurd og kunstvevnad som dei siste ti-åra var leita fram og kome til heider og vyrdnad. Og han tala om trongen for opplysning i bygdesamfunnet og folkehøgskulen sin plass i så måte. Henrik Dahl og systera Mette var dei som framfor nokon bygde Helgheim, og fekk i stand ein skuleheim for vestlandsungdomen.

Formannen i høgskulelaget, Wilhelm Flugheim, takka for talen og fortalde at sogndølene hadde kosta ein byste av Dahl inne i ein av skulesalane. Olav Hauge, styraren på skulen, takka på vegner av skulen for minnesteinen og bysten.

Dermed var den andre avdukingshøgtida i Sogndal denne dagen komen til ende, og folketoget sette seg i rørsle att, no til folkeskulen Trudvang.

Henrik Mohn Dahl

Henrik Mohn Dahl (1844-1909), fødd i Bergen, var son til sokneprest Henning Frimann Dahl og Margrethe Albertine Henriette Mohn. Han voks opp på landsbygda, i Innvik og Lærdal, og vanka saman med broren mykje ute i skog og mark. Unge Dahl fekk etter kvart god kjennskap til bondekulturen, og tenkte jamvel på bli bonde sjølv. Han hadde sterk sans for poesi og skreiv sjølv salmar og songar.

Henrik Dahl vart cand. theol. i 1868, prøvde seg som hjelpeprest i Os ved Bergen, var i 1873 to månader på besøk hjå grunnleggjaren av Sogndals folkehøgskule, Jakob Sverdrup, før han reiste ein tur til Amerika. Han kom attende til Sogndal i 1874 og vart lærar på folkehøgskulen. No brukte han ein større arv til å setja opp ny skulebygning med lærarbustad inne ved Loftesnessundet. Staden fekk namnet Helgheim. I 1878 tok han over skulen og vart styrar, og sette i 1885 opp endå ein skulebygning som kunne nyttast som internat.

Henrik Dahl arbeidde for nynorsk skriftmål. I 1882 fekk han i stand eit lærarmøte der det for fyrste gong i landet vart halde kurs i nynorsk. Elles var han med i ymse styre i bygda, var ordførar ein periode og vararepresentant til Stortinget.

Grunna dårleg helse måtte han slutta ved skulen i 1896. Henrik Dahl døydde i juni 1909.

Mette Mohn Dahl

Mette Mohn Dahl kom til Sogndal folkehøgskule saman med broren. Ho var kunnig i framande språk og tok gjerne privattimar med elevar som ynskte det. Som broren var ho ved arv økonomisk godt situert og ytte pengar til skulebygningane. Mette Dahl døydde i 1907. Både ho og broren ligg gravlagde ved kyrkja på Stedje.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogndals folkehøgskule i 60 år 1871-1931. Vik i Sogn. 1931


Øvre-Eide, K: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Sandane 1973.


Sogns Tidende 19.05.1914

PERMANENT IDENTIFIKATOR