Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Johannes P. Qvamme



I øvre Oldedalen står to minnesteinar over to menn som begge gjorde ein stor innsats for folket i Indre Nordfjord i trengselåra kring 1700. Den eine var Hugleik Tungøen, den andre Johannes P. Qvamme. Minnesteinen over Johannes Qvamme vart avduka 24. juni 1995.

Minnesteinen over bondehovdingen Johannes P. Qvamme på garden Kvame ved Oldenvatnet. Biletet er teke under avdukingshøgtida i 1995. Til venstre står Jakob Kvame og Olav Kvamme. Mannen til høgre er Matias Lunde frå Stryn som heldt avdukingstalen.

Minnesteinen over bondehovdingen Johannes P. Qvamme på garden Kvame ved Oldenvatnet. Biletet er teke under avdukingshøgtida i 1995. Til venstre står Jakob Kvame og Olav Kvamme. Mannen til høgre er Matias Lunde frå Stryn som heldt avdukingstalen.

Eigar: Olav og Selma Kvame.

Datering: 1995.

Fotograf: Selma Kvame.

Minnesteinen

Minnesmerket over Johannes P. Qvamme er ein om lag 2,7 meter høg, naturleg forma stein. Dei fann steinen i utmarka nedunder ein berghamar kring 1 km nord for gardane på Kvame. Ein dugnadsgjeng frakta steinen fram til Kvamsland ved stranda av Oldenvatnet.

Innskrifta er forfatta i felleskap av fleire av dei busette på Kvame, og Per Arne Fosse frå Innvik ordna med inngravering.

Steinen vart avduka 24. juni 1995. Matias O. Lunde frå Hornindal heldt avdukingstalen. Han hadde og skrive teksten til eit lite spelestykke. Elles var det fleire programinnslag; song av Oldedalen Blandakor, diktlesing av Olav Muri og fleire helsingar.

Minnesteinen over Johannes P. Qvamme er fullt og heilt eit bygdetiltak. Kostnadene med inngravering, betong, flagg og flaggstong vart dekka lokalt ved gåver og utlodning på avdukingsdagen. Alt arbeid elles vart gjort på dugnad.

Johannes P. Qvamme

Johannes Paulson, fødd kring 1649, kom til bruksnr. 1, Nigard på garden Kvame ved giftarmål med Judit Rasmusdotter. I folketeljinga 1701 står dei oppførte med sønene Rasmus (25 år), Paul (23år) og Anders (6år). "Som talsmann for folket i Indre Nordjord gjekk han fleire turar til Kristiania og København for å tale bøndene si sak i naudåra rundt 1700." (innskrifta på steinen).

Johannes Qvamme reiste fleire gonger i lag med Hugleik Tungøen. Oppunder jul 1706 var dei på veg til visestathaldaren i Kristiania. Det var på denne turen Hugleik Tungøen fraus i hel i Sværeskardet. Seinare reiste Johannes åleine. Våren 1707 leverte han tre suplikkar i København. Alle er underskrivne med desse orda: "Eders Kongl. Mayts. Aller underdanigste troe forbundne Undersaatt Johannes (bumerke) Poelsens Quammes Boemerche". Kva år Johannes Qvamme døydde, er ukjent.

Fæle rasskader

Både Kvame og nabogarden Førde (For) låg utsett til for stein- og snøskreder. I 1739 var matrikkelskylda på Kvame nedsett med ein fjerdedel etter ubotelege skader av flaum, steinskred og snøras i åra 1715-1738. Førde gjekk det endå verre med. Garden låg under ei høg, bratt bergside, der det jamnt går ras. Gong etter gong vart garden råka og til slutt var det ikkje buande der lenger. I 1693 vart husa slegne på vatnet av ei voldsom steinskrede. Fleire miste livet. Likevel prøvde folk å busetja seg der på ny, men etter store skader i 1715, 1729 og 1733, vart garden fråflytt og avskriven som matrikkelgard. Seinare vart Førde liggjande under Kvame.

Fleire uår på rad

1600-talet var eit hardt hundreår for folk med 5-6 krigar og uvanleg mange uår. I 1693-95 kom det tre harde uår på rad, og dei vert skildra som "...de sværeste uaar der i tidernes løb har overgaaet vort land, navnlig en haard tid for Bergens stift. Sygdom og død gikk herjende over bygderne....".

Ei anna melding vitnar og om ekstremt vanskelege tider. Etter at hausten slo feil i 1693 og 1694 fylgde ein voldsom snøvinter slik at ein mange stader ikkje kunne ta fatt på våronna før langt ut på førsommaren. Futen Jens Torgerson i Nordfjord skreiv m.a. til amtmannen: "Gud maa vide, hvad der bliver betalt af Skatterne dette Aar; thi jeg tror neppe den tredje Del Jorder bliver saaet."

Supplikk - bøneskrift til kongen

Ein supplikk er i dette høvet det same som eit bøneskrift eller klageskrift stila til kongen. Det finst bevart suplikkar frå heile unionsperioden Danmark-Noreg 1396-1814, men dei fleste er frå 1600- og 1700-talet. Suplikkane var eit middel for folk flest til å påverka styresmaktene, og til å klaga over lokale embetsmenn, skattar og andre pålegg. Supplikk-ordninga var til nytte for sentralmakta i det dansk-norske tvillingriket for å kontrollera embetsverket i Noreg. Dessutan medverka supplikkane til å styrka banda mellom København og Noreg. Etter ei forordning av 1591 fekk sorenskrivarane eit slags monopol på å skriva allmugen sine suplikkar. I mange høve var det og "vanlege folk" som reiste til København med bøneskriva.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Fjordingen. 26.6.1995. Stryn.
Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn. Nyutgåve. Sandane 1974.
Norsk Historisk Leksikon. Oslo 1999.
Ohnstad, Anders: Glimt frå fylket si soge. I Sogn og Fjordane. 1980.
Kvame, Selma:
Soga om bondehøvdingane Hugleik Tungøen og Johannes Quamme og deira samtid. Uprenta manuskript. Udatert.

PERMANENT IDENTIFIKATOR