Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Klovsteinstøtta - minnestein om vegbyggjing og kjempekast



Klovsteinstøtta står attmed vegen mellom Lærdalsøyri og Revsnes, om lag 3 km utover frå Erdal. Støtta vart oppsett då dei i 1960-åra bygde vegen ut til den nye ferjekaia på Revsnes. Mange år seinare skreiv Olav Handeland ein artikkel om denne spesielle minnesteinen i<i>Vegstubben</i>, bladet til Statens Vegvesen - Sogn og Fjordane.

Klovsteinstøtta står på sjøsida i ein sving mellom Erdal og Vindedal. Det har vakse opp ein del skog slik at steinen slett ikkje er så lett synleg i 2006. Dessutan er han ikkje lett  å koma til, etter som området er sperra av med trafikkvern.

Klovsteinstøtta står på sjøsida i ein sving mellom Erdal og Vindedal. Det har vakse opp ein del skog slik at steinen slett ikkje er så lett synleg i 2006. Dessutan er han ikkje lett å koma til, etter som området er sperra av med trafikkvern.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Ei kort innleiing til Handeland sin artikkel

Ferjesambandet Fodnes-Mannheller er det tredje i indre Sogn. Det første var Lærdal-Kaupanger. Det andre, Revsnes-Kaupanger, opna i 1966 og vart nedlagt i 1995 då Fodnes-Mannheller var ferdig. Vegen ut til Revsnes, ein del av E 68, vart samstundes avvikla som riksveg. Strekninga Vindedal - Revsnes vart stengt for allmenn ferdsel. Klovsteinstøtta står mellom Erdal og Vindedal. Olav Handeland var i mange år redaktør forVegstubben. Han skreiv artikkelenførFodnes-Mannheller opna.

Kva er historia bak steinen?

Dei som har reist E 68 mellom Revsnes og Lærdal har truleg merka seg ein støtteliknande stein. Steinen står i ein sving og er lett synleg i begge retningar. Dei mest observante har og fått med seg at steinen har ei innskrift der det med stor bokstavar står KLOVSTEIN og årstalet 1962. Eg, og sikkert mange med meg, har ofte undra oss over denne steinen. Ligg det ei hending eller historie bak? Kvifor vart den sett opp her, kven laga han og sytte for oppsetting?

Som eit minne om anleggstida

Tidlegare oppsynsmann og vegmeister Erling Hjellum hugsar godt til at Klovsteinstøtta vart oppsett. Sjølve steinen vart funnen etter sprenging i veglina ved ein plass som kallast Klovsteinen. Sidan steinen var så uvanleg fint forma, vart den lagt til sides, og mellom arbeidarane vart det prata om å setja steinen opp som eit minne frå anleggstida. Den som ivra mest for dette, var kompressorkøyrar Knut Knutsen, som og var ein flink og dugande smed. Han sytte for at namnet vart hogge inn i steinen, masa på oppsynsmannen og fekk det til slutt som han ville.

Meir enn vegminnestein

Eigentleg sluttar historia om Klovsteinen med dette. Støtta er eit resultat av tilfeldige innfall frå ein arbeidsgjeng i 60-åra, og stort meir er det vel ikkje å seia om det. SomVegstubbensin utsende hadde eg nok håpa på ei litt meir spanande og fyldig historie, og må innrømma at eg følte meg litt "snåten" som vi seier her i Sogn. Men som den gode historieforteljaren Erling Hjellum er, har han gøymt det beste til slutt.

Den eine risen ville drepa den andre

Ei gamal segn fortel at i Lærdalsfjorden budde to risar. Den eine budde på Tronenakken som ligg på nordsida, og den andre budde på Klovsteinhalsen på sørsida av fjorden. Desse to risane var uvener, og risen på Tronenakken kasta ein stein for å drepa risen på Klovsteinhalsen. Men steinen var nok litt for stor, for risen greidde ikkje å kaste den langt nok, og steinen landa difor i fjøresteinane.

Kjempestein

Steinen vart liggjande i stranda om lag der Klovsteinen no står. Hjellum hugsar denne steinen godt. Den var om lag på høgde med ein vaksen mann, og kunne vera mellom 3 og 4 kubikkmeter. Forma var rund og fin og godt egna til å kasta for den som måtte ha slike krefter. Steinen var elles av ein bergart som ikkje finst på denne sida av fjorden, men som det er mykje av på Tronenakken. Der steinen låg i strandkanten var den lett synleg på lange avstandar, og sytte for at segna om risane heldt seg levande. Under vergarbeidet var denne steinen fyllt over, og er i dag ikkje synleg.

Som minne om ei segn

- Då me som arbeidde på anlegget fekk innfallet om å sette opp Klovsteinstøtta, hadde me ikkje denne segna i tankane i det heile, seier Hjellum. Men eg har ofte i ettertid tenkt, at kanskje var det ikkje så dumt likevel det vi gjorde den gongen. Sidan steinen som risen i fylgje segnet kasta ikkje lenger er synleg, er det fare for at denne segna vil bli gløymt. Det ville difor vera gildt om den støtta me sette opp på Klovsteinen i 1962, kunne knytast til denne segna, og dermed vera med på å halda segna levande for ettertida og komande slekter.

kjelder:

Informasjon frå:
Erling Hjellum.

PERMANENT IDENTIFIKATOR