Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. september 2012

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Malla Moe-minnesteinen på Hafslo



«Jo, min mening er at skal vi ære store menn og kvinners minne med en bautastein, bør Malla Moe ha sin. Og her bør Sogns kristne, og i første rekke ungdommen, gå til innsamling for nettopp å få reist en slik stein på Mo i Hafslo.»

Malla Moe-minnesteinen står attmed bedehuset på Hafslo, til høgre for inngangen i underetasjen. Bedehuset stod ferdig i 1922. Malla Moe var heime på Hafslo ei tid frå 1920. Det var vekkjing i bygda og skulehuset blei for lite til møta. Ho vart ein av pådrivarane for å byggja bedehus.

Malla Moe-minnesteinen står attmed bedehuset på Hafslo, til høgre for inngangen i underetasjen. Bedehuset stod ferdig i 1922. Malla Moe var heime på Hafslo ei tid frå 1920. Det var vekkjing i bygda og skulehuset blei for lite til møta. Ho vart ein av pådrivarane for å byggja bedehus.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Fekk sin «bautastein»
Det var Carsten Line i Stavanger, misjonsven og musikar, som i 1967 på denne måten tok til orde for å reisa Malla Moe ein minnestein. Forfattar Per Hilleren i Sogndal hadde skrive bok om Malla Moe og i føreordet nemnt at det ikkje var reist nokon «bautastein» over henne. Men, « det ville kanskje ikke passe med en stein som minne om henne.» Det var bokmeldaren Carsten Line ikkje samd i. Malla Moe burde absolutt få sin «bautastein». Han fekk ynskjet sitt oppfylt 45 år seinare, 15. september 2012.

Malla Moe
Petra Malene (Malla) Moe, fødd i Hafslo 12. september 1863, var dotter til gardbrukar Claus Rumohr på Mo og Brita f. Lomheim. Saman med den yngre systera si, Dortea, reiste ho i 1884 til Chicago der systera Karen budde. I Chicago kom ho med i misjonsarbeid gjennom kyrkjesamfunnet til Dwight L. Moody.

I 1892 reiste ho til Afrika som misjonær i Den Skandinaviske Alliansemisjonen (seinare The Evangelical Alliance Mission). Ho vart verande i Afrika heile livet. I over 60 år arbeidde ho som misjonær i Swaziland. Ho dreiv misjonsstasjonen "Betel" for midlar som var samla inn i kristne trussamfunn i Amerika.
 

I sine eldre år gjennomførte ho store reiser i Swaziland og Tongaland med si eiga misjonsvogn, The Gospel Wagon. Då ho døydde 16. oktober 1953, omtala statsleiaren i Swaziland henne som "den fremste misjonæren i Afrika".

Minnesteinen
På Hafslo kalla dei Malla Moe for Afrika-Malla. Minnesteinen over den vidgjetne misjonærkvinna frå Hafslo står attmed bedehuset. Ho var sjølv pådrivar i arbeidet med å byggja bedehus då ho var på vitjing i barndomsbygda i åra 1920-1922. Minnesmerket er ein nær prismeforma stein i lys, slipt granitt med ovaltforma portrettrelieff i bronse og rektangelforma plate med tekst. Portrettet er laga av kunstnaren Ola Stavseng, busett i Stordal på Sunnmøre. På tekstplata står:

«AFRIKAMALLA»
MALLA MO 1863 – 1953
Misjonær i Swaziland 1892-1953
«Gå ut i verda og forkynn
evangeliet for alle menneske.»
Mark. 16:15."

Avdukinga
Minnesteinen vart avduka søndag 16. september 2012. I eit fullsett bedehus gav redaktør i Evangelisten, Kurt Urhaug, eit portrett av Malla Moe sitt liv og virke. «For meg er Malla Moe eit førebilete», sa han. Fleire nytta høve til å koma fram med helsingar. «Ei av dei modigaste jentene Hafslo har fostra», sa ordføraren i si helsing, før Anders Alme avslutta. Mange hadde vore med i arbeidet med å reisa steinen. Han nemnde særskilt Erling Bjørnethun. Kåre Alme og Klaus Mo. Alme ba så møtelyden ut til sjølve avdukinga, som vart utførd av ordførar Kvalen. Høgtida slutta med fedrelandssalma.

Flittig brevskrivar til Evangelisten
Evangelisten er eit «upartisk blad», det vil seia at bladet ikkje er knytta til nokon kristeleg organisasjon. Bladet har kome ut sidan 1910. Malla Moe sende ofte reisebrev til Evangelisten. Kort tid etter avdukinga hadde Evangelisten eit stykke om høgtida. Til slutt står desse orda: 
 

"Da Malla døde i 1953 og ble lagt ti Afrikas jord, var alle stammene i sør Afrika representerte. Dette sier mye om hva misjonæren betydde for folket. Hun var et verktøy i Guds hånd. Malla hadde ikke skolegang og strategier, men hun hadde kjærligheten. Vi kjenner på gleden og velsignelsen gjennom alle de reisebrev Malla sendte fra Afrika, og som ble gjengitt i bladet Evangelisten."

kjelder:

Lomheim Solem, Susanna: Malla Moe. Størst av alt er kjærleiken. 2012.
Hilleren, Per: Adresse Afrika. Malla Moe – en eventyrskikkelse. 1966.
Line, Carsten: Bokmelding 1967, I Evangelisten 15.09.2012

PERMANENT IDENTIFIKATOR