Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bautasteinen ved Fresvik kyrkje



Ved kyrkja i Fresvik står det ein høg bautastein som vart reist 17. mai 1913. Bautasteinen vart reist til minne om dei 10 frå Fresvik som var med i krigen mot svenskane 1807-1814.

Minnesteinen attmed Fresvik kyrkje ragar rundt sju meter i veret.

Minnesteinen attmed Fresvik kyrkje ragar rundt sju meter i veret.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Innskrift på framsida

På steinen er det hogge inn 10 namn. Berre førebokstaven i førenamna er med. Nedanfor har me sett inn førenamna der me kjenner dei. Tekst og namn etter Jakob Bøthun iSoga um Fresvikgodset.

Minne um dei fresvikingar som var med i krigen 1807-1814.

J. Bjørnetun
H. K. Hov
Halvard Hov
Anders H. Flethe
Tomas Hatlelid
Botolf Grundeland
Anders Otterhjell
Ola Bøthun
I. Bøthun
A. A. Hov

Innskrift på baksida

"Fresvikingar i Amerika og heime sette steinen. Kjem Noreg i naud, me fylkar oss tett, me ringar med vakt ditt hov."

Gåver frå Amerika

Det kom inn pengar til minnesteinen på to måtar, - ved utlagde innsamlingslister i bygda og ved gåver frå utflytte fresvikjer i Amerika.Sogns Tidendhadde 9. januar 1913 melding om gåver på 10 dollar kvar (ialt 185 kroner) på kvar av desse: Ole H. Høium, Herm. H. Høium, Olav J. Bøthun, Aa. R. Haugland og B.L. Tretteteig. I april vart det kvittert for same beløp frå Anders S. Bøthun.

Hans P. Bøthun og B.H. Schou ser ut til å ha vore leiarar for bautastein-prosjektet. I mars 1913 ba Bøthun om at folk som hadde teikna seg på innsamlingslistene om å betal. Tanken var å få reist steinen til 17. mai eller 7. juni.

Stein frå Offerdal

Den 3. april 1913 melde signaturen "H." iSogns Tidendeat steinen låg på bryggja i Fresvik. Han var komen frå granittbrotet til Kristian og Lars Offerdal i [Ytre] Offerdal. Det var ein "diger rugg, 26 fot høg" (om lag 8,2 m). DS "Vangsnes" hadde frakta steinen frå Offerdal til Fresvik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norsk Etnologisk Gransking (NEG) om hendingane kring 1814. Svar frå Anders Skåsheim og Nils J. Vangsnes.
Bøthun, Jakob: Soga um Fresvikgodset. Vik i Sogn 1925.
Sogns Tidend. 09.01, 03.04.1913.

PERMANENT IDENTIFIKATOR