Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. mai 2001

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnestein over Kristen Nystad



Kristen Nystad fødd på Sørstranda i Gloppen omkom då panserskipet "Norge" gjekk ned på hamna i Narvik 9. april 1940. I 1951 reiste bygdefolket minnestein over han ved den gamle kyrkja på Gimmestad.

Minnesteinen over marineoffiseren Kristen Nystad ved den gamle kyrkja på Gimmestad. Han er laga i hoggen labrador med slipt framside og levert av Eides Steinhoggeri, Nordmøre.

Minnesteinen over marineoffiseren Kristen Nystad ved den gamle kyrkja på Gimmestad. Han er laga i hoggen labrador med slipt framside og levert av Eides Steinhoggeri, Nordmøre.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Innskrifta

På minnesteinen er innskrive:

Til minne om * v.pl. underoffiser * KRISTEN NYSTAD * født 13-10-1906 * falt i krigen ombord i * panserskipet "Norge" 9-4-1940 (Nede på steinen:) Bygda reiste denne stein

[Merknader: 1) * tyder: på ny line), 2) v.pl. står for vernepliktig].

Biografi i bokverket Våre Falne

NYSTAD, KRISTEN MATIAS ERIKSON, 1. styrmann, Nordstrand. Fødd 13. oktober 1906 i Gloppen, s. til Erik Jensen Nystad (Grov), f. 1875, og Brite Kristensdotter f. Sande, f. 1877 båe i Gloppen. Gift 1936 med Wiktaly Solheim, f. i Vardø. 2 born. Framhaldsskule, styrmannsskule. Vart innkalla til nøytralitetsvakt på p/s Norge i 1939, og miste livet 9. april 1940 då skipet vart søkkt på hamna i Narvik. Omtala i Bygdeungdommen nr. 8, 1942.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka 17. mai 1951 med ei stor folkemengd til stades. Prost Kvaale heldt ein gripande og vakker minnetale, og lensmann Straume overleverte krigsmedalje post mortem til dei næraste pårørande. Formannen i minnestein-nemnda, Hans O. Sande, overleverte så steinen til familien. Til slutt takka Jens Nystad, bror til den falne, og la ned krans.

Begge panserskipa gjekk ned

Begge dei to norske panserskipa "Norge" og "Eidsvold", bygde i 1890-åra, vart søkkte ved Narvik 9. april 1940. Om morgonen stod tyske krigsskip inn Ofotfjorden. Dei vart stoppa av det norske panserskipet "Eidsvold". Tyskarane sende ein mann ombord for å forhandla. Men då nordmennene nekta å overgje seg, gjekk den tyske offiseren frå borde, sende opp eit raudt signallys, og før "Eidsvold" rakk å opna eld, vart det råka av tyske torpedoar. Skipet gjekk ned i løpet av 15 sekund og 175 mann omkom. Berre 6 vart berga.

Panserskipet "Norge" var lenger inne i hamnebassenget. Skipet oppdaga tyske krigsskip og opna eld utan å treffa. "Norge" vart straks etter råka av to tyske fulltreffarar, og skipet fekk same lagnad som "Eidsvold". Det gjekk ned i løpet av mindre enn eitt minutt. 101 mann miste livet, medan 90 vart berga.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1949.
Firda Tidend. Sandane, mai, 1951.
Forsvarets Pressetjeneste og Forsvarsdepartementet (utg.): Narvik 1940. Orkanger.