Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Tusenårsstein i Holsen



Ved tusenårsskiftet 1900-2000 vart dei fleire stader reist <i>tusenårssteinar.</i> I Holsen reiste dei ein slik stein på tusenårsstaden i bygda, eit friområde nedom kyrkja mot vatnet.

Tusenårsstaden i Holsen med dei tre elementa tusenårsstein, steinbenker og tusenårstre. Holsen Bondekvinnelag hadde ansvaret for treet som vart planta på frigjeringsdagen, 8. mai 2001.

Tusenårsstaden i Holsen med dei tre elementa tusenårsstein, steinbenker og tusenårstre. Holsen Bondekvinnelag hadde ansvaret for treet som vart planta på frigjeringsdagen, 8. mai 2001.

Eigar: Holsen Grendalag.

Datering: 2001.

Fotograf: Holsen Grendalag.

Steinen

Den naturleg forma steinen er knapt 2 meter høg med vel 50 cm x 13 cm sider nede. På framsida, som vender oppover, er festa ei 3 mm tjukk messingplate på 40 x 25 cm. Innskrifta, som er gravert i svart emaljefarge, er eit dikt skrive av Berit Hårklou. Det lyder slik:
Jorda bar frukter i tusen år
Gav liv til eit folk i ulike kår.
Lat arbeid for fred bera frukter òg
Så tusenårsskiftet om FRED ber bod.

Tusenårsstad med tre element

Det var Holsen Grendalag som hausten 1999 i samråd med representantar frå lag og organisasjonar i bygda, valde friområdet ved eleveosen ved Holsen kyrkje til tusenårsstad. Her planla dei å reisa ein tusenårsstein, laga to enkle steinbenker og planta eit tusenårstre. Laget sende prosjektskisse til Førde kommune og bad om løyve til å nytta friområdet ved kyrkja til eit slikt føremål. Planavdelinga i kommunen hadde ikkje noko å innvenda og ynskte grendalaget lukke til med arbeidet.

Opning og avduking

Staden vart høgtideleg opna 17. mai 2000 med "heile bygda" til stades. Therese Stubhaug Holsen, elev i 7. klasse ved Holsen skule, hadde det ærefulle oppdraget å avduka tusenårssteinen. På programmet var det elles ord for dagen, diktlesing og snorklipping.

Ros frå kommunen

Etter at tusenårsstad-prosjektet var avslutta, sende dei prosjektansvarlege rapport til kommunen. Rådmannen i Førde sende rosande ord attende. "De har utført eit flott arbeid innanfor ramma av det eit friluftsområde kan nyttast til. Plassen er stelt i stand på ein enkel og tiltalande måte med materialar frå bygda og med lokal innsats. Vi trur dette er av stor verdi for den tilknytninga folk vil ha til staden i framtida, og vi vonar at tusenårsstaden vil vere til glede for både bygdefolket og tilreisande.
Lukke til med eit eit flott tiltak."

Heile tiltaket på vers

Til opninga av tusenårsstaden vart det laga ei orientering om arbeidet på vers:

Ein tusenårskomité fekk ein idé / Ein tusenårsstad ville dei ha.
Ved kyrkjelandet skulle staden vere. / På friområdet - ikkje meir å diskutere.

Dei fann ein stein, ein tusenårsstein, / høg og smal, men ikkje skral.
Dei sleit og drog med spett og tóg, / Opp og fram - så losna han.

Dei flytta han hit etter mykje slit. / To sessar òg - dei beste dei såg.
Ho Berit skreiv dikt - eit tusenårsdikt. / Ikkje så mange er i stand til slikt.

På steinen bak forheng er diktet gøymd. / Om litt kjem det fram - det vert ikkje gløymt.
Dei planta eit tre - bondekvinnene. / På frigjeringsdagen dei sette det ne'.

Dei planta blomar og pussa opp, / serverte så kaffi i krus og kopp.
Mange tok del på plassen dei var gla' i / Han skulle stå klar til 17. mai.

No er tusenårsstaden så godt som ferdig, / ein vakker stad som er bygda verdig.
Her kan unge og gamle spasere, / kommentere og spekulere /
Vi vonar at få vil kritisere.

På historisk grunn skal vi klippe snor. / Så kan alle applaudere i kor, /
På ein dag som alltid er stor.

kjelder:

Fleire saksdokument frå Holsen Grendalag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR