Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnesmerke over russiske krigsfangar



Tretten russiske krigsfangar miste livet i Årdal under 2. verdskrigen. Dei vart gravlagde på krykjegarden ved Årdal kyrkje. I 1951 reiste bygdefolket eit minne over dei. Ei minneplate vart sett opp fleire år seinare.

Minnesteinen over russiske krigsfangar i Årdal, omgjeven av steinstøtter med lekkjer mellom. Til høgre syner ei minneplate eit sovjetisk båtmannskap sette opp 14. mars 1967.

Minnesteinen over russiske krigsfangar i Årdal, omgjeven av steinstøtter med lekkjer mellom. Til høgre syner ei minneplate eit sovjetisk båtmannskap sette opp 14. mars 1967.

Eigar: Jonny Asperheim

Fotograf: Jonny Asperheim

Minnesmerket

Minnesmerket over over russiske krigsfangar i Årdal er sett saman av ein prismeforma stein i granitt som er avskrådd oppe. Innskrift og symbol står på vestsida. Steinen er omkransa av seks steinar, fire framme og to bak, med lekkjer mellom. Ei minneplate i metall vart plassert ved steinen 14. mars 1967 av eit sovjetisk skipsmannskap.

Innskrifta

Innskrifta er på norsk og lyder slik:

TIL MINNE OM DE
13 RUSSERE
SOM DØDE
I ÅRDAL UNDER
DEN TYSKE
OKKUPASJONEN
1940 - 1945.

REIST 1. MAI 1947
AV BEFOLKNINGEN
I ÅRDAL

[Deretter fylgjer 13 stjerner og]

DE GAV SITT LIV FOR * FRIHET OG RETTFERD

13 miste livet

Det var kring 1300 russiske krigsfangar i Årdal under krigen. Dei fyrste kom i 1943. 13 miste livet og vart gravlagde på kyrkjegarden på Årdalstangen.
Seks døydde i 1944, av desse tre ved ei arbeidsulukke i Lægreidshagane. Av dei sju som døydde i 1945 miste fire livet etter bombinga ved Saltvika den 4. april, og ein vart skoten på bryggja i Flåm under ein fangetransport.

Gravferdene

Under gravferdene brukte presten det vanlege gravferdsritualet. Det var alltid eit gravfylgje av kameratar og andre, og det vart synt både vyrdnad og medkjensle.
Klokkaren på denne tida, Tomas Hæreid, brukte dei same gravferdssalmane kvar gong. Avslutningssalmen var nr. 583 der siste verset var meint som ei påminning om den jordiske og himmelske heim:

Når livet burt hev vike,
og verdi med sitt ljom.
Gud gjeve i ditt rike,
meg då eit lite rom.
So eg kan møta mine,
og sjå att far og mor.
Og huggast mellom dine,
I høge himmelkor.

Farvel med dei gravlagde

Ein flokk krigsfangar vart verande att ei tid etter frigjeringa. Dagen før dei reiste, 4. juni, samlast dei på kyrkjegarden for å ta farvel. Leirføraren las opp eit dikt som han etterpå gav til Tomas Hæreid som óg var tilstades. Før dei forlet staden var det nokre som kasta mynt på gravene dei stod ved. Det hadde dei også gjort i dei opne gravene.
Diverre er diktet bortkome. Hæreid lét ein få det for å laga ei omsetjing, men han fekk det aldri att.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hæreid Tomas: Russebautaen på Årdal kyrkjegard. I Årdals-Posten. 8-1976.
Årdal før og no. Nr. 6-1995.
Opplysningar frå Årdal kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR