Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 20. februar 2019

Kategori

Kommune

Bautastein over Lærdalske lette infanteri-kompagni



På Øyramarki på Lærdalsøyri står ein 6 meter høg bautastein, reist i 1902 til minne om ei militæravdeling i ufredsåra 1807-1814. Øyramarki var ekserserplass til 1874. Vegnamna Telthusvegen, Løytnant Lem-vegen og Kaptein Jürgensen-vegen er minne om militærtida på Lærdalsøyri.

Den vel 5 meter høge bautasteinen er komen på plass. Folk i arbeidsklede, oppkledde vaksne og born står oppstilt for fotografering. Biletet er teke mot aust, framover dalen.

Den vel 5 meter høge bautasteinen er komen på plass. Folk i arbeidsklede, oppkledde vaksne og born står oppstilt for fotografering. Biletet er teke mot aust, framover dalen.

Eigar: Ingebrigt Gjerde.

Datering: 1902.

Fotograf: N.O. Reppen, Sogndal.

Militæravdelinga skipa 1801

Leirdalske skiløberkompani vart oppretta i 1801. Namnet vart kort tid etter endra til Leirdalske lette infanterikompani og ved århundreskiftet 1800/1900 gjekk militæravdelinga med ekserserplass i Lærdal under namnet 4de kompani af Sogns linjebataljon. Den fyrste mønstringa skjedde våren 1802. Et stort telt var slaat op, uniformerede fine folk saas derinde, officerer og underofficerer til det nye kompani var fremmødt med al munderingen til de vordende soldater; der var hatter med fjær i, epauletter og gyldne snore; meeget gjilt og fint at se paa, fortel oberst Henrik Angell i boka si om kompaniet som kom ut i 1901. Dei fleste soldatane kom frå Lærdal, Sogndal, Hafslo og Årdal.

Til grensa to gonger

Lærdalskompaniet var avgarde til Austlandet og svenskegrensa to gonger i ufredsåra 1807-1814, fyrste turen 1808-1809, den andre 1813-1814. På vårparten 1808 marsjerte avdelinga opp dalen, over Filefjell og austover til leir ved Elverum. Svenske styrkar gjekk over grensa fleire stader og spreidde seg over eit vidt område i traktene vestover mot Glomma. Lærdølene beit godt frå seg i fleire trefningar under kommando av den etter kvart vidgjetne sjefen sin, kaptein, seinare major, Wilhelm Jürgensen. Både han og fleire av soldatane vart seinare dekorerte med Dannebrogsordenen. Men ein annan mann gjorde det og bra, korporal, seinare løytnant, Hans Lem frå Årdal
Ein av dei som ikkje kom heim var Ola Thomasson. Han vart såra i ei trefning i Kongsvingertraktene. Ei kule knekte skinnebeinet tvert av og stumpane stakk ut. Langt blir det heim til Sogn, saar er foten og lite hugna blir det no med dansen, skal han ha sagt då han freista å hinka attende til kampplassen.
Andre gongen drog dei avgarde våren 1813 og kom på grensevakt i Østfold. Denne gongen kom lærdalskompaniet i harde trefningar i månadskiftet juli/august 1814 ved Enningdalen og eit par andre stader.

For å minnast

Oberst Henrik Angell skreiv boka si om Kaptein Jürgensen og Leirdølerne hans til 100-årsmarkeringa for opprettinga av Lærdalskomapniet i 1901. Han gjorde og opptak til å reisa ein minnestein. Folk var oppglødde for tanken og gjekk vinteren 1901-1902 i gang med arbeidet. Dei samla inn pengar, fann ein passande stein, ordna med innskrift og reiste bautaen til 17. mai 1902.
Avisa Sogningen hadde eit stykke om den nye minnesteinen i mars 1902. - Vi har få slike steinar i Noreg, skriv avisa og helsar Lærdal-steinen velkomen. Vi treng slike steinar for å minnast dei som budde i landet før oss og som verja og bygde landet.

Frå Lindetona til Dampskipsbryggja på jekt

Dei fann steinen på hi sida av fjorden på ein skredstad kalla Lindetona. Han var prismeforma, nær 7 meter lang og hadde ei vekt på omlag 100 mjølsekker eller 10 tonn. Spørsmålet var korleis dei skulle få den enorme steinen over fjorden til dampskipsbryggja. Det laga seg. Ein dag i slutten av mars låg ei jekt frå Kvamsøy og lossa kol. Etter litt akkedering med skipperen tok han på seg frakteoppdraget for 60 kroner, men dei måtte sjølv få steinen ombord og på land att. Det gjekk. Når 25 mann tok i på ein gong, greidde dei å lyfta steinen, få han ombord og ut or båten på andre sida. Skipperen meinte lasta tilsvara 25 mål bjørkeved.

Markering 17. mai 1902

17. mai-feiringa på Lærdalsøyri i 1902 hadde større oppslutning enn nokon gong. Toget gjekk frå Lågøyna til bautasteinen på ekserserplassen der lærar og kyrkjesongar Husum tala. Han minna om kva bautasteinar har å seia for folk, at dei både ber minne om dåd i tidlegare tider og manar slektene til å halda fram. Elles var det mange helsingar og fleire telegram, mellom anna frå oberst Henrik Angell.

kjelder:

Avisa Sogns Tidende, fleire stykke 1902.
Avisa Sogningen, fleire stykke 1902.
Angell, H.: Kaptein Jurgensen og Leirdølerne hans. 1901.
Angell, H.: Syv-aars-krigen for 17de mai 1807-1814.. Faksimileutgåve. 1995.
Opplysningar frå:
Anders Gjerde, Lærdal.