Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. mars 2013

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Minnesmerke om krigsforlis på Hustadvika



Den 16. september 2002 avduka Kong Harald V minnesmerket Stille rom på Romsdalskysten. ”Det er et sted for sorg, savn, ettertanke og forsoning”, står det på ei informasjonstavle. 65 menneske omkom då hurtigruteskipet ”Irma” og lastebåten ”Henry” vart torpederte vinteren 1944. Ein av dei var frå Sogn og Fjordane.

<p>Minnesmerket Stille rom p&aring; R&oslash;eggen nord i Aver&oslash;y kommune. Det er laga av bilethoggar Geir Stormoen.</p>

Minnesmerket Stille rom på Røeggen nord i Averøy kommune. Det er laga av bilethoggar Geir Stormoen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

”et vondt minne”

Informasjonstavla fortel kva som hende 13, februar 1944:

”Februarkvelden er stille, stjerneklar og kald. To båter stevner nordover Hustadvika. Nordgående hurtigrute ”Irma” har nettopp passert Hesteskjæret fyr, og har tatt igjen den mer saktegående lastebåten ”Henry”. Det blir et kort og ulykksalig møte, et møte som blir deres felles tragiske skjebne.

Norge er i krig, og denne kvelden ligger to norske torpedobåter i skjul inne ved Averøy. De har fått ordre om å angripe en fiendtlig konvoi som er ventet. De ser de to skipene komme, og den tragiske torpederingen av ”Irma” og ”Henry” skjer.

”Irma” og Henry”s skjebne er et vondt minne og et er spesielt vondt fordi det var nordmenn som krevde nordmenns liv.”

Stille rom

Minnesmerket Stille rom er ein stad å gå til, ”ein stad for sorg, sakn, ettertanke og forsoning”. Det er laga av bilethoggar Geir Stormoen. Frå parkeringsplassen ved enden av bilvegen fører ein gruslagd gangveg fram til minnesmerket; to oppreiste steinblokker uttekne og reiste opp or fjellet der dei står. Frå ein benk får ein utsyn mot havet og Hesteskjer fyr mellom dei. I berget like bak er det festa ei metallplate med 65 namn. Eitt av dei er Einar Elias Djuvstein. Det står:

”Til minne om de omkomne etter krigsforliset av hurtigruteskipet ”IRMA” og lastebåten ”HENRY”

Erkjenning

Det var ordførar John Harry Kvalshaug i Averøy kommune som på slutten av 1990-talet tok til orde for å reisa eit minnesmerke om krigshendinga på Hustadvika 13. februar 1944. Det skjedde samstundes med at Astrup Nilssen, son til ein av dei omkomne, i fleire år hadde arbeidd med å setja kritisk søkelys på hendinga: Kva skjedde, kvifor, kven stod bak, korleis vart hendinga granska etter krigen, kva har skjedd i høve til dei etterletne, kvifor har det aldri kome ei offisiell beklaging?

Forsvarsdepartementet ga hausten 1999 tilslutning til tanken og førhandstilsegn om økonomisk stønad. I brev til Astrup Nilssen, datert 28.09.1999, skreiv forsvarsminister Løwer m.a.:

"Denne Regjering er smertelig klar over at så vel grupper av mennesker som enkeltpersoner ble utsatt for en til dels meget dårlig behandling av det norske samfunnet i etterkrigstiden. Å bidra til å få reist et minnesmerke over den tragiske torpederingen av "Irma" og "Henry" vil etter min mening være et forsøk på å rette opp noen av de feil som har blitt gjort."

Avdukinga

Tanken om å reisa eit minnesmerke fekk god oppslutning. Ei nemnd byrja det førebuande arbeidet i 1998 og søndag 16. september 2002 var det avduking med stort program og mange tilreisande.

Høgtida opna i Bremsnes kyrkje kl. 14.00 med at kongen, biskopen og ordføraren kom. Eit av innslaga var at Erling Nystøyl frå Averøy fortalde om krigshendinga og las opp namna på dei 65 omkomne.

Kl. 1500 gjekk turen til minnesmerket på Røeggen. Marinegastar stod æresvakt. Kong Harald heldt ein kort tale før han avduka minnesmerket. Til opning framførde Averøy musikkorps Edvard Fiflet Bræins Ut mot havet og til avslutning Bønn framført av løytnant Skjønhaug frå Marinemusikken.

Neste programpost var tur ut på havet til staden der ”Irma” og ”Hanry” gjekk ned. Sørgåande hurtigrute ”Midnatsol” gjekk ekstratur frå Kristvika på Averøy. Alle med tilknytning til tragedien var inviterte til å vera med. På åstaden kom to av Marinen sine MTB-ar til. Frå den eine vart det kasta ein krans på havet.

 

kjelder:

Henta 13.03.2013