Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Sunnfjord Folkehøgskule - minnestein om brannulukke



"Minne um ulukka paa Solvang" står innhogge på ein stein på kyrkjegarden ved Førde kyrkje. Det var mellom klokka 1 og 2, natt til laurdag den 3. september 1910, den nye skuleheimen på "Søndfjords ungdomsskole" brann ned til grunnen. Seks menneske miste livet, - kona, fire born og svigermor til skulestyrar Rasmus Øvrelid. Minnesteinen står på grava deira.

"Søndfjords ungdomsskole" på Solvang i Førde før brannen 3. september 1910. Ungdomsskulen hadde frå starten i 1902 til 1910 halde til i leigde lokale i Naustdal. Huset var heilt nytt og familien Øvrelid var nettopp flytta inn då den fælslege ulukka hende.

"Søndfjords ungdomsskole" på Solvang i Førde før brannen 3. september 1910. Ungdomsskulen hadde frå starten i 1902 til 1910 halde til i leigde lokale i Naustdal. Huset var heilt nytt og familien Øvrelid var nettopp flytta inn då den fælslege ulukka hende.

Eigar: I Frå Indremisjonssoga i Sunnfjord.

Datering: 1910.

Fotograf: Postkort, truleg Fauske.

Dei omkomne

På framsida av steinen står øvst eit krossmerke og datoen 3/9 1910, deretter namna på dei omkomne:

JAKOBINA ØVRELID 8/2 79

SVANHILD 1/11 03

ELLBJØRG 2/2 05

JORUNN 19/4 07

RAGNHILD 5/8 09

SKALOTTA KVASNES
 

KJÆRT ER MINNET

Tre born og ei kvinne omkom i brannen. To til døydde kort tid etter, det yngste barnet same dagen og mor til borna, Jakobina Øvrelid, den 10. september. Fru Øvrelid gjekk høggravid og fødde om kvelden dagen etter brannen ein son.

Rasmus Øvrelid var bortreist. Han var på talarferd på Stadlandet.

I kyrkja to dagar seinare

Ein mann i Førde sende brev om ulukka til Fjordenes Blad på Nordfjordeid. Han skreiv mellom anna om samling i kyrkja søndag etter tragedien:

"Sundag etter branden var der preike i Førde. Veret var fint, solskinn og linn sunnanvind, so smaafuglarne kvitra og leika i skogatopparne. Men det var liksom det kvilde ei tyngsle over det heile. Det var mykje kyrkjefolk baade gaa-ande og køyrande. Alle var tunglynde og aalvorsame. Det var litt samrøda av og til, men so underleg stilt og døyvd. Daa kyrkjeklokka kalla, fyltest kyrkja snart. Folket gjekk varsamt og stilt frametter golvet og tok sine gamle, kjende plassar. Mest alle var klædde i svart."

Gravferdsdagen

Fredag vart det yngste barnet og dei tre borna som brann inne gravlagde. To kister stod framme i ei fullsett kyrkje. Prost Landmark heldt ein hjartevarm tale, "og det var ei kyrkjeleg handling som ingen som var tilstades vil gløyma", fortalde brevskrivaren til Fjordenes Blad. "Alle gret."

Under jordfestinga kom det bod til Øvrelid at han måtte koma til kona si. Han gjekk straks, saman med dei to sønene sine. Fru Øvrelid låg for døden. Ho døydde tidleg om morgonen dagen etter.

Jakobina Øvrelid vart gravlagd 14. september. Same dagen vart sonen ho fødde to dagar etter brannen døypt.

Heldt fram

"Det maatte i isandhed være et tungt budskap at motta", skreiv bladet Nordfjord. Skulestyrar Rasmus Øvrelid miste seks av sine næraste og alt han åtte. Eit nytt skuleår stod for døra og ungdomsskulen stod utan hus. Korleis var det råd å sjå framover - for familiefaren, skulestyraren og skulen?

Rasmus Øvrelid greidde det. Mange kom straks til med hjelp. Han fekk "kjenna varmen av gode tankar, bøner og hjelpsemd". Det vart teke opp offer til dei skadelidne i kyrkja. Det vart oppmoda om å hjelpa gjennom avisene. Ved lærarskulen i Volda, der Øvrelid hadde vore elev og lærar, samla dei inn pengar, og fleire aviser laga innsamling.

Formannen i styret for skulen, kyrkjesongar A.M. Erdal, melde midt i september at skulen skulle haldast i leigde lokale og at Øvrelid skulle halda fram som styrar. Samstundes stadfesta Øvrelid dette, og orienterte om praktiske åtgjerder. Til slutt takka han:

"Med det same eg skriv dette um skulen, lyt eg faa lov til aa bera fram hjarteleg helsing og takk til alle som hev kome meg ihug og synt meg samhug og kjærleik i denne tunge tid. Hjarteleg takk fraa meg og mine."

Telegram om skulen

Ingeniør Haugen ved aluminiumsfabrikken i Stongfjorden var ungdomsskuleven. Han sende telegram til ungdomsskulen:

"Deltar hjertelig i deres sorg over tapet av ungdomsskolen. Fat endnu mod til at bringe den store sag frem. Søndfjord har ikke råd til at miste sin ungdomsskole. Kundskab er bedre end penger."

Ungdomsskulevenene fatta mot. Ny skuleheim vart teken i bruk året etter!

kjelder:

Frå Indremisjonssoga i Sunnfjord. 1965.
Sunnfjord Ungdomsskule Solvang 1902-1952. 1952.
Fjordenes Blad. 14.09, 21.09, 22.09.1910.
Nordfjord. 06.09, 08.09,13.09.1910.