Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. februar 2001

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Rå-data

Minnestein om ulukke på vegen Voss-Gudvangen



Ein julidag i året 1896 for ein hesteskyss med 3 menneske utfor vegen og ned i Oppheimsvatnet. To amerikanske turistar drukna. Fjorten dagar seinare kom den svensk/norske kongen Oscar II forbi på veg til Sogn. Han stogga på ulukkestaden og høyrde om den tragiske ulukka. Kongen vart så gripen at han ba amtmann Worsøe i fylgjet sitt om å reisa ein minnestein.

Minnestøtta ved Oppheimsvatnet sett mot nordaust like etter at ho vart reist hausten 1896.

Minnestøtta ved Oppheimsvatnet sett mot nordaust like etter at ho vart reist hausten 1896.

Eigar: I Folkebladet 15.01.1897.

Datering: 1896.

Fotograf: Ukjend.

Ved Oppheimsvatnet

Minnesteinen om dei to amerikanske turistane, lokalt også kalla "Amerikanarsteinen", står i dag ved enden av ei busslomme ca 2 km nordaust frå kyrkja på Oppheim. Opphavleg stod han på ulukkestaden, ca 500 m lenger innmed vatnet. Ei vegutviding gjorde at steinen måtte flyttast til den næraste, mest høvelege staden. No kan folk køyra til sides, og sjå nærare på denne særeigne minnesteinen.

Minnestøtta på ein vinterskveld.

Innskrifta

Den vel 2 meter høge minnsteinen i ein lys bergart ved Oppheimsvatnet har innskrift på to sider. På framsida står: MR & MRS * DANIEL D. YOUMANS * FRA * NEW YORK * FANDT DØDEN * VED ET ULYKKESTILFELDE * DEN 4. JULI 1896 * GUD VÆRE DERES SJELE * NAADIG . På baksida: OSCAR DEN 2DEN REISTE DENNE MINDESTØTTE

Portrettbilete av Oscar II.

Karjolskyss Voss-Stalheim-Gudvangen

På slutten av 1800-talet voks det fram ei betydeleg turistferdsle mellom Voss og Sogn. Svensken Albert Patterson bygde opp eit stort og moderne hotell på Stalheim og det segla turistskip inn Sognefjorden og Nærøyfjorden til Gudvangen. Mellom Gudvangen og Voss reiste turistane med hesteskyss, og ein reknar at det til sine tider var eit par hundre skyssvogner i fart. Somme vogner hadde berre ein passasjer, andre to. Passasjerane var overbreidde frå setet og framover som vern mot støv og skit og for betre å halda varmen. Kusken hadde sessen sin bak på vogna.

Bilete av eit postkort som viser karjol med hest, ein passasjer og skyssgut.

Ulukka

Det var ein karjol dei sat i Mr. og Mrs Youmans frå New York den fatale dagen 4. juli 1896. Ekteparet fylgde interessert med på det som var å sjå langs vegen, og tok frå tid til anna bilete. Eit stykke på vegen ved Oppheimsvatnet vart frua var ein kløvhest eit lite stykke oppi bakken. Ho bad skysskaren om å stogga og snu hesten slik at ho kunne få ta bilete utan å stiga av. Hesten vart på denne måten ståande på tvers av vegen, og enden av vogna snudde rett mot vatnet. Under fotograferinga vart hesten avskremd og rykte bakover med den fylgje at kjerra med dei reisande fòr nedover skråningen og ut i det brådjupe vatnet. Skysskaren greidde såvidt å berga seg, men begge turistane og hesten gjekk under og drukna.

I rettslege avhøyr etterpå vart det konkludert med at ingen kunne lastast. Ulukka var eit hendeleg uhell. Ein mann som melde om ulukka i lokalbladet Hordaland like etter, hadde derimot eit heilt anna syn. Han meinte at når turistar ba om så risikable tenester, var det kusken si plikt å seia frå, og om nødvendig nekta.

Oscar II kom forbi 2 veker etterpå

Fjorten dagar seinare kom det eit kongeleg reisefylgje same vegen. Oscar II var på veg frå Voss til Stalheim på ei Noregsreise som tok til frå Gøteborg 10. juli. Han hadde venteleg høyrt om ulukka under opphaldet på Voss, og no ynskte han å stogga på ulukkestaden. Gardbrukaren I. Løen på næraste gardsbruket møtte kongen og fortalde om ulukka. Han synte også kongen ein trekross han hadde sett opp. Oscar II vart så gripen av det han høyrde og såg at han steig ut or vogna si, batt eigenhendig ein bukett av blomane som pynta den kongelege vogna, og festa den til trekrossen. Samstundes ba han amtmann Worsøe i fylgjet sitt om å syta for at det på kongens bekostning blei sett opp ein minnestein på ulukkestaden.

Stykke i Folkebladeteit halvt år seinare

Folkebladet hadde eit stykke om hendinga i januar 1897. Bladet melder at støtta er komen på plass, og sluttar stykket sitt med at monunmentet er eit vakkert minne, ikkje berre om dei omkomne amerikanarane, men og om "det kjærlighedsrige Hjerte, der befalede dets Reisning," - Oscar II.

Oscar II gjennom Sogn og Fjordane

Etter stoggen ved Oppheimsvatnet heldt det kongelege fylgjet fram til Stalheim Hotel for overnatting. Morgonen etter, den 18. juli, gjekk turen til Gudvangen der kongeskipet "Heimdal" låg og venta. På vegen ut Sognefjorden var båten oppunder Leikanger der amtmann Olsen ga frukost i fylkesmannsgarden. Fylgjet var og innom Vik før ferda gjekk til Nordfjord der det var utferder til Oldenvatnet og Strynsvatnet, og der kongen og var tilstades på ei gudsteneste i Olden kyrkje. På vegen ut fjorden var "Heimdal" innom Nordfjordeid for kongeleg inspeksjon av "Fjordenes Korps" på eksisplassen. Neste stogg var Geiranger på Sunnmøre.

Bilete av rekninga frå Oscar II og fylgjet hans' overnatting på Stalheim Hotel.

Bilete av tekst frå rekninga med mykje eigenreklame.

kjelder:

Folkebladet. Kristiania. Nr 1. 1897.
Det svenske riksarkivet:
Dokument i Slottsarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR