Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. mars 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Varde i Oldeskardet til minne om unionsoppløysinga



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om ein varde i Oldeskardet. Han vart reist på ei stemna i 1905 ei veke før folkerøystinga 13. august. Varden er på ein særskild måte ein minnevarde om unionsoppløysinga.

Frå stemna i Oldeskardet 1962. Av ein eller annan grunn var det lite folk frå Stardalen dette året. Varden dei bygde i 1905 viser på biletet. Han er korkje imponerande stor eller forseggjort, men så vart han då også sett opp nokså spontant ved at kvar fann sin stein og bar på plass.

Frå stemna i Oldeskardet 1962. Av ein eller annan grunn var det lite folk frå Stardalen dette året. Varden dei bygde i 1905 viser på biletet. Han er korkje imponerande stor eller forseggjort, men så vart han då også sett opp nokså spontant ved at kvar fann sin stein og bar på plass.

Eigar: Olav Kvame

Datering: 1962

Fotograf: Ukjend.

Stemnefolket bygde varden

Fjordenes Blad hadde 4. august 1905 reportasje om ei stemne på det høgaste i Oldeskardet (vel 1100 m o.h.) mellom Oldedalen i Stryn og Stardalen i Jølster. Dette var berre ei veke før det skulle haldast folkerøysting. Stemnefolket kom på at dei skulle byggja ein varde, og straks dei var ferdige, steig ein mann opp på varden. Han heldt ein manande tale om folkerøystinga som stod for døra, den 13. august, då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.

Fjordenes Blad fortel

Slik står det i Fjordenes Blad:
"Om faa minutter stod varden færdig. Flere større stene blev dels baaret og dels rullet op paa en høide. Ogsaa en hel del af kvinderne, vistnok de fleste, bragte sin sten til varden. Da varden var færdigbygget, blev den straks brugt som talerstol, idet Lars Bruvold steg op paa den og i en tale sammenlignet de stene, der med saa stor iver og hurtighed var bragt til denne varde, med de klare "ja", som næste søndag vil bringes til den folkeafstemningens store varde, der skal staa i alle historiens tider som et minde for den ganske verden om, hvad Norges enige og trofaste folk har villet i dette vor histories vigtigste og høitideligste øieblik.

Og ligesom denne varde, der nu stod bygget der paa fjeldet, vilde ogsa folkeafstemningen den 13de august 1905 blive samlingens og broderlighedens mindesmerke. Alle maatte bringe den hilsen hjem og videre udover, at enhver, som den 13de august svarede "nei" bare vilde hjælpe til at fremkalde krigen. Om nogen kommer til at svare nei, vil grunden dertil kun være uvidenhed eller mangel paa oversigt."

Det fyrste av mange fjellstemne

Fjellstemna i Oldeskardet i 1905 var det fyrste av årvisse stemne. Emmissær K. A. Øgaard fortel i eit attersyn i 1918 (truleg Fjordenes Blad) både om den fyrste stemna og stemna seinare. Føremålet var at folk frå begge dalføra skulle møtast til stemne med kristeleg innhald og læra kvarandre å kjenna. Stemna kom i stand på ei talarferd som Øgaard hadde til Oldedalen i 1904 i samråding med Anders E. Møkløen.

Skrin

Øgaard fortel i attersynet i 1918 at det no var planar om å laga eit skrin til å setja inn i varden, der det kunne leggjast inn "skrivelser" slik at etterslekta kunne få kunnskap om "traditionen om stevnet og varden." Skrinet skulle gjerast ferdig til stemna i 1918, og det skulle ordnast med eit sementstøypt rom til skrinet inne i varden.
Det gjekk ikkje heilt etter planane. Det vart laga skrin, men ikkje oppbevaringsrom. Dei kom fram til at både skrin og "skrivelser" (ei stemnebok) i alle høve ville verta øydelagde i ein varde så høgt til fjells. Men skrinet er teke vare på og det har opp gjennom åra vore notert for kvart stemne, slik at "efterslegten" er sikra historisk kunnskap.

Hundreårs-markering

Varden i Oldeskardet er ikkje berre eit minnesmerke knytta til ei tradisjonsrik stemne "av kristelig indhold". Varden er óg eit minnesmerke om unionsoppløysinga. Øgaard er også inne på dette i attersynet sitt. Han nemner at ingen hadde aning om at det skulle verta ei folkerøysting då dei planla det fyrste stemnet. Det var reine slumpetreffet at stemna også skulle få eit nasjonalpolitisk innhald. - "Dette", seier Øgaard, "vil gjøre stedet og stevnet til et mindesmerke om den store sak [unionsoppløysinga og folkerøystinga 13. august]"

Sommaren 2005 skal det haldast minnestemne, både om den fyrste stemna og om unionsoppløysinga. Men sidan ingen kan tinga "godt og tenleg ver", og det alltid er risiko for avlysing, skal 2005-stemna haldast i Stardalen. Det er venta mykje folk og biskopen i Bjørgvin skal vera med.

kjelder:

Fjordenes Blad. 04.08.1905.
Stevne i Oldenskardet (Aamotsdalen). Truleg i Fjordenes Blad. 1918.
Fjordingen. 16.02.2005.
Opplysningar frå Olav Kvame, Stryn.
Møtebok for fjellstemna 1918.

PERMANENT IDENTIFIKATOR