Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2001

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Rå-data

Bautastein over falne i sjøslag ved Alvøen 1808



Ved Korskyrkja i Bergen står ein bautastein over fem marinegastar som fall i kamp mot eit engelsk krigsskip i 1808. To var sogningar. Minnesteinen vart avduka 16. mai 1893.

Den britiske fregatten "Tartar" var med på blokaden av Norge i ufredsåra 1807-1814. Her er krigsskipet i kamp med "bergenske" kanonbåtar utanfor krutverket på Alvøen ved Bergen i 1808.

Den britiske fregatten "Tartar" var med på blokaden av Norge i ufredsåra 1807-1814. Her er krigsskipet i kamp med "bergenske" kanonbåtar utanfor krutverket på Alvøen ved Bergen i 1808.

Eigar: I Libæk, Ivar og Stenersen, Øivind: Norges Historie fra istid til oljealder. Oslo 1995.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Målar: Ukjend.

Trefninga ved Alvøen

I midten av mai 1808 kom den engelske fregatten "Tartar" inn mot Bergen. Skipet hadde 40 kanonar og stort mannskap. Det bergenske sjøforsvaret sende ut fire kanonjollar og ein sjalupp for å gå til åtak. I trefninga ved Alvøen den 16. mai beit den norske styrken så godt frå seg at fregatten fann det tryggast å trekkja seg unna.

Bilete av bautasteinen.

Bautastein over fem menn

Under kampane miste fem mann livet. Dei blei gravlagde på kyrkjegarden ved Korskyrkja. Den 16. mai 1893 vart det under stor høgtid avduka ein bautastein på grava deira. På framsida står fylgjande namn:
JENS HANSEN * :KJØBENHAVN: * TORBJØRN KNUDSEN * :SOGN: * GUTTORM HAUGLAND * :VAAG: * JOHAN BEUM * :LEIRDAL: * LARS ANDERSEN * :DROTNINGEVIK:

Feil i innskrifta

Kort tid etter at steinen var reist, blei det gjennom bergensavisene påvist at Guttorm Haugland ikkje var frå Wang, men frå Waag nær Bergen, og innskrifta blei retta. Seinare oppdaga major Per Tang ein feil til. Johan Beum var slett ikkje frå Lærdal, men frå Hafslo. Den feilen blei aldri retta. Det står framleis at Johan Beum var frå "LEIRDAL."

Bilete av innskrifta til bautasteinen.

Sogningane

Det lukkast ikkje Per Tang å finna ut noko nærare om kvar Torbjørn Knudsen kom frå i Sogn. Derimot fann han ein god del opplysningar om Johan Beum.

Johan Larsen Beum var fødd på plassen Krabbehaugen under Beheim i Hafslo og døypt med namnet Joen i Hafslo kyrkje 24. september 1781. Foreldra var husmann Lars Johansen Krabbehaugen og Ingebor Paulsdotter. Lars døydde våren 1783 og etterlet seg kone og 6 born. Ein veit ikkje noko sikkert om korleis det bar til at Jon (Johan) blei "marinegast" i den bergenske "sjødefensjonen" (sjøforsvaret), men mest truleg verva han seg.

Blokade og uår

Danmark/Noreg heldt seg lenge nøytralt i Napoleonskrigane, men kom i 1807 med i Napoleon-alliansen. Landet kom straks i krig med England og frå mars 1808 også med Sverige. Krigstilstandet med England ga seg utslag i sjøblokade, - "engelske krydsere stengte hver havn". Landet fekk ikkje inn nødvendige kvanta korn, og attåt var både 1807 og 1808 fæle uår. Ibsen har i diktet "Terje Vigen" skildra lagnaden til ein familie desse ekstremt harde åra.

Bilete av bautasteinen på avstand.

kjelder:

Tang Per: Sogninger faldne i kampen ved Alvøen 16. mai 1808. I Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn. Nr. 1. Bergen 1910.
Vårt folks historie. Bind 5. Oslo 1963.

PERMANENT IDENTIFIKATOR