Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. mars 2007

Sist oppdatert 19. februar 2019

Kategori

Kommune

Gulatingsminnet - Arbeidet for å reisa minnesmerke 1910-1940



Tusenårsstaden Gulatinget på garden Flolid i Gulen vart offisielt opna laurdag 27. august 2005. Monumentet Tingveggen og Tinghella av kunstnaren Bård Breivik står både som minne og markering av Gulatinget. Det var stortingspresident Jørgen Kosmo som stod føre den høgtidlege opninga. Med dette var eit nær hundre år langt arbeid for å reisa eit Gulatingsminne kome til ende. Denne artikkelen handlar om arbeidet for å reisa eit minnesmerke om Gulatinget i åra 1910-1940.

Gulatingsminnet 2007. Monumentet Tingveggen og Tinghella av kunstnaren Bård breivik vart i 2005. Det står både som minne og markering av Gulatinget.

Gulatingsminnet 2007. Monumentet Tingveggen og Tinghella av kunstnaren Bård breivik vart i 2005. Det står både som minne og markering av Gulatinget.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Opptakt

Det byrja sommaren 1910. På ei ungdomslagsstemna i Eivindvik tok Otto J. Midttun til orde for å reisa eit minnesmerke om det gamle Gulatinget. Stemnefolket slutta opp om ideen. Det vart jamvel samla inn kr. 33,37 til det påtenkte minnesmerket. Seinare skreiv Midtun ein artikkel om saka i Sogns Tidende. Tanken var at så snart det var kome inn nok pengar, skulle det veljast ei nemnd til å stå føre arbeidet med å reisa minnesmerket. Men pengane let venta på seg. Midtun hadde venta større oppslutning. I august 1912 stod det ikkje meir enn vel 60 kroner på bok i Gulen Sparebank. Den største enkeltsummen, kr. 17,55, var frå ungdomslaget Gula i Austgulfjorden.

Nemnd i arbeid

Frå 1912 skjedde det lite. Kontoen i banken viser ingen bevegelse. Først i 1917 kom det fart i arbeidet. Då kom leiaren i Historielaget for Sogn, godseigar G.F. Heiberg på Ambla og den historieinteresserte bankmannen Anders Skåsheim frå Balestrand saman til fyrste møte i "Arbeidsnemndi fyr Minnesmerke um Gulating". Det låg føre brev frå Gulen kommune med melding om at Otto J. Midtun og Karl L.G.Birknes (seinare kjend under namnet Karl Gåta) var valde som medlemmer til nemnda, og at kommunestyret hadde løyvd 200 kroner til arbeidet. Nemnda konstituerte seg sjølv med Heiberg som formann, Skåsheim som nestformann og sekretær, Midtun som kassastyrar og Birknes som hjelpesmann. Nemnda hadde behov for samarbeid med sakkunnige, og vende seg i fyrste omgang til professor Haakon Schetelig, skulestyrar Bendix Edvard Bendixen, professor Nikolaus Gjelsvik (rettsvitskapsmann) og professor Halvdan Koht (historikar og poltikar). Seinare kom dei i kontakt med andre óg.

"et værdigt mindesmerke"

Oppgåva til arbeidsnemnda var å få reist eit minnesmerke til minne om Gulatingslova og Gulatinget. Finansieringa skulle ordnast ved ei brei innsamling. Det ser ut til at dei hadde eit heller stort minnesmerke i tankane. Hjelpesmannen Karl Birknes noterte nemleg fylgjande i dagboka si 29. mai 1919:

".. jeg er ogsaa enig i at vi reiser et værdigt mindesmærke, for en saa stor landsdel som det gamle Gulatingslagdømme, da en bautasten er saa almindelig nu, at den neppe kan betraktes som noget værdigt minde om Gulatinget. Som indskrift paa mindet skal jeg foreslaa følgende: Til Minne um Gulatinget. Røyst anno 19.."

Legg merke til at sjølv om Karl Birknes på denne tida brukte bokmål i dagboka si, ville han ha landsmål i innskrifta på minnesmerket.

Mange meiningar om tingstaden

Men før det kunne reisast noko minnesmerke måtte det avgjerast kvar minnesmerket skulle stå. Det synte seg snart at arbeidsnemnda fekk meir arbeid med spørsmålet om kvar den gamle tingstaden hadde vore, enn med korleis minnesmerket skulle sjå ut. Dei hadde ikkje mindre enn fire stader å velja mellom: på garden Stemnebø, på garden Flolid, i Midtunvågen eller ved kyrkja i Eivindvik. Eit par andre stader var óg nemnde. Mange hadde sterke meiningar. Heilt frå prost Dahl prøvde å finna svaret i 1820-åra, hadde det vore sagt og skrive mykje om tingstaden, utan at det hadde kome fram handfaste prov for eitt av alternativa framfor dei andre.

Arbeidsnemnda tok nå fatt i lokaliserings-spørsmålet med stor tyngd. Dei heldt møte i Gulen, rådførte seg med sakkunnige, reiste på synfaring og høyrde på kva lokalkjende folk hadde å fortelja.

Gjekk inn for Evindvik

Etter eitt år med omfattande granskingsarbeid gjorde nemnda - saman med "herrane" Jakob Aaland (bygdebokskrivar), Just Bing (statsarkivar) og Magnus Olsen (filolog) o.fl. - vedtak om at ingen av dei fire tre stadene peika seg ut som sjølvskriven stad. Nemnda måtte gjera eit val. Dei rådde til å reisa minnesmerket i Eivindvik som midtstad i den "bygda Gulating heiter etter". Nemnda vona no at folk ville slutta seg til synsmåtane deira, - hvis ikkje, ville det verta vanskeleg å reisa minnesmerket. Folket måtte stå samla. Etter dette var det neste steget å starta innsamlinga. Heiberg skreiv utkast til innbydingsbrev.

Usemje om stadvalet

Det blei med utkastet. Folket samla seg slett ikkje om Eivindvik-alternativet. Overskrifta på eit stykke i Sogningen 10. juni 1919, talar sitt tydelege språk: "Kampen om Gulatingstedet. Nu maa det bli forsoning og arbeid." Det er svært beklageleg, meiner innsendaren, "at der nu er bluset op regulær krig" om eit spørsmål sakkunnige folk etter beste evne og vilje hadde kome fram til det var uråd å svara eintydig på. Det hjelpte lite. "Krigen" heldt fram, ikkje minst i avisene. Arbeidsnemnda kom ingen veg. På eit møte i januar 1923 kom dei til at det ville vera "gagnlegt" om kommunestyret kunne koma med fråsegn til støtte for Eivindvik.

"ga op"

Arbeidet til nemnda stoppa opp. Siste møtet vart halde 15. januar 1923. I eit stykke i Sogningen fleire år seinare oppsummerte formannen i nemnda, G.F. Heiberg, med desse orda: "Historielaget [for Sogn] tok i sin tid initiativet til reise et [..] minnesmerke der ute, men ga op, da man i bygden var høist uenig om hvor tingstedet hadde ligget."

Ideen levde

Sjølv om den første freistnaden mislukkast, levde håpet og tanken om eit Gulatingsminne. Nokre gjorde jamvel meir enn å håpa og tenkja, og det var ei stor oppmuntring då kong Haakon VII vitja bygda i 1936. Professor Olav Midtun (filolog) tala frå Lovseiingsberget om bygda si tilknytning til soga og Gulatinget, - så "varmt og inderleg, at kongen måtte opp med lommeduken og tørka augo, " skreiv Gula Tidend.

Gulatingstemna 1938

I julenummeret til Gula Tidend 1937 tok redaktør Agnar Skeidsvoll til orde for å skipa ei Gulatingstemne i Eivindvik sommaren 1938. Det vart gjort, og med godt resultat. Mellom 4 og 5000 menneske var tilstades. Stemna var godt førebudd og stemnenemnda med Skeidsvoll som formann, kunne by på eit rikhaldig program. Rettsvitskapsmannen Knut Robberstad heldt tale om Lov og samfund i sogetidi, Arne Bjørndal song Gulatingvisa frå Eksingedalen og ei teatergruppe framførde skodespelet Eigils arvesak stod på Gulatinget 934.

Innsamling

Den særs vellukka Gulatingsstemna synte att på kontoen for Gulatingsminne i Gulen Sparebank. Inneståande sum voks frå vel 700 kroner i januar 1938 til .. ved utgangen av året. På stemna hadde folk kunna kjøpa eit hefte om Gulatinget til inntekt for minnesmerke. Det såg lovande ut. Men så kom krigen og skipla på alt, også arbeidet med å reisa eit Gulatingsminne.

Arkiv etter den første nemnda

I 1960 vart det skipa ei ny arbeidsnemnd, nær 40 år etter at den første "arbeidsnemndi" gav opp og pakka saman arkivet sitt som bestod av ein rikhaldig bunt med møtereferat, brev, fråsegner og framfor alt avisutklypp.

Arkivet etter "Arbeidsnemndi fyr Minnesmerke um Gulating" inneheld møtebok for nemnda, brev frå fleire aktørar: Just Bing (statsarkivar), R.E. Bendixen (arkeolog), Gulen kommune, Karl Gaata (lokalhistorikar), Andreas Lavik (indremisjonsmann og redaktør) med fleire. Breva ligg i omslag ordna i alfabetisk rekkefylgje. Vidare er det tre dokumentomslag med avisstykke signerte av fleire innsendarar. Endeleg er det og trykt program for Gulatingstemna 1938 i materialet.

kjelder:

Sogningen 10.06.1919.
Kleppa, Hermund: Minnesmerket det ikkje vart noko av. I Kjelda. 3-2000.
Midtun, Magnor: Gulatingsminne. 5. sider, 2003.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Karl Gaata-arkivet.
Skåsheimarkivet: Arkiv etter Arbeidsnemnd for Gulatingsminne.