Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. februar 2013

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Minnestein over Jakob Sæthre – skulepioner frå Breim



Psykisk utviklingshemma born på Vestlandet fekk sin første spesialskule i 1882. Jakob Sæthre frå Breim i Sogn og Fjordane starta skulen i Bergen. Skulen er no ein del av Statped Vest, ei statleg verksemd som gjev spesialpedagogisk støtteteneste. Statped Vest – Eikelund med adresse Paradis i Bergen, er vidareføring av tidlegare Eikelund off. spesialskole, grunnlagt 1882 som «Sæthres institutt for aandsvage Børn». Det står ein minnestein over grunnleggjaren i parken på området.

Minnesteinen over Jakob Sæthre står i skråningen framfor hovudbygningen på Statped Vest - Eikelund. Bygningen står på same staden som tidlegare "Sæthres Institut for aandssvage Børn", bygd 1997, riven 1970.

Minnesteinen over Jakob Sæthre står i skråningen framfor hovudbygningen på Statped Vest - Eikelund. Bygningen står på same staden som tidlegare "Sæthres Institut for aandssvage Børn", bygd 1997, riven 1970.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

I parken

Dei første åra heldt skulen til i leigde lokale på Damsgård. I 1884 kjøpte Sæthre gardsbruket Eikelund under Tveiterås i Fana. Der han bygde skule for 120 elevar. Bygningen stod ferdig og vart teken i bruk i april 1887. I 1970 vart bygningen riven og erstatta med mindre bygningar. Framleis står to hus av eldre dato. Minnesmerket over grunnleggjaren står i skråninga ned frå det som i dag er hovudbygning på Statped Vest – Eikelund.

På sokkel

Jakob Sæthre-minnesmerket er ein portrett-skulptur på prismeforma sokkel. Bysta har blikket retta utover frå hovudbygningen. På framsida står innhogge JAKOB SÆTHRE. Skulpturen er signert «Sophus Madsen 1915». Før 1970 hadde Jakob Sætre på sokkel den ruvande bygningen frå 1887 i ryggen. På eit felt under gesimsen på midtpartiet stod skrive med store bokstavar: SÆTHRES INSTITUT FOR AANDSSVAGE BØRN

Tidsline

  • 1854 fødd 12. juli, i Breim, son til landhandlar og bonde Peder Sæthre.
  • 1873 eksamen frå Stord Seminarium (lærarskule)
  • 1874 huslærar hjå godseigar Undal på Valen
  • 1875 styrar ved Rosendal-baroniet sin private ungdomsskule
  • 1877-1878 studerte språk ved Gainsford Academy i England
  • 1878-1880 stipendreiser til heimar for psykisk utviklingshemma i England
  • 1880-1883 lærar ved «Anstalten for aandsvage Gutter» i Kristiania
  • 1881 lov om skular for abnorme
  • 1882 starta eigen skule med offentleg tilskot «Sæthres Institut for aandsvage Børn».
  • 1884 kjøpte Ekelund gard i Fana, bruk under garden Tveiterås
  • 1887 nytt skulebygg ferdig, offisielt innvigd av biskop Hvoslef 27. mai
  • 1898 kjøpte heile garden Tveiterås
  • 1901 skulen overteken av Staten, nytt namn «Ekelund Offentlige Aandssvageskole»
  • 1902-1916 skipa og dreiv Tveiterås pleiehjem
  • 1910 søkte avskil på grunn av helsa
  • 1921 døydde 9. februar, gravlagd ved Birkeland kyrkje, Nesttun

Utmerkingar:

  • 1910 St. Olavs Orden av 1. klasse
  • 1904 Den svenske Vasa-ordenen

 

kjelder:

Bergheim, Jann: Jakob Sæthre – ein skulepioner frå Breim. I Ljøren. Sogeskrift for Gloppen. 2007.