Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Språk

Sunnfjord folkehøgskule - minnestein over føregangsmann



Sunnfjord folkehøgskule i Førde byrja i Naustdal i 1902. "Ungdomsskolen i Søndfjord" var overskrifta i ei kunngjering i desember 1901. Thorbjørn Horten (1844-1927) har blitt kalla far til skulen. Han var fødd i Aurland, men budde heile sitt vaksne liv i Sunnfjord, frå 1872 på garden Staviki i Stavang. I 1929 vart han heidra med minnestein.

Seinhaustes 1901 hadde styret for den nyskipa "Ungdomsskolen i Søndfjord" annonser i fleire aviser. Det vert opplyst at skulen skal ta til 9. januar 1902, at cand. theol. Langvand skal vera styrar, og det vert gjort greie for fag og undervisning. Skulepengane er fem kroner pr. månad. (Søndjords Avis, 07.02.1902.)

Seinhaustes 1901 hadde styret for den nyskipa "Ungdomsskolen i Søndfjord" annonser i fleire aviser. Det vert opplyst at skulen skal ta til 9. januar 1902, at cand. theol. Langvand skal vera styrar, og det vert gjort greie for fag og undervisning. Skulepengane er fem kroner pr. månad. (Søndjords Avis, 07.02.1902.)

Minnestein på grava

Minnesteinen over Thorbjørn Horten står på grava hans ved Stavang kyrkje. Det er ein kring fire meter høg stein. Øvst er uthogge ein kross og under er sett inn eit relieff.

Under relieffet står:

THORBJØRN * HORTEN * 26-2-1844 * 9-2-1927

På baksida står ovanfrå og ned:

REIST AV VENER 1929 

Ved foten av steinen står ein plakett over kona hans. Det står:

Janikke Horten, født Bakke * 21/7 1852 - 21/3 1935

Fødd og oppvoksen i Aurland

Thorbjørn Horten vart fødd 26.02.1844 i Aurland. Han voks opp på den for lengst nedlagde høgdegarden Horten på kring 500 moh. Garden ligg på austsida av Aurlandsfjorden omtrent rett aust frå Beitelen der Aurlandsfjorden deler seg. Thorbjørn synte tidleg gode evner og stor lærehug. Etter konfirmasjonen fekk han rettleiing i skulearbeid og fekk prøva seg som hjelpelærar og lærarvikar.

Gjekk lærarskule i Balestrand

Sokneprest Allum fekk kjøpmann Brun på Aurlandsvangen til å hjelpa Thorbjørn Horten til å fylgja eit "lærer-lærlingekurs" hjå lærar Nesheim i Luster. Då Næsheim vart sjuk, vart dei åtte elevane hans flytta over til lærarskulen i Balestrand. Det var i januar 1863 og det var fyrste kullet på "Balestrands lærerskole". Teologisk kandidat Didrik Seip var styrar og han var til mykje hjelp for Horten. "Han vann på denne tida gjennom til medvite kristenliv," står det i ein personomtale. I tida på lærarskulen, frå januar 1863 til sommaren 1864, vart Thorbjørn Horten også gripen av målsaka og fråhaldssaka.

Til Sunnfjord

Etter lærareksamen våren 1964 var han ei kort tid konstituert hjelpelærar hjå klokkar Liljedahl i Leikanger til han same året søkte lærarpost i Sunnfjord og vart tilsett i posten for Rivedal, Straumsnes og Tyssedal krinsar i Fjaler kommune (namnet var Ytre Holmedal i åra 1837-1912). Her var han lærar i seks år.

Han budde ei tid i heimen til ordførar O.M. Bakke som han også lærde mykje av. Her møtte han henne som skulle bli kona hans, den åtte år yngre dottera, Janikke O. Bakke. Dei gifta seg i 1872.

Tanken om kristeleg ungdomsskule

I 1871 tok Jens Rolfsen til med folkehøgskule i Dale. Skulen fekk kort levetid, berre tre fire år. Thorbjørn Horten fylgde interessert med, og det var no tanken om ein skule med særleg kristeleg føremål for konfirmert ungdom vakna for alvor. Horten skal vera den fyrste i Noreg som tok opp arbeidet for denne greina av folkehøgsskulen, skulane som brukte namnet ungdomsskule heilt til den niårige grunnskulen med barneskule og ungdomsskule kom på 1960-talet og "stal" namnet.

Klokkar ved Bru kyrkje - til Stavang

I ein alder av vel førti år vart han sjuk og måtte i 1890 slutta med lærararbeidet, men dreiv på med mangt og mykje elles.

Kunnig i mangt og arbeidsmaur

Thorbjørn Horten var interessert på eit breitt felt. Han var oppteken av folkehelse og kjende symptoma på dei fleste vanlege sjukdomane, lærde seg apotek-latin og arbeidde med oppskrifter på medisin av ymse slag planter. Han skreiv om lekmennene Anders Haave og Erik Venjumshola, om matskikk og barneoppdseding, om fråhaldssak og målsak. Han prøvde og å samla tankane sine om menneskelivet i skrifta Dagsnista. Berre bladstykke og boka om Anders Haave kom på prent.

Livsdraum vart røyndom

Men det var ungdomsskulesaka han brann for framom noko anna. På eit møte på Svanøy vart Horten og A. Tyvold sette til å leggja ein arbeidsplan. Dei kom til at det måtte skipast eit lag og det vart vald ei arbeidsnemnd. I 1892 vart Ungdomsvennernes Forening skipa og frå 1896 var A.M. Erdal formann i styret. Det vart etter kvart også skipa lokale arbeidslag, og frå 1897 gav foreininga ut bladet "Ungdomsvennen" med Horten som bladstyrar. Årsmøtet i Florø i 1901 vedtok å starta ungdomsskule.

No gjekk det snøgt framover. Den 9. januar 1902 vart "ungdomsskolen i Søndfjord" høgtideleg opna med stort møte i Naustdal kyrkje. Det er skrive at Thorbjørn Horten var så gripen og fylt av glede i kyrkja at han ikkje fekk fram eit ord - mannen som i skrift og tale, år etter år, hadde stått på for å koma i gang med ein kristeleg ungdomsskule. Ein livsdraum var gått i oppfylling.

Gravferd 1927

Ungomsskulen heldt den fyrste tida til i leigd lokale i Naustdal, men flytte sommaren 1910 inn i eigne lokale i Førde. Thorbjørn Horten var med i styret for skulen til 1918 og var seinare livsvarig heiderlagsmann.

Horten drog nå på åra. Han var ved nokså god helse då han runda 80 år i 1924, men så tok kreftene til å svikta. Føregangsmannen kunne ikkje vera tilstades då ungdomsskulen høgtida 25-års jubileet i januar 1927. Han døydde 2. februar 1927 og vart gravlagd på kyrkjegarden i Stavang. Ei stor folkemengd fylgde til grava.

Minnestein 1929

Olsokafta, 28. juli 1929 var ei endå større folkemengd samla ved grava til Thorbjørn Horten. Kring 1000 menneske var komne for å vera med på avdukinga av minnesteinen hans. Høgtida tok til med gudsteneste der Matias Orheim opna med bøn, og prestane Rolness og Steinsland gjorde teneste. Ullaland songkor gledde forsamlinga med fleire songar.

Matias Orheim heldt avdukingstalen. - Han tok til med å nemna den siste helsing han fekk frå Horten, skreiv Firda Folkeblad i omtalen sin, - nemleg meisteren sine ord: "Vert verande i meg". Etter avdukingstalen song Ullaland songkor Orheim si salme "Eg fann min gud i ungdomsvaar."

Nils Husetuft gav så steinen til Bru sokneråd som hadde gjeve plass og lova å vyrdsla og vara han.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtstidende. 11.01.1902, 04.02.1927, 02.08.1929.
Firda Folkeblad. 26.02.1924, 30.07.1929.
Solvang. Sunnfjord ungdomsskule 1902-1952. 1952.
Frå indremisjonssoga i Sunnfjord. 1965.