Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane-Hebridene - Minne i Stornoway om skipsforlis



28. juni 1904 forliste det danske emigrantskipet D/S Norge ved Rockall. 635 av 795 menneske omkom. Overlevande frå to livbåtar vart berga inn til Stornoway på Hebridene. På ei minnesamling i Stornoway, 28. juni 2004, vart det avduka ein minneplakett om den tragiske hendinga.

Minneplaketten om <i>Norge</i>-forliset, avduka i Stornoway, 28. juni 2004. I norsk omsetjing står: Den 28. juni 1904 gjekk DFDS Skandinavien-Amerika-Linjen sitt emigrantskip SS NORGE ned nær Rockall på veg til New York. 635 passasjerar og mannskap omkom og 160 overlevde. 105 av dei kom i land i Stornoway 4. juli 1904. Uheldigvis døydde 9 her. Den 28. juni 2004 møttest 30 etterkomarar av passasjerane i Stornoway for å markera hundreåret for denne tragedien til sjøs.

Minneplaketten om Norge-forliset, avduka i Stornoway, 28. juni 2004. I norsk omsetjing står: Den 28. juni 1904 gjekk DFDS Skandinavien-Amerika-Linjen sitt emigrantskip SS NORGE ned nær Rockall på veg til New York. 635 passasjerar og mannskap omkom og 160 overlevde. 105 av dei kom i land i Stornoway 4. juli 1904. Uheldigvis døydde 9 her. Den 28. juni 2004 møttest 30 etterkomarar av passasjerane i Stornoway for å markera hundreåret for denne tragedien til sjøs.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Skipskatastrofen ved Rockall i 1904

Det 3700 dw tonn store dampskipet Norge, bygd i 1881, var eitt av skipa til det danske rederiet Det forenede Dampskibsselskab (DFSD) si amerikaline. Skipet kunne etter regelverket frakta 800 passasjerar, og gjekk i rute København - Kristiania - Kristiansand - New York. På siste turen hadde båten 727 passasjerar og eit mannskap på 68. 405 reisande gjekk om bord i København, av desse 242 russiske jødar. I Kristiania kom 232 passasjerar om bord og i Kristiansand 90 passasjerar, av desse 10 frå Sogn og Fjordane. Skipet gjekk frå Kristiansand seint på kvelden, laurdag 25. juni. Det var tett og trongt om bord iNorge, og internasjonalt; - russarar, danskar, finnar, svenskar, nordmenn, amerikanarar, tyskarar og skottar.

Om morgonen 28. juni, kl. 07.45, rett før det skulle serverast frukost, skjedde det fatale. Skipet grunnstøytte på St. Helens reef (rev, grunne) 2 nautiske mil (1 nautisk mil=1852 m) nordaust for Rockall. Skipet kom av for eigen maskin, men byrja med ein gong å ta inn inn store mengder vatn forut. Kaptein Gundel gav straks ordre om å evakuera skipet. Det oppstod panikk og kaos og ein av livbåtane full av folk vart knust mot skutesida. Det største problemet var likevel at "Norge" hadde for liten livbåtkapasitet.

635 menneske miste livet. Det store tapet skuldast fyrst og fremst at skipet berre hadde livbåtkapasitet for 20 prosent av mannskap og passasjerar, men dårleg redningsberedskap og språkvanskar gjorde og sitt. Dessutan gjekk det lang tid før forliset vart kjent. Norge hadde ikkje fått installert trådlaus telegraf. Dei 160 overlevande vart etter kvart plukka opp frå fem livbåtar i dagane 29. juni - 5. juli og sette i land i Stornoway, Aberdeen, Grimsby og på Færøyane.

Nyhende i Sogn og Fjordane ei veke etter

I Sogn og Fjordane kom den fyrste meldinga om forliset 6. juli. "Frygtelig sjøulykke. Emigrantskibet "Norge" gaaet under" var overskrifta i Florø-avisa Nordre Bergenhus Amtstidende. Bladet hadde fått telegram klokka 10 dagen før, om ein trålar som var komen inn til Grimsby med 27 overlevande. Skipet hadde grunnstøytt og gått ned ved Rockall om morgonen, 28. juni. Åtte nordfjordinger og to sogninger var med. Berre "97 mennesker [av] 765" var berga. Avisa hadde slege opp "ulykkesbudskabet" i vindauga sine, og meldinga hadde vekt "stor bestyrtelse i byen."

Ni gravlagde i Stornoway

Etter kvart kom fleire detaljar om den grufulle katastrofen i blad over heile verda. 105 av dei overlevande kom i land i Stornoway. Eitt barn døydde før dei nådde land og 9 andre, åtte av dei born, døydde dei næraste dagane. Dei vart gravlagde på Sandwick Cemetry like ved Stornoway.

Ti frå Sogn og Fjordane

Det fyrste oppslaget i Nordre Bergenhus Amtstidende melde om 10 personar frå Sogn og Fjordane, to frå frå Sogn og åtte frå Nordfjord. Talet vart stadfest seinare. Sju var frå Kjølsdal. Alle hadde kjøpt billett gjennom rederiet sin agent i Bergen, og reist med kystruteskipet "Kong Oscar II" frå Bergen til Kristiansand. Berre to overlevde.

1. Johanne Arnesdotter Kjos, 16 år, frå Hafslo.
2. Nils Gjertsen Vikøren, 20 år, frå Vik, overlevde.
3. Mikkel Pedersen Tømmerstøl, 58 år, Kjølsdalen, gift med:
4. Anna Mikkelsdotter Tømmerstøl, 61 år, Kjølsdalen.
5. Rasmine Andrea Tømmerstøl, 15 år, dotter til nr. 3 og 4, budde i Kjølsdalen.
6. Anna Martine Tømmerstøl, 18 år, dotter til nr. 3 og 4, budde i Bergen.
7. Mathias Severin Thuesen Vingen, 29 år, budde i Bergen, gift med:
8. Martha Petra Mikkelsdotter Vingen, 25 år, dotter til nr. 3 og 4, budde i Bergen.
9. Josefine Karoline Jørgensdotter Humborstad, 15 år, Kjølsdalen.
10. Lasse Klemetsen Oppheim, 17, Innvik, overlevde.

Herman Wildenwey

Herman Portaas, seinare kjend som diktaren Herman Wildenvey, var ein av passasjerane på ulukkesskipet. Han var ein av dei 28 overlevande i livbåten som vert berga av fiskebåtenSalviaog tekne i land i Grimsby. Wildenvey skreiv seinare eit dikt om hendinga og meir i sjølbiografien Vingehesten og verden(1937).

Markering hundre år etter

På dagen hundre år etter forliset, 28. juni 2004, samlast 30 etterkomarar og andre slektningar til passasjerar påNorgetil minnemarkering i Stornoway. Dei kom frå Danmark, USA, England og Noreg. Tre av dei var etterkomarar etter Lasse Oppheim frå Stryn. Dessutan var mellom andre forfattaren av boka Titanic's Predecessor - the S/S Norge Disaster of 1904 tilstades saman med representantar for rederiet og byen Stornoway.

Avduking av minneplakett og minnegudsteneste på Sandwick Cemetry var to av programpostane. Ebbe Pedersen, nestleiar i DFDS Torline, avduka minneplaketten i ferjeterminalbygningen på King Edward Wharf. Prestane Malcolm Weisman, USA, og Dr. Angus Morrison, Stornoway, heldt minnegudstenesta ved gravminnet.

kjelder:

Sebak, Per Kristian: Titanic's Predecessor - the S/S Norge Disaster of 1904. 2004.
Lokalaviser, Sogn og Fjordane, m.a. Nordre Bergenhus Amtstidende. 06.07.1904.
Kjelda. nr.2-2004.
Informasjon frå:
Stornoway Library, Outer Hebredies.

PERMANENT IDENTIFIKATOR