Kulturhistorisk leksikon

Gravstein (83)

  • Gravminnet Engh i Sogndal

    På kyrkjegarden ve Stedje kyrkje står ein høg gravstein med fire namn: Christian August Engh, Elisabeth Sommer Engh, Hilda Engh og Elisabeth Augusta Engh; distriktslege Engh, kona, og to døtrer. Christian August Engh var distriktslege to stader i sitt yrkesaktive liv; 8 år i Aust-Finnmark, Vadsø, (1840-1848) og 46 år i indre Sogn, Sogndal, (1848-1894).

  • Nei til «bautastein» – i Naustdal

    Anders Hamre frå Naustdal (1878-1934) var pressemann og samfunnsaktør av stort format. Kort tid etter at han døydde, vart det i Naustdal gjort opptak for å reisa minnestein på grava hans. Det vart med tanken. Ein som stod Anders Hamre nær, ba offentleg om at arbeidet vart stansa, fyrst og fremst fordi han visste at Anders Hamre sjølv slett ikkje ynskte seg nokon «bautastein».

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • Minnestein over Ragnar Melvær

    "Ungdom reiste denne steinen i takksemd for truskapen din mot gode framtak", er innhogge på minnesteinen over Ragnar Melvær på kyrkjegarden i Florø, avduka 13. juni 1920. Melvær fall frå i ung alder, berre 33 år gammal, midt i arbeid for mange "gode framtak": - det frilynde ungdomslagsarbeidet, fråhaldsrørsla, målreisingsarbeidet og skyttarrørsla.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnestein på krigsgrav - Paul Ytrehorn

    På kyrkjegarden ved Hornindal kyrkje står to minnesteinar over falne i andre verdskrigen. Den eine står til minne om dei tre ungdommane frå Hornindal som sette livet til i krigen. Den andre står på grava til ein av dei, Paul Ytrehorn.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Minnestein over fylkesmann Hans Seip

    Hans Seip (1881-1945) var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1929 til han vart avsett av NS-regimet sommaren 1941. Han flytte då til Fjærland. På nyåret 1945 vart han sjuk og døydde 14. mars. Etter eige ynskje vart han gravlagd i Fjærland. I 1949 reiste fylket ein minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein over Sigurd Fossen

    Folk i Sogn og Fjordane har heidra minst åtte personar med minnestein for innsats i song- og musikklivet. To minnesteinar står på kyrkjegarden i Holmedal, - den eine på grava til Sigurd Fossen, den andre på grava til Ola Espedal.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnestein over Ola Espedal

    Folk i Sogn og Fjordane har heidra minst sju personar med minnestein for innsats i song- og musikklivet. To minnesteinar står på kyrkjegarden i Holmedal, - den eine på grava til lærar og kyrkjesongar Ola Espedal, den andre på grava til Sigurd Fossen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnestein over Konrad Byrknes ved Mjømna kyrkje

    Etter mobiliseringa 9. april 1940 reiste mannskap frå heile Sogn og Fjordane til mønstringsstaden Bømoen på Voss. Vel 2000 mann vart frå 19. april overførte austover og var med i stridane i Valdres fram til kapitulasjonen 30. april. Konrad Byrknes var ein av dei som ikkje kom heim att i live. I juli 1945 vart det avduka ein minnestein på grava hans ved Mjømna kyrkje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Krigsgrav i England - Martin Flo, Stryn

    På ein gravstad i Greenwich i London er eit felt for norske graver. Mange av gravene har same type gravstein; dei er alle krigsgraver frå verdskrigen 1939-1945. På ein gravstein står namnet MARTIN FLO.

  • Minnestein over Jon J. Hop

    Jon J. Hop var den første frå Solund som miste livet i krigen 1940-1945. Han var mannskap på ein båt på veg for å henta mjøl i Vaksdal. Båten vart kapra av tyskarane og kom under eld av norske styrkar. Jon og fleire andre ombord vart drepne. Etter krigen vart det reist minnestein over Jon J. Hop.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Gravminne over eidsvollmann i Solvorn

    Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) valde tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Dessutan var begge utsendingane frå Det Bergenhusiske Regiment frå Sogn. Alle fem er heidra med minnesmerke. I Solvorn står det ein stasleg jernkross på grava til utsendingen Lars Johannes Irgens.

  • Minnestein i Ørsta over bandsmiar frå Loen

    Dei kalla han Band-Anders eller berre Banden. Anders Hoffrening frå Loen kom til Ørsta i 1870-åra og vart etter kvart fastbuande der. Han var ein av dei små i samfunnet, og han hadde ikkje nære pårørande i heimbygda si. Då han døydde i 1924 var det ingen til å syta for stein på grava, men etter krigen gjekk folk i naboskapet der han budde saman om å setja opp ein minnestein.

  • Minnestein over Johannes K. Årseth

    Den 23. april 1940 fall Johannes Årseth frå Gaular i nærleiken av huset til Nordsinni Ungdomslag i Nordre Land. Han vart gravlagd ved Nordsinni kyrkje. Ungdomslaget "adopterte" Johannes Årseth. Dei reiste minnestein på grava hans, og hengde opp eit bilete i ungdomshuset. Kvar 17. mai vert det lagt ned krans ved minnesmerket.

  • Minnesmerke over Johan A. Berge i Etnedalen

    Soldat Johan A. Berge frå Oppstryn fall i kampane mot tyske invasjonstyrkar i Valdres 24. april 1940. Han vart gravlagd ved Bruflat kyrkje. Forfattaren Knut Hauge skreiv kort etter diktet Han fall ved Høljerasten bru. I 1941 reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans, og det er seinare sett opp andre minnesmerke over dei 5 soldatane som fall i Etnedalen.

  • Krigsgrav ved Nord-Vågsøy kyrkje - Ragnvald og Arthur Torheim

    Brørne Ragnvald og Arthur Torheim miste livet i andre verdskrigen som følgje av krigshendingar. Begge ligg gravlagde i same grava på kyrkjegarden ved Nord-Vågsøy kyrkje og det står eit vakkert gravminne på grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Minnesmerke over prestedottera Inga Houge i Vik

    På kyrkjegarden ved Hopperstad stavkyrkje står det eit rikt ornert smijerns-gravminne på grava til prestedottera Inga Houge som døydde berre 16 år gammal. I si tid vart det planta ein ask på grava hennar, eit tre folk omtala som ein "sørgjeask".

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Krigsgrav i Feios - matros Odd Hove

    "Signe dykkar minne!" står skrive på gravsteinen til Alv og Odd Hove på kyrkjegarden i Feios. Grava er ei krigsgrav. Odd Hove segla under heile krigen 1940-1945 i alliert fart. Han vart sjuk om bord og døydde på sjukehus i Skottland. Urna vart nedsett på kyrkjegarden i heimbygda 6. oktober 1945.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Minnestein over soldat Hans Elvheim

    10. april 1940 reiste 23 menn frå Fresvik til Bømoen på Voss for å vera med og forsvara landet mot den tyske okkupasjonsmakta. Hans Elvheim var ein av dei. Han reiste som frivillig. Under kampane i Valdres vart han sjuk og døydde i september same året. Etter krigen reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Minnestein over Jon Fridtun

    Jon Fridtun (1867-1914) frå Flogrenda i Stryn døydde berre 47 år gamal. Han var ein føregangsmann i målreisinga i Nordfjord, i den frilynde ungdomsrørsla og fråhaldsrørsla. I 1920 reiste sambygdingar ein minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over stortingsmann Sigmund K. Aarnes

    Sigmund K. Aarnes frå Stryn var bonde og lensmann. Han vart tidleg med i politisk arbeid og hadde ei rekkje verv i kommunen og fylket, og han var stortingsmann i fleire periodar. Han døydde brått 5. november 1912, berre 61 år gammal. Stryn kommune kosta gravferda og heimbygda reiste minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Per Faleide

    Minnesteinen over soldaten Per Faleide står på grava hans ved Innvik kyrkje. Han var ein av åtte frå Sogn og Fjordane som fall under kampane i Valdres i april 1940. Minnesteinen vart avduka 17. juni 1945. Det vert lagt ned krans kvar 17. mai.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Anna Cathrine Schreuder

    Minnesteinen på grava til Anna Cathrine Schreuder, mor til misjonær Hans Schreuder, står ved Stedje kyrkje. Ideen til å få sett opp denne minnesteinen vart lansert i 1917 på 100-årsdagen for Schreuders fødselsdag. Då var det eit minnestemne på Kjørnes som samla mykje folk. Men det skulle gå meir enn 10 år før ideen vart realisert.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein over Olav Rise

    Under krigen 1940-1945 var handelsstyrar og dampskipsekspeditør Olav Rise på Leikanger med i motstandsrørsla. Saman med ni andre vart han arrestert i ein gestaporazzia 4. februar 1945. Han vart torturert til døde i Bergen 15.2 og ikkje funnen før i juli. Den 17. mai 1947 vart det avduka minnestein på grava hans i Leikanger.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Minnestein over Ingvald Eggum

    Den 11. mars 1943 var Det Bergenske Dampskipsselskab (BDS) sitt skip D/S "Brant County" i konvoi med 59 andre på veg frå Amerika til England. Skipet blei torpedert av ein tysk ubåt og gjekk ned etter kort tid. Ingvald Eggum var ein av dei 24 som miste livet. I 1985 reiste Norske Reserveoffiserers forening minnestein over han.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Krigsgrav på Leikanger - kaptein Thorvald Johannessen

    Den 25. april 1940 var D/S "Kommandøren" på veg inn Sognefjorden med kring 100 mobiliserte som blei sette på land på Leikanger. Straks etter, medan båten låg til kai, gjekk tyske bombefly til åtak. Mannskapet rømde på land og kapteinen vart dødeleg såra av ein bombesplint. Han vart gravlagd på Leikanger kyrkjegard. Grava er ei krigsgrav.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Frontkjempargrav i Høyanger - Karl Uno Sundberg

    Like innanfor porten til gravstaden Høgereina i Høyanger står gravminnet over frontkjemparen Karl Uno Sundberg. Oskeurna hans vart sett ned 6. mai 1943 under stor deltaking. Grava er freda.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Minnestein over Jon Dyrrdal

    Jon Dyrrdal, fødd 1894, kom frå den einbølte høgdegarden Dyrdal på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Han kom i ung alder til Oslo, reiste på studieferd i Sør-Europa og Midt-Austen, og hadde seinare fleire års opphald i Amerika. I tida 1928-1933 var tilsett som sekretær i Oslo fylkeslag av Noregs Ungdomslag. Dyrrdal døydde hausten 1933 og vart gravlagd i Ortnevik. Fylkeslaget reiste ein minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Minnestein over soldat Halvard Trædal

    Halvard Benjamin Trædal frå indre Oppedal fall i kampane i Valdres 26. april 1940. Han vart fyrst gravlagd i Valdres, men vart same hausten flytta heim. Oppedal Ungdomslag tok straks opp tanken om å reisa ein minnestein på grava hans, og våren 1941 vart steinen avduka.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Minnestein i Eivindvik over lensmann Bredvik

    Augustin Bredvik (1868-1952) var lensmann i Gulen i meir enn 40 år. Ein av "dei byggjande menn i Vestlandsbygdene", skreiv "Firda" i eit minneord. Den 15. august 1954 vart det avduka ein minnestein på grava hans ved kyrkja i Eivindvik.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Minnestein over Niels Griis Alstrup Dahl

    "Brød av Steen og Aand af Striile, Dahl i Eivindvigen tvang." Dette er dei ofte siterte orda av Henrik Wergeland om presten Niels Griis Alstrup Dahl i diktet Eivindvig. Dei vitnar om ein prest som både var oppteken av den materielle sida av menneskelivet og den åndelege. Han døydde i år 1852 og vart gravlagd ved Gulen kyrkje. I 2002 - 150 år seinare - reiste folket i Gulen ein minnestein over Dahl.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Minnestein på grava til jordbruksskulestyrar Martin Luther Storm

    Martin Luther Storm, f. 1836, er ein av dei store i landbrukssoga til Sogn og Fjordane. Då fylket la ned landbruksskulen på Mo i 1870, kom Storm inn som forpaktar frå våren 1873 og dreiv skulen til 1907 då fylket på ny tok over. Han døydde hausten 1916 og sommaren 1922 reiste elevar ein minnestein på grava hans på kyrkjegarden i Førde.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Minnestein over sokneprest Løvoll

    Kyrkjelydane i Eid og Stårheim har reist gravminne på to av sokneprestane sine. Den fyrste var Niels Nielsen Dahl, prest i Eid 1852-1854, den andre Arnoldus Johan Løvoll, prest i åra 1925-1945. Minnesteinen på grava til Løvoll vart avduka i september 1947.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Minnestein over biskop Peter Hognestad

    Peter Hognestad var biskop i Bjørgvin i åra 1916-1931. Han døydde 2. september 1931 og vart gravlagd i Bergen "Hognestad var folket sin mann", skreiv Fjordabladet i minneordet sitt. "Med si varme og folkelege forkynning på folkemålet [nynorsk] vann han alle hjarto både i bygd og by." I 1933 vart det reist minnestein på grava hans.

  • Gravstein over tysk marineoffiser i Fjærland

    Den 29. juli 1910 omkom ein tysk marineoffiser i Fjærland då han fall utfor fjellet på sørsida av Bøyadalen. Foreldra, herr og fru Christiani frå Berlin, kom til Fjærland i gravferda, og ordna seinare med at det kom opp ein minnestein på grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein på grava til lensmann Jens Landmark

    Vinteren 1906 omkom lensmannen i Luster i ei køyreulukke på vegen mellom Nes og Dale. Han vart gravlagt på den gamle kyrkjegarden attmed Dale kyrkje. I 1907 reiste bygdefolket minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Krigsgrav i Nordalsfjorden - Hilmar Hansen

    Hilmar Hansen vart arrestert av Gestapo våren 1943. Han døydde i den tyske fangeleiren Vaihingen hausten 1944. Fleire år etter krigen vart han attfunnen. Urna hans vart sett ned på kyrkjegarden i Nordalsfjorden i 1954. "Fall for Noreg" står det på gravsteinen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnestein over Edvin Færøy

    Edvin Færøy fall i Valdres 20. april 1940. Han vart fyrst gravlagd i Valdres men seinare flytta heim og gravlagd på kyrkjegarden i Rutledal. Bygda reiste minnestein på grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Minnestein over Ivar og Andrine Svardal

    Sommaren 1956 heldt fråhaldsfolket i kommunane Brekke og Gulen stemne i Rutledal. Det var ei særleg høgtid denne stemnedagen. Det vart avduka ein minnestein over Ivar og Andrine Svardal. Svardal skipa eitt av dei første fråhaldslaga i Sogn.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Krigsgrav i Selje - Romandus Stave

    Grava til Romandus Stave er ei av tre krigsgraver på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje på Stadlandet. Romandus Stave segla i utanriksfart då verdskrigen braut ut 3. september 1939. Han omkom i England i november same året.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Nordsjøfarten - Krigsgrav på Bømlo

    "Nils Jensen Nesse (..) Fall for Norges sak. Ditt minne skal aldri dø." Desse orda står på ein gravstein på den nedlagde kyrkjegarden på Gåsland, nord på Bømlo. Nesse fall som matros i Den Norske Marine om bord på skøyta "Siglaos". Båten var på veg tilbake til Shetland etter oppdrag på norskekysten då eit tysk fly gjekk til angrep.

  • Krigsgraver på Shetland - kaptein Kristoffer Lutenthun

    Den 3. februar 1940 gjekk D/S "Hop" frå Bergen i ballast til England. Båten kom aldri fram Tre veker seinare hadde Firda Folkeblad ei kort melding med overskrifta "Bergensbåt med 17 mann sakna." Kapteinen var frå Askvoll. Det skulle gå fleire år før kona hans i Askvoll fekk kjennskap til kva som hadde skjedd. Ho måtte finna det ut sjølv.

  • Minnestein over Henrik og Hanna Krohn

    Den store obeliskforma steinen ved kyrkja i Sogndal står på grava til Henrik og Hanna Krohn. Krohn døydde i 1879 og steinen vart truleg reist tidleg på 1880-talet. Då Hanna Krohn døydde i 1903, vart steinen ein minnestein over begge.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein på grava til sokneprest Christian Astrup

    Christian Nicolaisen Astrup, far til kunstmålaren, var prest i Jølster frå 1883 til 1916. Han døydde i 1920 og blei gravlagd ved Ålhus kyrkje. I 1934 blei det reist ein minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Fellesgrav i Luzino i Polen - Gerd Svanhild Håland si grav?

    Den 8. mai 1944 arresterte Gestapo den 20 år gamle jenta Gerd Svanhild Håland i Høyanger. Under ein rassia hadde dei funne nokre skjemteviser om tyskarane i dagboka hennar. Ho vart send i fangenskap i Tyskland og kom ikkje heim att. Det var alltid sidan vore eit ope spørsmål kva som skjedde med henne. Etter årelang gransking har Erik Dahlin tru på at han har funne svaret.

  • Krigsgrav i Årdal i Jølster - Ragnvald S. Heggheim

    Ragnvald S. Heggheim frå Jølster vart drepen då allierte fly bomba Laksvåg 4. oktober 1944. Han var garveriarbeidar på Kleivedals lærfabrikk som vart heilt øydelagd. Heggheim vart førd heim og gravlagd i Jølster.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Krigsgrav på Vassenden - Sverre Kvammen

    Jølster kommune har to krigsgraver. Sverre N. Kvammen dreiv landhandel i Eikåsgrenda. Det tyske prispolitiet var etter han og han måtte fleire gonger røma til skogs. Han leid vondt og døydde av lungebetennelse. Ei stor folkemengd fylgde Sverre Kvammen til grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Bortkomen krigsgrav i Rouen - krigsseglar Jon Lemvik

    Den 32 år gamle Jon Lemvik, fødd i Årdal i Sogn, busett i Time på Jæren, vart såra under evakueringa av Dunkerque og døydde på sjukehus i Frankrike. Han vart gravlagd i Rouen i Frankrike. Det vart halde jordfesting med fleire offisielle personar til stades. Etter krigen har det vore uråd å påvisa grava hans.

  • Minnestein over lærarskuleelev - Tomas Fondenæs

    På den eldste delen av kyrkjegarden ved Norum kyrkje står ein heller høg, obeliskforma minnestein. Innskrifta ber bod om at her vart ein skuleelev gravlagd og at lærarar og skulekameratar reiste minnesteinen på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein over lekpredikant - Anders O. Venes

    På oppsida av Norum kyrkje står ein vel to meter høg minnestein over lekpredikanten Anders O. Venes. Misjonsvener i Noradn og på Veitastrondi reiste steinen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein på grava til Peder Hafsaas

    Torsdag 4. mai 1916 vart den 33 år gamle Peder Hafsaas frå Stårheim skoten og drepen i Knarrevik sør for Bergen. Hafsaas arbeidde som oppsynsmann på eit fabrikkanlegg der. Han vart gravlagd ved Stårheim kyrkje og arbeidsplassen hans reiste seinare ein minnestein på grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Utanlandsk krigsgrav i Flåm- estisk sjøkaptein

    På kyrkjegarden i Flåm står ein minnestein på ei krigsgrav. Ein estisk sjøkaptein omkom under bombing 25. april 1940 og vart gravlagd dagen etter. Flåm Ungdomslag reiste minnesteinen og har i alle år seinare hatt tilsyn med grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Krigsgrav ved Selje kyrkje - Ole Dagfinn Eide

    Både under og etter krigen skjedde dødsulukker ved at folk uforvarande utløyste miner. I Osmundvåg omkom den 18 år gamle Ole Dagfinn Eide den 18. juli 1946. Han utløyste ei mine ein stad det var minerydda og området frigjeve.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Minnestein på krigsgrav i Flå - Ingvald Jakob Oppedal

    På kyrkjegarden ved Flå kyrkje står ein minnestein på grava til to soldatar som fall i kamp med tyske styrkar i april 1940. Ein av dei var Ingvald Jakob Oppedal frå Viksdalen i Sunnfjord. I 1947 vart det reist ein minnestein på grava.

  • Krigsgrav ved Frøya kyrkje - matros Dagfinn Frøyen

    Dagfinn Frøyen rømde til England og gjekk inn i handelsmarinen. Som matros på d/s Balduin vart han sjuk og døydde våren 1944. Urna hans kom heim med krigsskipet "Arendal" i slutten av september 1945. Han vart gravlagd 1. oktober.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minnestein på krigsgrav på Reksta - skipsførar Bernhard Reksten

    Våren 1942 gjekk 10 norske skip ut frå Gøteborg med kurs for England. Berre to greidde å bryta den tyske blokaden. Fleire skip vart søkkte av eigne mannskap for at dei ikkje skulle falla i hendene på tyskarane. Mannskapa vart tekne til fange og sette i fangenskap i Tyskland. Bernhard Reksten frå Flora omkom i fangeleir i Polen våren 1944. Etter krigen vart urna hans heimførd og han vart gravlagd på gravstaden på Reksta. Slekt og vener reiste seinare minnestein på grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnestein på krigsgrav ved Arnafjord kyrkje - Oskar Ingolf Dale

    Oskar Ingolf Dale fall under krigsteneste i Finnmark 31. januar 1945. Han vart førd heim til Arnafjord og gravlagd med stor deltaking 11. august same året. Våren 1946 vart han tildelt Krigsmedaljen post mortem og det vart reist minnestein på grava hans same sommaren.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Minnestein på krigsgrav i Guddal - Hans Thuland

    Hans S. Thuland frå Guddal døydde under kampane i Valdres i april 1940. Han vart førd heim og gravlagd på kyrkjegarden i heimbygda. Ungdomslaget reiste minnestein på grava hans. Namnet hans står også på minnesmerket over falne på Bømoen på Voss.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Krigsgrav i Sandefjord - Thor Nicolay Devig

    Thor Nicolay Devig (1888-1942) voks opp på Skei i Førde, og reiste for godt ut i verda vel 20 år gammal. Frå 1909 vart han buande i Sandefjord. Under krigen kom han med i illegalt arbeid og vart arrestert våren 1941. Han døydde i fengsel i Hamburg 30. januar 1942.

  • Krigsgrav på Stadlandet - Reidar Drage

    Den 15. april 1946 tok det fyr i dekkslasta på ein motorbåt lasta med tysk ammunisjon på veg til ein dumpingsplass i Nordfjord. Folka hoppa i sjøen og alle med unntak av ein vart berga av båtar som kom til. Reidar Drage frå Stadlandet vart gravlagd ved Leikanger kyrkje 20. april 1946.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Krigsgrav på Stadlandet - Peder Sandvik

    "Etter melding frå sjøforsvarets overkommando døydde han på sin post for fedrelandet." Det stod i dødsannonsa for Peder P. Sandvik 20. august 1945. Peder Sandvik omkom i flyangrep på London 7. mars 1945. Han vart førd heim og gravlagd på Leikanger kyrkjegard 20. november same året.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Krigsgrav på Grotle kyrkjegard - matros Arthur Hauge

    Tidlegare Bremanger kommune hadde 13 falne i andre verdskrigen. Dei fleste kom bort på havet. Berre tre fekk ei grav på heimstaden. Urna til Arthur Hauge kom heim frå England med krigsskipet "Arendal" hausten 1945 og det var gravferd frå Hauge kyrkje 11. oktober.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Krigsgrav på Novelandet

    Nær 120 000 amerikanarar miste livet i fyrste verdskrigen, dei fleste på frontane i Frankrike. Ein var Lorents Bakke frå Bremanger. Han utvandra til Amerika i 1911. Lorents Bakke kom heim att som fallen amerikansk soldat i Frankrike, og vart gravlagd på kyrkjegarden på Novelandet.

  • Minnestein over amtsskulestyrar Haakon Aasvejen

    Haakon Aasvejen, fødd 1862 i Hegra i Stjørdal, var styrar ved Fjordane amtsskule i åra 1898-1917. Han døydde i heimen sin på Nordfjordeid 6. oktober 1919. Kort tid etter reiste vener og elevar ein minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Krigsgrav ved Selje kyrkje - Oluf Ingebrigtsen Aarsheim

    Fredag 19. oktober 1945 var Selje kyrkje fullsett av bygdefolk og tilreisande. Det var gravferd for Oluf Ingebrigtsen Aarsheim. Han omkom i ei krigshending i Atlanterhavet og no var urna hans komen heim. Etterpå sette syskena opp minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Krigsgrav i Førde - Torberg Haaland

    Ingeniør og fenrik Torberg Haaland var den eine av to frå Førde kommune som fall for fedrelandet under andre verdskrigen. Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Førde 11. august 1945. Ei tid etter vart det reist ein minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Minnestein over Anna Myklebust på Bryggja

    Anna Myklebust (1868-1942) frå Bryggja la ned eit uvanleg stort arbeid i fråhaldsrørsla. Ho skipa barnelosje på Bryggja og reiste mange år som talar i Nordfjord-distriktet. I 1947 reiste distriktslosjen ein minnestein på grava hennar ved Totland kyrkje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Gravminnet på grava til sårlege Jens Drægelid

    Yrkestitlar på gravsteinar er ikkje uvanleg, helst då på eldre gravminne. Til dømes finn me på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje: bonde, sorenskriver, overrettssakfører, kirkesanger, lærar og toneskald, kaptein, fanejunker, og fleire. På kyrkjegarden på Bakka i Nærøyfjorden finst det ein gravstein med ein heller sjeldsynt yrkestittel: «saarlæge».

  • Minnestein over fyrbøtar Johannes J. Sæten

    Johannes Sæten frå Loen var fyrbøtar på fleire skip under verdskrigen 1939-1945. Tre av skipa vart torpederte. Våren 1946 - året etter frigjeringa - vart båten hans minesprengt i Lofoten. Fjorten av mannskapet miste livet. Sæten vart gravlagd i Loen, og i 1947 reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minne om motstandsmannen Atle Svardal

    Tysdag 13. mars 1945 fall løytnant Atle Svardal i skotveksling med Gestapo-menn og tyske soldatar. Han var vaktmann på ein illegal radiosendar i fjellsida eit kort stykke opp frå garden Breivik nord i Flora kommune. Svardal vart gravlagd frå Florø kyrkje i august. Det stod æresvakt ved båra hans og fleire hundre menneske fylgde fridomskjemparen til siste kvilestaden. Namnet hans er med på fleire minnesmerke.

  • Minnestein over redaktør Lorentz Nybø

    Den 28. desember 1912 hadde Nordre Bergenhus Folkeblad ei lita notis der det stod: "Minnesmerke paa gravi til Lorentz Nybø. Voss maallag, Voss ungdomslag og losje "Framsteg" hev vorte samde om å setja seg i brodden for aa faa reist eit merke paa gravi til bladstyrar Lorentz Nybø." Fem år seinare vart minnesmerket avduka.

  • Gravminne på Kinn - fyrbetjent på Ytterøyane

    Kyrkjegarden på Kinn har eit gravminne knytta til fyret på Ytterøyane. Det er ei liggjande smijernsplate attmed kyrkjegardsmuren i vest. Gravminnet blei i si tid sett på grava til ein mann som døydde "på Ytterøernes fyrstation."

  • Minnestein over Rasmus og Lise Stauri

    25. juni 1932 hadde Fjordabladet på Nordfjordeid denne vesle notisen: "Dødsfall. Folkehøgskulestyrar Rasmus Stauri paa Hundorp i Gudbrandsdalen døydde onsdag 64 aar gamall. Med han er ein av vaare fremste folkehøgskulemenn gjengen burt. Han har ogso gjeve ut fleire bøker." Stauri var frå Stryn. To år etter vart det reist ein minnestein på grava hans. Mange år seinare vart minnesteinen gjort til minne om to personar, Rasmus og Lise Stauri.

  • Minnestein over Peder A. Mundal

    Langs kyrkjegardsgjerdet ved Hegge kyrkje i Austre Slidre står eit ti-tals gamle gravminne. Dei er tekne bort frå gravene dei stod på og sette til sides. Eitt av dei skil seg ut frå dei andre på to måtar: a) etternamnet på den døde er eit namn frå Sogn og b) ei innskrift på fotstykket er ikkje råd å sjå. Ho er dekka av gras og torv.

  • Til minne om Håkon Raunehaug

    På kyrkjegarden på Tunga i Høyanger står det eit gravminne som skil seg ut frå dei andre. Det er reist av ungdommar til minne om ein kamerat. Håkon S. Raunehaug omkom i ei ulukke i Årdal berre 19 år gammal.

  • Krigsgrav ved Hopperstad stavkyrkje

    Vik kommune har fire krigsgraver, - i Fresvik, Feios, Vik og Arnafjord. Christian Fredrik Fasting Aall vart dømd til døden av tyskarane og henretta på Trandum 14. oktober 1943. Etter krigen vart han førd heim til Vik og gravlagd på kyrkjegarden ved Hopperstad stavkyrkje.

  • Minnestein over lekpredikanten Anders Redal

    På kyrkjegarden ved Vevring kyrkje står ein gravstein til minne om haugianaren og lekpredikanten Anders Redal. Steinen vart avduka hausten 1935. I talen gav kapellan Johan Julseth eit utsyn over misjonsarbeidet i Vevring på 1800-talet og fortalde om Anders Redal sin plass i dette misjonsmiljøet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • Ei grav - Fredrikke Sophie Christensen

    "Liti og kroki" minnest Tryggve Rishovd, fødd 1916, at Sophie Christensen i fylkesmannsgarden var. Ho budde hjå sonen, fylkesmann I.E. Christensen. "Intelligent og stillfarende" skreivFirdadå ho døydde hausten 1927. Fru Christensen var då enkje etter kaptein og amtsingeniør (vegsjef) M.T. Christensen. Ho vart gravlagd på familiegravstaden på kyrkjegarden ved Førde kyrkje.

  • Minnestein over lærar og klokkar Gjert Aarnæs

    Gjert Aarnæs frå Viksdalen var lærar i Viksdalen frå 1876 til han døydde i 1910. Han var folkeopplysar, politikar, fråhaldsmann, målreisar og misjonsven. I 1912 reiste skulekrinsen ein minnestein over Aarnæs.

  • Minnestein over forleggjaren Mons Litleré

    "Soga um Mons Litleré, det er soga um den nynorske bokavlen i tiåret 1885-95", skreiv forfattaren Jens Tvedt ein gong om Mons Litleré, ungdommen frå Naustdal som sette seg som mål å fremja målsaka med å gje ut bøker på nynorsk. Han døydde i Hamburg i 1895, berre 28 år gamal, og vart gravlagd på Møllendal kirkegård i Bergen. I 1910 vart det reist ein minnestein på grava hans.

  • Krigsgrav på Kinn - brørne Æsø

    Det står tre namn og ein dødsdato på ein gravstein på kyrkjegarden på Kinn. Tre brør miste livet 13. januar 1941. Bak innskrifta på gravsteinen gøymer det seg ei tragisk krigshending.

  • Minnestein over første ordføraren i Kinn

    På sørsida av Kinn kyrkje står ein minnestein over den fyrste ordføraren i Kinn, Elias N.H. Skorpeide. Steinen har ei lang historie. Ei tid låg han opp ned som dørhelle ved inngangsdøra i nordveggen.

  • Minnestein på grava til Petrine Kinn

    Petrine Kinn, fødd 1872, døydde 18. august 1956 og vart gravlagd på kyrkjegarden på Kinn. Ho var best kjend som postførar i mange år, mellom Rognaldsvåg og Kinn, og ut til Ytterøyane. Minnesteinen på grava hennar vart oppsett i 1985.

  • Minnestein i Lærdal over soldat Kristian Kullerud

    30. april 1940 vart fire norske soldatar drepne av tyske styrkar ved Borlaug bru. Dei vart gravlagde på kyrkjegarden ved Borgund kyrkje. Etter krigen vart tre flytta til heimstadene sine. Ungdommen i Borgund reiste ein minnestein på grava til den fjerde.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal