Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. desember 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fellesgrav i Luzino i Polen - Gerd Svanhild Håland si grav?



Den 8. mai 1944 arresterte Gestapo den 20 år gamle jenta Gerd Svanhild Håland i Høyanger. Under ein rassia hadde dei funne nokre skjemteviser om tyskarane i dagboka hennar. Ho vart send i fangenskap i Tyskland og kom ikkje heim att. Det var alltid sidan vore eit ope spørsmål kva som skjedde med henne. Etter årelang gransking har Erik Dahlin tru på at han har funne svaret.

Fellesgrava til tolv fangar som vart sparka i hel i kyrkja i Luzino i februar 1945. Erik Dahlin arbeidde i fleire år med å finna ut kva som skjedde med Gerd Svanhild Håland. Han har kome til at ho var mellom desse tolv og at grava hennar er å finna her. Gravminnet vart omarbeidd før 2004. Tidlegare stod berre steinen i midten på grava. På steinen står det om lag slik: "Her kviler 12 fangar frå KZ-leiren Stutthof og som vart myrda av Hitlerregimet under evakueringsmarsjen."

Fellesgrava til tolv fangar som vart sparka i hel i kyrkja i Luzino i februar 1945. Erik Dahlin arbeidde i fleire år med å finna ut kva som skjedde med Gerd Svanhild Håland. Han har kome til at ho var mellom desse tolv og at grava hennar er å finna her. Gravminnet vart omarbeidd før 2004. Tidlegare stod berre steinen i midten på grava. På steinen står det om lag slik: "Her kviler 12 fangar frå KZ-leiren Stutthof og som vart myrda av Hitlerregimet under evakueringsmarsjen."

Eigar: Erik Dahlin

Datering: 2004.

Fotograf: Erik Dahlin.

Omtale i bokverket Våre falne

"HÅLAND, GERD SVANHILD, kontordame, Kyrkjebø. Fødd 22. august 1924 i Lavik, dotter til Per S. Håland, f. 1885 i Lavik, og Sigrid f. Nokken, f. 1883 i Vik i Sogn. Handelsskule, stenografikurs. Gjekk på handelsskule då krigen braut ut, og var seinare kontordame ei tid i forsyningsnemnda i Kyrkjebø. Vart arrestert 8. mai 1944 då Gestapo fann ei dagbok i heimen hennar under ein rassia. Sat på Grini frå 15. juli til 10. august, då ho vart send til Tyskland. Var sjuk då ho vart fridd ut av russarane, og døydde i april 1945, truleg i Pommeren."

Konsentrasjonsleir ved Stutthof

Stutthof er ein landsby ved Danzig-bukta. Tyskarane bygde ein konsentrasjonsleir her kort tid etter okkupasjonen av Polen i 1939. Leiren var heile tida under utbygging og dekka dei siste krigsåra eit stort område med mange einingar. Gerd Svanhild Håland kom saman med andre norske fangar til Stutthof i august 1944. 271 norske politifangar kom til Stutthof i desember 1943.

Då dei sovjetiske styrkane braut gjennom dei tyske forsvarsverka aust i Polen vinteren 1944/1945, vart fangane i Stutthof frå 26. januar 1945 drivne på marsj vestover. Mange miste livet i det som vart reine dødsmarsjane. For dei som ikkje makta å fylgja med, var det ingen nåde.

Årelang gransking

Finn Dahlin var ein av politifangane. Han var politimeister i Sogn då han vart arrestert 16. august 1943. I desember same året vart han saman med dei andre politifolka send til fangenskap i konsentrasjonsleiren Stutthof i Polen. Dahlin skreiv dagbøker under heile fangenskapet og greidde å få dei med seg heim.
Etter krigen heldt Finn Dahlin fram som politimeister i Sogn. I åra 1946-1954 var han sorenskrivar i Ytre Sogn, og i åra 1954-1966 sorenskrivar i Øvre Romerike. Finn Dahlin døydde i 1997, 102 år gamal.

Sonen Erik Dahlin har gjennom ei årrekkje arbeidd med studiar omkring dei norske politifangane og vore på eit titals turar til Stutthofleiren. I 2001 kom boka hans «De trodde på EN NY DAG - om politi, krig fangenskap og befrielse». Boka byggjer på dagbøkene til Finn Dahlin og er for ein stor del resultat av eit nært samarbeid mellom son og far.

Erik Dahlin har freista å finna ut kva som skjedde med Gerd Svanhild Håland. I Våre falne vert det opplyst at ho var "sjuk då ho vart fridd ut av russarane, døydde i april 1945, truleg Pommeren." Etter å ha intervjua fleire tidlegare fangar med tanke på kva som skjedde med Gerd Svanhild Håland, har Dahlin kome til eit anna svar. Han legg spesielt vekt på eit intervju med Margot Jacobsen frå Kristiansand som var i same fangekolonna som Gerd Svanhild.

Tolv fangar sparka i hel

I ein artikkelen "Kva skjedde med Gerd Svanhild Håland?" i boka Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane. 1940-1945, 2005, skriv Erik Dahlin:

"Sommaren 1998 var eg i Polen og leita meg fram til byen Luzino. Eg visste at fangar hadde overnatta i denne kyrkja under dødsmarsjen Utanfor kyrkja stod ei minneplate med opplysningar om at kolonnar med fangar frå Stutthof overnatta der. Inne i kyrkja var det på korbogen relieff i fargar som viste fangar som overnatta i kyrkja.

Eg kom i kontakt med landsbysmeden som på tysk fortalde meg at han var augevitne til fangekolonnane i byen. Han var 13 år og skaut med sprettert på dei tyske vaktene. Smeden var aktiv kyrkjegjengar og ven med soknepresten [som døydde 1987].

Fleire år etter krigen fortalde soknepresten til smeden at 12 fangar vart sparka i hel inne i kyrkja. Det var fangar som ikkje makta å fylgja med marsjkolonnen vidare. Spesielt hugsa presten ei ung, lys jente som tala eit språk ingen forstod. Han prøvde å hjelpe ho. Dei som sparka fangane i hel, var ukrainske vakter. Dei hadde gått over i tysk teneste.

Soknepresten var med på å gravlegge dei 12 fangane i ei fellesgrav på kyrkjegarden. På gravsteinen vart det ikkje gitt opplysningar om kor mange menn og kor mange kvinner som vart gravlagde. (..)

Eg har tru på at Gerd Svanhild var denne jenta og at grava hennar er å finne her."

Fleire opplysningar

Erik Dahlin fortel i brev til Fylkesarkivet, 08.01.2006, meir om granskinga si og møtet med landsbysmeden. «Han [smeden] synte meg fellesgrava til dei 12 drepne. Den gongen [1998] var det ei heller ustelt grav med ein gamal gravstein på. (..) På steinen stod den teksten som var vanleg på gravsteinane på kyrkjegardar sette opp under det russiske styret i Polen. Noko slikt som: «Her kviler 12 fangar frå konsentrasjonsleiren Stutthof og som vart drepne av representantar for Hitlerregimet." (..)

Smeden fortalde at den lyse jenta vart sparka i hel av ukrainske vakter. Dette var ukrainarar som hadde gått i tysk teneste og dei var utstyrt med nokre svarte soldatuniformer og var lette å skilje frå alle dei andre. Desse ukrainarane var fangar i Stutthof eller gjerne andre stader. Dei fekk av SS valet mellom å gå i tysk teneste eller bli skotne med det same. Mange valde tysk teneste. Dei oppførde seg stundom meir brutalt enn deira tyske læremeistarar nærmast for å legitimere for dei at dei var brutale nok. Det var slike folk som gjekk inn i kyrkja i Luzino og drap dei som ikkje klarde å gå vidare,» skriv Dahlin i brevet.

Når det gjeld tidspunktet for ugjerninga, fortel Dahlin at ein polsk tekst på ein netting attmed kyrkja seier "Tu W lytum 1945", på norsk: I februar 1945. Han har granska alt han har funne fram til om fangekolonnene sine vegar og rørsler og kome til at dei 12 fangane vart drepne 8.-9. februar 1945. Nærare er det ikkje råd å koma.

kjelder:

Dahlin, Erik: Kva skjedde med ungjenta Gerd Svanhild Håland? I Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Selja Forlag 2005.
Våre falne. Bind 2, 1949-1951.
Dahlin, Erik (..): De trodde på EN NY DAG. Om politi, krig, fangenskap og befrielse. 2001.
Opplysningar frå:
Erik Dahlin, Ålesund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR