Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. desember 2005

Sist oppdatert 05. februar 2019

Kategori

Bortkomen krigsgrav i Rouen - krigsseglar Jon Lemvik



Den 32 år gamle Jon Lemvik, fødd i Årdal i Sogn, busett i Time på Jæren, vart såra under evakueringa av Dunkerque og døydde på sjukehus i Frankrike. Han vart gravlagd i Rouen i Frankrike. Det vart halde jordfesting med fleire offisielle personar til stades. Etter krigen har det vore uråd å påvisa grava hans.

Dampskipet "Solhavn",  bygd 1918, ved Bergens Mek. Verksted, 2400 tdw, tilhøyrde frå 1927 John Aug. Knutsen - Chr. Haaland i Haugesund. Gjekk under krigen i alliert fraktfart.

Dampskipet "Solhavn", bygd 1918, ved Bergens Mek. Verksted, 2400 tdw, tilhøyrde frå 1927 John Aug. Knutsen - Chr. Haaland i Haugesund. Gjekk under krigen i alliert fraktfart.

Eigar: Bergens Sjøfartsmuseum

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Personopplysningar i Våre falne

"LEMVIK, JON, fyrbøter, Time. Født 4. oktober 1908 i Årdal i Sogn, s. av Johannes M. Lemvik, f. 1874 i Luster, d. 1924 i Oslo, og Ragna f. Svanøe, f. 1878 i Bergen. Gift 1933 i Time med Grete Aarsvold Henriksen, f. 1908 i Stavanger. 1 barn. Artium, handelsgymnas. Dro til sjøs som fyrbøter på d/s Solhavn. Var med under evakueringen fra Dunkerque 1940, ble såret og lagt inn på hospital, hvor han døde 11. mai(*) 1940. Gravlagt i Rouen."
*) Evakueringa av Dunkerque skjedde i dagane 20. mai - 4. juni 1940. Dødsdatoen 11. mai må vera feil, 11. juni passar betre.

Grava

Me har ikkje fullgode opplysningar om endelykta til Jon Lemvik. Han må ha blitt såra seinast 4. juni (kapitulasjon ved Dunkerque), teken i land i Frankrike frå "Solhavn" og lagt inn på sjukehus. Etter opplysningane i Våre falne vart han gravlagt i byen Rouen som ligg kring 200 km sørvest frå Dunkerque.

Me har ikkje nærare lokalisering av grava enn "Rouen", og me kjenner ikkje til gravleggingsdato, men eit udatert fotografi med noteringar på baksida viser grava. Grava er dekka av det norske flagget og det er sett opp ein kvit kross med namnet Jon Lemvik (små skriftteikn under namnet er uråd å lesa). Attmed grava står fem personar, mellom anna ein prest og to representantar frå den danske utanrikstenesten. På baksida av biletet er notert:

"Ved graven i Rouen i Frankrike. Jordfestelsesgraven.(sic.) Den norske fru Tandumsen. Den danske konsul. Den danske visekonsul. Den norske sjømann. Eidøsen (?)."

Gravlegging eller jordfesting? Ordet "jordfestelsesgraven" gjev ikkje meining, - "jordfestelsen, eller jordfestelsesdagen" må vera det rette. Til vanleg vert jordfesting halde samstundes med gravlegging, men i særlege tilfelle kan jordfestinga koma etter gravlegginga. Ein ting talar for at biletet er teke ved ein jordfestingsseremoni ei tid etter gravlegginga. Seremonien er heilt tydeleg vel førebudd. Det er ikkje ei hastverkshending. Ein slik seremoni kunne vera vanskeleg å halda medan Frankrike enno var i krig. Landet kapitulerte fyrst 25. juni.

Eit anna spørsmål: Kvifor vart Jon Lemvik gravlagd i Rouen? Han vart såra i Dunkerque og døydde på sjukehus, - i Dunkerque, ligg det nærast å tru. Men kvifor vart han gravlagd 20 mil unna?

Ikkje råd å finna grava

Etter krigen har det ikkje vore råd å påvisa grava til Jon Lemvik. Sonen Jan var i Rouen i 1953 og leitte etter grava. Han fekk hjelp av den norske sjømannspresten. Dei greidde ikkje å finna grava. Sonesonen Jørn prøvde på nytt i 1973-1975 utan å lukkast.

Årdøl

Jon Lemvik var fødd og voks opp i Årdal der far hans, Johannes Lemvik, var lærar og kyrkjesongar. Då faren døydde i 1925, flytte mora med borna frå bygda. I Årdal har Jon Lemvik i ettertid vorte omtala og rekna som årdøl. Jamaldringen Tomas Hæreid skreiv hausten 1945 eit stykke i lokalavisa Sogn og Fjordane under overskrifta "Dei to falne årdøler." Oddvar Natvik sette "Årdøl fall ved Dunkerque" som overskrift i historiebladet Årdal Før og No, 1995. Boka "Krigsår" som kom ut 2005, har Jon Lemvik med i omtalen av falne under Årdal kommune.

Det er likevel ein skilnad mellom dei to "falne årdøler". Då krigen braut ut var den eine, Torvald Lægreid, busett i Årdal, den andre hadde flytta frå bygda og var busett i Time i Rogaland. Torvald Lægreid vart heidra med minnesmerke i Årdal etter krigen, derimot ikkje den utflytte årdølen Jon Lemvik. Men han vart heidra i Time. Namnet hans - Jon Lemvik - står fyrst på ei liste i eit skrin innsett i fotstykket på minnesmerket over falne frå Time utanfor rådhuset på Bryne.

Dunkerque

Dunkerque er kjend for den store evakueringa under 2. verdskrigen. Etter at tyskarane 20. mai hadde nådd den engelske kanalen, vart franske og britiske styrkar trengde saman i området ved Dunkerque. Då Belgia kapitulerte 28. mai, måtte engelske styrkar evakuerast. 1500 skip av alle slag (krigsskip, handesskip, fiskefary og motorbåtar) under kommando av admiral Ramsay greidde fram til 4. juni å berga ut 215 00 britiske og 120 000 franske og andre soldatar. Alt tungt krigsmateriell måtte setjast att. Resten av styrkane, 40 000 mann, kapitulerte 4. juni 1940.

D/S "Solhavn" i britisk befraktning

Jon Lemvik var til sjøs då 2. verdskrigen braut ut. Kort etter det tyske åtaket på Noreg 9. april 1940, den 22. april, rekvirerte den norske eksilregjeringa i London bruksretten til alle norske handelsskip i internasjonalt farvatn. "Solhavn" låg då i Kirkwall på Orknøyane. 28. april vart bruksretten overført til britane. I den store evakueringa frå Dunkerque vart "Solhavn" råka av granatsplintar (shrapnels). Ein av mannskapet, Jon Lemvik, vart såra. "Solhavn" vart reparert og var seinare med i konvoifart over Atlanterhavet. Skipet overlevde krigsåra.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 06.11.1945.
Norsk Allkunnebok. Bind 3. 1951.
Årdal Før og No. 1995.
Opplysningar frå:
Rønnaug Lemvik, Time.