Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. juli 2008

Sist oppdatert 14. desember 2021

Kategori

Rå-data

Minnestein over Peder A. Mundal



Langs kyrkjegardsgjerdet ved Hegge kyrkje i Austre Slidre står eit ti-tals gamle gravminne. Dei er tekne bort frå gravene dei stod på og sette til sides. Eitt av dei skil seg ut frå dei andre på to måtar: a) etternamnet på den døde er eit namn frå Sogn og b) ei innskrift på fotstykket er ikkje råd å sjå. Ho er dekka av gras og torv.

Eit titals gravsteinar står attmed kyrkjegardsgjerdet ved Hegge kyrkje. Ein av dei er minnesteinen som tidlegare stod på grava til Peder A. Mundal frå Fjærland.

Eit titals gravsteinar står attmed kyrkjegardsgjerdet ved Hegge kyrkje. Ein av dei er minnesteinen som tidlegare stod på grava til Peder A. Mundal frå Fjærland.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesteinen

På den synlege delen av steinen står innskrive:

Stud. theol.
PEDER A. MUNDAL
født 20 Mai 1850
død 29 August 1873

Joh. Aab 14.13

Fotstykket til steinen står nede i jorda. Ved å halda tilsides gras, mose og torv, er det råd å lesa resten av innskrifta:

Venner reiste ham
dette minde.



Minnesteinen er laga av hoggen og slipt raudleg granitt. Overdelen er om lag 1 m høg, 43 cm brei nede og 35 cm oppe. Ein sirkelforma medaljong i kvit marmor med engelsymbol er innfelt oppe. Berre 4-5 cm av fotstykket er synleg over marka.

"bygdafolk og andre stoppar opp"

Kven var ungdommen Peder A. Mundal, og kvifor vart han gravlagd på kyrkjegarden ved Hegge kyrkje i Øystre Slidre? Og kvifor er minnesteinen teken opp frå sin opphavlege plass, på grava hans, og plassert bortmed gjerdet?

Me har eit bladstykke frå kring 1995 som gjev noko av svaret. Som kjelde har forfattaren brukt eit stykke fjærlendingen Eirik Øygard hadde i avisa Sogn og Fjordane 1956 som kjelde.

For det første går det fram kvar minnesteinen stod før han vart flytta: "Ved Hegge kyrkje i Valdres, rett innanfor porten [utheva her] står eit høgt granittmonument med slik innskrift: Stud. theol." osb. For det andre får me vita kven "Stud. theol. Peder A. Mundal" var, og det går fram korleis det bar til at han fekk siste kvilestaden sin i Øystre Slidre. Det står: "Bygdafolk og andre stoppar ofte opp ved denne minnesteinen og får fortalt historia om denne studenten frå Fjærland som drukna. Hendingi gjorde eit stort inntrykk i grendi."

Drukningsulukke

Me får høyra at teologistudenten Peder A. Mundal var på veg frå Sogn til Kristiania i 1873 etter at han hadde vore heime om sommaren. Han var saman med studiekameraten H. U. Sverdrup d.y. [1852-1932], seinare prest i Balestrand [1883-1909]. Vidare står det i stykket:

"Dei skulle gå til fots tilbake (..) over Årdal, Tyin og Bygdin. Dei var uheldige med vêret, eit frykteleg uvêr fekk elvane til å svulma opp, så dei var farlege å kryssa. Ukjende som dei var, gav Peder seg til å vada den farlege elvi Breiløypa ovanfor Bygdin. Elvi var svært djup, og Peder vart teken av straumen. Han vart førd like ned til vatnet der han vart funnen att. Dei to teologi-studentane hadde berre att eitt år av læretidi. Begge var svært oppglødde for A. O. Vinje og ville sjå bui hans på Eidsbugarden og dei fjelli der han vanka og skreiv så mykje fint om. Dette var grunnen til at dei la leii som dei gjorde.

Næraste kyrkjegard

Elva Breiløypa renn ned i Bygdin heilt aust på nordsida. Dei fann den drukna att nede i vatnet. Herifrå var vegen kortast til kyrkjegarden på Hegge i Øystre Slidre. Det går ikkje fram av stykket kva som skjedde etter drukningsulukka, kven som fekk den omkomne ned til kyrkjegarden og kva dato han vart gravlagd. Derimot får me vita nærare om kven han var.

Peder A. Mundal - bondestudent
Peder var son til Steinor Andersdtr. Bøyum (1831-1918) og Åmund Person Horpedal/Mundal (1828-1869). Han var odelsgut, men det vart broren Anders, fødd 1852, som tok over garden.

Peder synte tidleg gode evner og hadde "hug til boki". Alt i 10-års alderen hadde han lese mange bøker. "12 år gamal var denne odelsguten klår yver at han ikkje kunne bli bonde. Då tok gamlepresten U. H. Sverdrup honom heim til seg på prestegarden i Tjugum, der lesehugen kom inn under kunnug rettleiding. Frå konfirmasjonen vart han verande der i fire år og fekk upplæring i høgare ålmennkunnskapar hjå ymse medlemer av prestefamilien. Hausten 1868 kom han inn på Nissens skole i Oslo, og tok eksamen artium i 1870 med karakteren laudabilis. Av studentane, heile landet rekna, som det året gjekk upp til eksamen, var berre 20 med foreldre som høyrde til yrkesgruppa bonde eller arbeidar."

Peder tok så førebuande ved universitetet og byrja å studera teologi. I 1 ½ år var han huslærar hjå amtmann Carl Sibben på Kongsberg. Der fekk Peder nære inntrykk av korleis livet var innan embetsstanden i landet.

Mori uvita
"Den dagen Peder Mundal drukna, hende det noko heime, noko bygdefolket med ei kjenning av age kom til å tenkja mykje på då det var kjent. Mor til studenten, Steinor Mundal, stod i skurdåkeren og skar. Brått fall ho i uvit. Dei måtte bera henne innatt. Då ho etter eit par timar, kom til medvit, sa ho: "Det har hendt noko. Kva det er, veit eg ikkje." Men då brevet kom var det klårt kva som hadde hendt. Det undarlege var: Desse hendingane hadde falle på same klokkeslaget.

For Harald Sverdrup, prest i Balestrand i 30 år, blei denne hendingi liggjande sårt i minnet. Knapt hadde han eit kuld konfirmantar utan at dei fekk høyra om studiefelagen, guten som so tidleg viiste kva veg han ville gå, og som heile tidi såg ein høg himmel yver dei ideali han trottug styrde kursen mot."

Om hendinga i bygdebok

I ein omtale av presten H.U. Sverdrup d.y. i bygdeboka Balestrand. Bygd og Ætter. (1934) finn me eit avsnitt om den tragiske hendinga i fjellet ved Valdresflya:

"I sine unge dagar var han i 1873 ute for ei syrgjeleg hending ved Bygdin. Han var då på ferd til Oslo ilag med stud. teol. Per Mundal. Dei kom til ei elv som dei vilde vada. Mundal var sterk kar. Han vilde fara fyre. Elvi var djup og strid. Han vart teken av straumen. Og han bleiv [drukna] der. Denne hendingi vart til bygdesorg i Balestrand."

Bibelordet

Dei som reiste minnesteinen tok med eit bibelord i innskrifta. Bibelordet står i Johannes Openberring, kapittel 14.13:

Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: "Skriv: Sæle er dei døde som heretter døyr i Herren! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei."

Meir om minnesteinen

Førebels veit me ikkje noko sikkert om når minnesteinen vart reist, eller kven dei var dei "Venner" som reiste han, bortsett då frå at H.U. Sverdrup må ha vore ein av dei. Å døma etter minnesteintypen kan det tenkjast at han vart reist eit stykke inn på 1900-talet. Sverdrup kan ha fått ordna med minnesteinen etter at han i 1909 tok avskil i Balestrand og vart prest på Austlandet.

Me har førebels heller ikkje opplysningar om når minnesteinen vart flytta frå sin opphavlege plass eller om kva slag vurderingar som låg til grunn.

kjelder:

Laberg, Jon: Balestrand. Bygd og ætter. 1934.


Øygard, Eirik: To bondestudentar frå Sogn. 1956.

PERMANENT IDENTIFIKATOR