Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. juli 2008

Sist oppdatert 25. februar 2020

Kategori

Rå-data

Minnestein over Rasmus og Lise Stauri



25. juni 1932 hadde Fjordabladet på Nordfjordeid denne vesle notisen: "Dødsfall. Folkehøgskulestyrar Rasmus Stauri paa Hundorp i Gudbrandsdalen døydde onsdag 64 aar gamall. Med han er ein av vaare fremste folkehøgskulemenn gjengen burt. Han har ogso gjeve ut fleire bøker." Stauri var frå Stryn. To år etter vart det reist ein minnestein på grava hans. Mange år seinare vart minnesteinen gjort til minne om to personar, Rasmus og Lise Stauri.

Minnesteinen over Rasmus og Lise Stauri ved Fron kyrkje i Gudbrandsdalen. Innskrift på baksida: Reist av vener 1934

Minnesteinen over Rasmus og Lise Stauri ved Fron kyrkje i Gudbrandsdalen. Innskrift på baksida: Reist av vener 1934

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Ved Sør-Fron kyrkje

Minnesteinen over Rasmus Stauri og Lise Stauri står på nordsida av Sør-Fron kyrkje i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Det er ein kring 4,5 m høg naturstein frå Vågå. Steinen har tre element; - eit innfelt dobbeltrelieff i bronse, eit felt med innskrift, og ei innskrift heilt nede.

Relieff og innskrift

Relieffet er 45 x 50 cm. Det er signert "E E Ar 54". Innskrifta har titlar, namn og årstal. Det står:

Folkehøgskulestyrar
Rasmus Stauri.
1867-1932
Folkehøgskulestyrar
Lise Stauri
1882-1949.

Heilt nede på steinen står:

Reist av vener
1934

 

Rasmus Stauri

Rasmus Stauri (1867-1932) var skulemann og forfattar. Han var son til gardbrukar Erik Rasmussen Stauri og Sigrid, fødd Valaaker, fødd i Stryn 3. mars 1867 og døydde på Hundorp i Sør-Fron 22. juni 1932. Stauri vart gift i Øystese i Hordaland, 3. august 1907, med Lise Karine, fødd Høye, frå Stavanger.

Rasmus Stauri kjende godt til folkehøgskulemannen Christopher Bruun. Sommaren 1892 var han deltakar på eit sommarkurs på folkehøgskulen hans, Vonheim i Gausdal. Seinare hospiterte han på folkehøgskular i Danmark og Sverige. Etter eksamen frå Stord lærarskule i 1888 var han folkeskulelærar i 10 år i kommunane Skodje, Holt og Idd.

Eigen folkehøgskule

I 1898 byrja han som lærar ved Ullmanns folkehøgskule i Seljord, og i 1902 grunnla og styrde han sin eigen skule, Gudbrandsdalens folkehøgskole på Vik i Kvam kommune i Gudbrandsdalen. I 1915 flytte han skulen til Hundorp i Sør-Fron. Skulen hadde til vanleg to klassar, den eine for vidarekomne, - ungdommar som alt hadde gått eitt år på folkehøgskule.

Skulen utvikla ein nordisk profil ved at skulen frå 1908 mest kvar sommar skipa til lærarkurs med deltakarar frå dei nordiske landa, særleg frå Danmark og Sverige.

Rasmus Stauri skreiv fleire bøker, mellom anna Grundtvig og den Gruntvigske skole (1905), Folkehøgskulen i Danmark, Norge og Sverige (1910), Anders Sandvig og Maihaugen (1926) og Gudbrandsdalens Folkehøgskule 25 år. (1927). Han gjorde opptakten til det som seinare vart heitande Mads Bergs skulesongbok. og medutgjevar frå utgjevingsåret.

Elles var Rasmus Stauri  ein skatta foredragshaldar og deltok aktivt i debatten rundt folkehøgskulen i alle år.

Lise Stauri

Lise Karin Stauri (1882-1949, gift med Rasmus Stauri, var lærar ved Gudbrandsdalens folkehøgskole. Då Rasmus Stauri døydde i 1932, dreiv Lise Stauri skulen vidare til 1948. Ho var den første kvinnelege folkehøgskulestyraren i Norden. Einar Boyesen skriv mellom anna om Lise Stauri i Norsk Bigrafisk leksikon. (19..):

"Det gikk ikke lang tid før hun hadde vunnet tillid og respekt langt ut over sin skoles enemerker. Den søktes ikke bare fra Gudbrandsdalen, men fra ulike landsdeler. Og den har vært noget mer enn en skole: den blev på mange måter et kulturcentrum for hele dalen. (..) Overhodet kunde neppe nogen annen som Norges første kvinnelige folkehøyskolestyrer fylle en slik stilings ansvar og krav på en så fullverdig måte"

Lise Stauri fekk Kongens fortenstmedalje i gull (1947) for skulepionergjerninga si.

Avdukinga

Minnestein over Rasmus Stauri vart avduka olsokdagen, søndag 29. juli 1934. Fjordabladet hadde eit langt stykke om hendinga ei veke seinare. Ei stor folkemengd var tilstades og "fleire framståande menn frå Gudbrandsdalen og andre deler av landet". Formannen i minnestein-nemnda, lensmann Holdhus, ynskte velkommmen, og den eldste læraren ved folkehøgskulen til Stauri stod føre avdukinga.

Historieprofessor Fredrik Paasche heldt tale. Han skildra Stauri som ven, menneske og lærar og då særleg som folkehøgskulemann. På ymse måtar nådde han lenger enn landegrensene, ikkje minst ved nordiske lærarkurs og stemne på folkehøgskulen - gjennom nær 25 år.

Tor Fosnes frå Stryn bar fram helsing frå fødebygda i Nordfjord. Trond Vigerust heldt og tale og la etterpå ned ein blomebukett på Stauri si grav med takk for insatsen hans i den frilynde ungdomsrørsla i dalen. Mads Berg skildra venskap og samarbeid gjennom 40 år. Elles var det helsingar frå tilreisande frå Danmark og Sverige. Fru Stauri takka for at det var reist minnesmerke over mannen hennar. På olsokfesten om kvelden var det tale av forfattaren Johan Falkberget.

Først minnestein over ein person - seinare over to

Minnesteinen sjølv vitnar om at det som opphavleg var minnestein over ein person seinare vart utvida til å bli minnestein over to personar. Steinen vart reist i 1934, bronserelieffet er signert 1954, siste årstalet i innskrifta er 1949.

Rasmus Stauri og Lise Stauri var begge styrarar på Gudbrandsdalens folkehøgskule. Han døydde i 1932, ho i 1949. Begge vart gravlagde på kyrkjegarden ved Sør-Fron kyrkje. Etter at Lise Stauri var død, gav det seg sjølv å utvida minnesteinen til også å omfatta henne. Det vart for det første gjort ved å laga eit nytt dobbeltrelieff som erstatta det opphavlege av Rasmus Stauri, og for det andre ved å utvida namnefeltet.

kjelder:

Fjordabladet.25.06, 30.06.1932, 31.07, 07.08.1934.
Norsk biografisk leksikon. ÅR
Sannum, Frode: Hundorp - ein gard med rik historie. På nettstad: www.oppland.no ...

PERMANENT IDENTIFIKATOR