Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. oktober 2006

Sist oppdatert 18. februar 2019

Kategori

Kommune

Krigsgrav i Nordalsfjorden - Hilmar Hansen



Hilmar Hansen vart arrestert av Gestapo våren 1943. Han døydde i den tyske fangeleiren Vaihingen hausten 1944. Fleire år etter krigen vart han attfunnen. Urna hans vart sett ned på kyrkjegarden i Nordalsfjorden i 1954. "Fall for Noreg" står det på gravsteinen.

Gravsteinen på grava til Hilmar Hansen og mor hans, Maren Uføre, på kyrkjegarden i Norddalen. Gravsteinen vart reist i 2003 i staden for ein eldre stein.

Gravsteinen på grava til Hilmar Hansen og mor hans, Maren Uføre, på kyrkjegarden i Norddalen. Gravsteinen vart reist i 2003 i staden for ein eldre stein.

Biografi i verketVåre falne

"HANSEN, HILMAR ANDREAS, fiskar, Bru. Fødd 24. oktober 1909 i Kinn, son til Hans Hallstensen, fødd i Solund. og Maren, fødd Uføre, fødd 1881 i Kinn. Snikkarskule. Stod i samband med engelske båtar som opererte på kysten, og vart teken av tyskarane. Døydde i Vaihingen nær Stuttgart 21. november 1944."

"Fall for Noreg"

Den vesle kyrkjegarden i Nordalsfjorden ligg eit lite stykke frå kyrkja. På ei av gravene står ein vakker stein med to namn: Hilmar Hansen og Maren Jørgine Uføre, mor og son. Maren Uføre døydde i 1954. Innskrifta "Fall for Noreg" ber bod om at det er ei krigsgrav.

Grava

Urna til Hilmar Hansen vart førd heim like før Maren Uføre døydde på Askvoll sjukestove, 14. november 1954. Dei vart gravlagde i sama grava, måndag 22. juni 1954.

Shetlandsbåtar innom Batalden

Hilmar Hansen budde i Nordalsfjorden. Han var forlova med Selma Buarøy i Batalden. Ho budde hjå foreldra, Jens Buarøy, fødd 1888, og Klara. Det hende at båtar frå Shetland i oppdrag på norskekysten kom inn til Batalden og låg i skjul der. Folk på Batalden hjelpte til med å kamuflera når det trongst. Det hende og at Hilmar var med når han var på kjærastebesøk ute i øyane.

MTB grunnstøytte

Den 14. mars 1943 var to norske motortorpedobåtar (MTB-ar) i aksjon ved Florø. Den eine grunnstøytte på eit skjer ved Naustholmen. Heile mannskapet vart berga om bord i den andre båten som kom seg vel attende til Lerwick på Shetland. Tyskarane saumfor havaristen. På eit vekeblad stod eit namn: Hilmar Hansen.

Døydde i tysk fangenskap

Gestapo arresterte Hilmar Hansen den 16. mars 1943 på eit sagbruk i Nordalsfjorden. Det var siste gongen dei næraste i familien såg han. Han vart førd til fangenskap i Bergen. Den 19. august same året vart han overførd til Grini. To dagar seinare vart han send til Tyskland, fyrst til Natzweiler, seinare til Dachau, Ottobrünn, Daumergen, og til sist Vaihingen, der han døydde.

Politikaren Trygve Bratteli, seinare statsminister i to periodar, var og fange i Vaihingen. Han nemner Hilmar Hansen i boka siFange i Natt og Tåke. Det var først etter at at Bratteli og andre fangar var sette fri, at familien i Nordalsfjorden fekk høyra kva som hadde skjedd.

To arrestasjonar

Tyskarane nøydde seg ikkje med arrestasjonen i Nordalsfjorden. Gestaposkøyta sette kurs for Batalden og kom over Jens Buarøy då han kvilde etter å ha arbeidd med eit sildesteng. Dei arresterte Jens og ransaka huset.

Hilmar Hansen og Jens Buarøy leid same skjebne. Hausten 1943 var begge sende til Nacht und Nebel-leiren Natzweiler ved Strassburg, seinare til andre leirar. Sverre Atløy frå Atløy var og fange i desse leirane, sameleis Kristian Ottesen. Bratteli, Atløy og Ottesen har skrive om fangelivet i Nacht und Nebel-leirane. Dei som kom i desse leirane, skulle ikkje overleva, dei skulle koma bort, i "natt og tåke." Hilmar Hansen og Jens Buarøy var mellom dei.

kjelder:

Firda Folkeblad. 22.11.1954
Firdaposten. 20.03.1993.
Eithun, Grethe, o.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane. 2005.
Opplysningar frå:
Bjarne Andersen, Florø.