Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 06. mai 2003

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnestein over amtsskulestyrar Haakon Aasvejen



Haakon Aasvejen, fødd 1862 i Hegra i Stjørdal, var styrar ved Fjordane amtsskule i åra 1898-1917. Han døydde i heimen sin på Nordfjordeid 6. oktober 1919. Kort tid etter reiste vener og elevar ein minnestein på grava hans.

Minnesteinen over Haakon Aasvejen står på det sørvestre feltet på kyrkjegarden ved Eid kyrkje. Steinen vart truleg reist i 1920.

Minnesteinen over Haakon Aasvejen står på det sørvestre feltet på kyrkjegarden ved Eid kyrkje. Steinen vart truleg reist i 1920.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesteinen

Minnesteinen over Haakon Aasvejen står på kyrkjegarden ved Eid kyrkje. På det øvste sokkelfeltet er skrive:
Amtsskulestyrar * HAAKON AASVEJEN * [teikn for fødd] 21de august 1862 * [teikn for død] 6te oktober 1919
På sokkelfeltet under er innhogge:
Reist av elevar og vener

Haakon Aasvejen

Haakon Aasvejen døydde i heimen sin 6. oktober 1919. Det var stykke i fleire blad etterpå. Edvard Os skreiv om han i bladet Norsk Ungdom. Nedanfor er mesteparten av stykket hans med i noko nyare skrivemåte:

HAAKON AASVEJEN var fødd 21. august 1862 i Hegra. I 1882 tok han eksamen ved Klæbu seminar 1882, og vart så lærar ved Torps privatskule i Elverum eit års tid. Frå Elverum flytte han til nedre Stjørdalen, der han var lærar til han i 1887 vart styrar for Hornindal friskule, ein privatskule som både gav opplæring for born i skulepliktig alder, og for konfirmert ungdom. Aasvejen styrte friskulen i tre år til skulen vart nedlagd i 1890. Han var sidan lærar i Aust-Agder, klokkar i Nedre Stjørdalen og sekretær i Norges venstrelag til han i 1898 vart amtsskulestyrar i Fjordane.

I 1914 gav han ut Ungdomsskulen i Norge i 50 aar, saman med skulestyrar R. Stauri, og sette Nicolaysens reknebok om til norsk. Elles var han med og gjorde opptaket til Landsbanken i Bergen i 1914 og Det norske boklaget i Bergen.

I 1901 vart han vald til formann i Noregs ungdomslag. Men han sa frå at han ikkje kunne ta imot valet.
I den frilynde ungdsomsrørsla og målrørsla har elles Aasvejen gjort eit stort arbeid. Han stod såleis fleire år som formann i Firda ungdomslag.
Med sine gode talegåver og bladmannsevna gjorde han mykje til at Nordfjord kom så snøgt og så tidleg over på norsk målgrunn i skule- og kyrkjestell.

Fylkesskulen for Sogn og Fjordane dreiv han som ein rein folkehøgskule. Gode og sterke nasjonale impulsar fekk den ungdomen som gjekk på skulen i hans tid. Sidan 1917 var han tilsynsmann for ungdomsskulane.

Gravferda

Ved gravferda, måndag 13. oktober, vart det lagt ned 19 kransar. Samuel Roti la ned krans frå Firda Ungdomslag. Han sa mellom anna:

Dei som meir enn nokon annan kjenner den såre saknaden av tilsynsmann Haakon Aasvejens burtgang, er den frilynde ungdomen i Firda ungdomslag. For ingen hev, som Aasvejen, gjeve med so raus hand, og gjort so lite bråk av det, som han. Han var formann i F.U. i 1901-1902 og 1903-1904. Han hev reist um til alle einskildlag som talar i fast rute. Ved særs høve, ved festar og større og viktigare møter, var han den talaren det fyrst var um å få. [.. ..]
Ditt minne vere signa! Gud signe ditt arbeid!

Minnestein på grava

Elevlaget ved Fjordane amtsskule ved formannen Paal Naustdal gjorde opptaket til å reisa ein minnestein på grava til skulestyrar Aasvejen. Vinteren 1919/1920 vart det sendt ut opprop til alle bygdene i Nordfjord om å vera med å reisa minnesmerket. Steinen vart truleg reist i 1920.

kjelder:

Lothe, A.: Målreisingssoga for Sogn og Fjordane.
Fjordenes Blad. 07.10.1919.
Os, Edvard: Haakon Aasvejen. I Norsk Ungdom. 30.10.1919.
Os, Edvard: Haakon Aasvejen. I Firda ungdomslag i 25 aar. Sandane 1922.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-96049 Firda Ungdomslag. Brev, datert 20.11.1919 og 22.02.1920.