Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. april 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein på krigsgrav på Reksta - skipsførar Bernhard Reksten



Våren 1942 gjekk 10 norske skip ut frå Gøteborg med kurs for England. Berre to greidde å bryta den tyske blokaden. Fleire skip vart søkkte av eigne mannskap for at dei ikkje skulle falla i hendene på tyskarane. Mannskapa vart tekne til fange og sette i fangenskap i Tyskland. Bernhard Reksten frå Flora omkom i fangeleir i Polen våren 1944. Etter krigen vart urna hans heimførd og han vart gravlagd på gravstaden på Reksta. Slekt og vener reiste seinare minnestein på grava.

Skipsførar Bernhard Reksten (1906-1944).

Skipsførar Bernhard Reksten (1906-1944).

Eigar: I Våre falne.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Biografi i bokverket Våre falne

"REKSTEN, BERNHARD NICHOLAI, skipsfører, Tune. Født 1. januar 1906 i Kinn, s. av Erik og Maren Reksten. Gift 1936 i Tune med Judith Harriet Brynhildsen, f. 1910. 1 barn. Styrmanns- og skipperskole. Var fører på m/t Buccaneer som ble angrepet 1. april 1942 i Skagerak av tyske sjøstridskrefter. Mannskapet senket selv skipet for at det ikke skulle falle i tyskernes hender. Alle om bord ble sendt til Tyskland, og han omkom våren 1944 i Sonnenburg."

Bernhard Reksten vart heimførd og gravlagd 21. november 1949.

Minnesteinen og innskrifta

Minnesteinen på grava til Bernhard Reksten er av mørk granitt med grovt hogde kantsider og slipt framside. Han er 120 cm høg på den eine sida og 110 cm på den andre, 63 cm brei og 30 cm tjukk.

På framsida under ein kross står skrive:

Kaptein * BERNHARD NIKOLAI * REKSTEN * (teikn for fødd) 1-1.1906 * (teikn for død) 16-2.1944 i Tyskland. * Du gav ditt liv for * fridom og rett. Slekt og * venner gav deg dette * minne med ugløymande * takk for truskap mot * fedrelandet.

Kort om hendinga

Kvarstadbåtane er nemning på 10 norske skip som etter det tyske angrepet på Norge 9. april 1940, vart liggjande i arrest (på svensk: kvarstad) i Sverige til mars 1942.

Britane og den norske regjeringa i London ynskte å få skipa over til England, medan tyskarane prøvde å hindra dette. Sommaren 1941 vart skipa etter forhandlingar utleigde til Storbritannia og arresten dermed oppheva. Utfordringa vart no å få dei gjennom den tyske sjøblokaden. I operasjon Performance gjekk dei ut frå Gøteborg påska 1942. Det vart ein elendig "performance". Berre to skip greidde å bryta blokaden, to vart senka av tyske bombefly, fire av eige mannskap og to greidde å koma attende i svensk hamn. Mannskapa vart tekne til fange og førde til Tyskland.

kjelder:

Norsk Krigsleksikon 1940-45. Oslo 1995.
Rustung Hegland, Jon: Nortraships flåte. (..) Oslo 1976.
Opplysningar frå:
Sylvi Storhaug, Flora.

PERMANENT IDENTIFIKATOR