Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. juli 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Krigsgrav på Novelandet



Nær 120 000 amerikanarar miste livet i fyrste verdskrigen, dei fleste på frontane i Frankrike. Ein var Lorents Bakke frå Bremanger. Han utvandra til Amerika i 1911. Lorents Bakke kom heim att som fallen amerikansk soldat i Frankrike, og vart gravlagd på kyrkjegarden på Novelandet.

Krigsgrava på kyrkjegarden på Novelandet. Den norsk-amerikanske soldaten Lorents Ulriksen Bakke vart gravlagt her den 16. mai 1922.

Krigsgrava på kyrkjegarden på Novelandet. Den norsk-amerikanske soldaten Lorents Ulriksen Bakke vart gravlagt her den 16. mai 1922.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Gravminnet

Minnesteinen på grava til soldaten Lorents Bakke på Novelandet skil seg ut frå dei andre gravminna. Han er større og har eit særeige, innfelt tekstfelt. Skrifta står på svart botn, er omgjeven av ein sølvbladkrans og er dekt med ei glasplate. Det står:
LORENTS * ULRIKSSON * BAKKE * f. 29/1 1891 * Fall i Frankrike * 6/10 1918. * Takk for alt. * Signa vere * minnet ditt

Opphavleg var det truleg ein karm som markerte grava framfor støtta. Det var vanleg i mellomkrigstida, men slike gravkarmar vart fjerna i stort omfang frå 1950-åra av for å letta slåttearbeidet.

Odelsguten reiste til Amerika

Folketeljinga 1900 viser at Lorents Bakke var eldste son til gardbrukar og notbas Ulrik Bakke og Karianne, f. Løviknes. I 1871 budde Ulrik Bakke på garden Rise i Midtgulen sokn (Svelgen), men kring 1895 flytte familien til Bakke på Bremangerlandet. Ulrik Bakke står oppført som sjøleigar, fiskar og notbas, - dessutan dreiv han med tarebrenning. Ulrik Bakke og Karianne hadde åtte born i teljingsåret 1900. Alle var heimeverande og hjelpte til i den allsidige drifta.
Våren 1911 reiste Lorents Bakke til Amerika. Han er registrert utreist frå Bergen 25. april.

Heim att i kiste

Lorents Bakke fall i Frankrike 6. oktober 1918, kort tid før krigen var slutt, 11. november. Fire år seinare kom han attende til heimstaden på Novelandet, i ei spesiallaga kiste. Ringen var på ein måte slutta. Folk har fortalt at det var ein ''traust amerikansk soldat'' som kom med han. Det var gravferd på kyrkjegarden på Novelandet 16. mai 1922.

Om Lorents Bakke i amerikansk militærarkiv

Eit nasjonalt arkiv i staten Maryland, USA, har ei avdeling for militærarkiv. I dette arkivet er oppbevart ei mappe på Lorantz Bakke (frå Easton, Kansas), private (menig), 1st/cl (first class), 2107572, Co (kompani) F, 23rd Infantry. Her finst opplysningar om hendinga då han fall, om gravlegging og om korleis det bar til at han vart flytta til Norge og heimstaden Bremanger.

Fleire drepne momentant

Om føremiddagen 6. oktober 1918, var kompani F fem kilometer frå Somme Py. Under framrykking kom styrken under tung artilleri- og maskingevær-eld. Eit direkte granattreff, ca. kl. 10.30, drap fleire momentant. Lorents Bakke var ein av dei.

Gravlagd to gonger i Frankrike

Menig Lorantz Bakke, 2107572, vart fyrst gravlagd på ein kyrkjegard i St. Etienne-a-Arnes, Ardennes. Grava vart markert med ein kross der det var festa ei identifikasjons-brikke (Ulrik Bakke fekk tilsendt eit fotografi av grava frå Røde Kors). Sommaren 1919 vart liket flytta til sentralkyrkjegarden for amerikanske falne, Argonne American Cemetry, Romagne-sous-Montfaucon, Mouse.

Faren ynskte å få sonen heim

Vi veit ikkje kva tid Ulrik Bakke fekk melding om at sonen var død, men ved årssikiftet 1918/1919 sende han telegram til Amerika der han bad om å få sonen sin heim. Og Ulrik Bakke fekk ynskjet sitt oppfylt. I mai 1922 kom ei kiste til Kalvåg eskortert av conveyer Thomas E.M. Douglas. Ulrik B. Bakke kvitterte 15. mai for ''the remains of BAKKE, Lorantz, Pvt.[..]'', og eit amerikansk flagg. Dagen etter vart Lorents Bakke gravlagd, for tredje gong.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå:
Ingvard Joranger, Kvinnherad.
Knut Arne Vadøy, kyrkjeverjekontoret, Bremanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR