Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. juni 2001

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Konrad Byrknes ved Mjømna kyrkje



Etter mobiliseringa 9. april 1940 reiste mannskap frå heile Sogn og Fjordane til mønstringsstaden Bømoen på Voss. Vel 2000 mann vart frå 19. april overførte austover og var med i stridane i Valdres fram til kapitulasjonen 30. april. Konrad Byrknes var ein av dei som ikkje kom heim att i live. I juli 1945 vart det avduka ein minnestein på grava hans ved Mjømna kyrkje.

Minnesteinen over Konrad Byrknes (1915-1940) står på grava hans på kyrkjegarden ved Mjømna kyrkje. Steinen er vel 3 meter høg, 55 cm brei og 23 cm tjukk.

Minnesteinen over Konrad Byrknes (1915-1940) står på grava hans på kyrkjegarden ved Mjømna kyrkje. Steinen er vel 3 meter høg, 55 cm brei og 23 cm tjukk.

Eigar: Fylkesakrivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i bokverket Våre falne

BYRKNES, KONRAD KRISTOFFERSEN, fiskar, Gulen. Fødd 7. mai 1915 i Byrknesøy, s. til Kristoffer Kolbensen, f. 1889 i Byrknesøy, og Ingeborg f. Martinsen, f. 1884 i Fedje. Gift i Byrknesøy 1940 med Berly Ingvaldsdatter Nordheim, f. 1917 i Gulen. 1 barn. Fall som maskingeværskyttar under kampane i Bagn i Valdres 20. april 1940. Gravlagd ved Mjømna kyrkje.

Portrettbilete av Konrad Kristoffersen Byrknes.

Innskrifta

På framsida, som vender mot aust, står:

KONRAD * KRISTOFFERSEN * BYRKNES * FØDD 7. MAI 1915 * FALL I STRIDANE * I VALDRES * 20. APRIL 1940 * DU GAV ALT * FOR FEDRELANDET.

På baksida står:

REIST AV BYRKNES * KRINS OG NÆRASTE * GRENDER I DJUP * TAKKSEMD

Bilete av steinen.

Avduking sommaren 1945

Kort tid etter at Konrad var gravlagd på Mjømna, 11. juli, sette bygdefolket i gang ei innsamling til eit minnesmerke på grava hans. Det vart kjøpt inn stein, men mange ting gjorde at steinen ikkje vart reist og avduka med det same. Ein valde å venta til krigen var over. Steinen vart avduka søndag, 8. juli 1945.

Bilete frå ei markering ved steinen.

Avdukingstalen

Det var fyrst minnegudsteneste for dei falne. Etter gudstenesta samla folket seg rundt minnesteinen og talarstolen som var reist like ved. Høgtidsstunda byrja med song av eit kor frå Byrknes før kaptein Skaathun heldt avdukingstalen. Han var sjølv med i stridane i Valdres og var komen på oppmoding frå Distrikstkommando Vestlandet i Bergen. Han slutta med talen med desse orda:

"Måtte så denne steinen alltid stå i fri norsk jord og som eit vitnemål om folket sin truskap og vilje til å halda saman i gode og vonde tider."

Bilete av ein anna minnestein med namnet til Konrad Byrknes på.

Dikt

Etter talen las Harald Wergeland eit minnedikt (prolog) skrive av Astrid Knudsen. Diktet på 35 vers, skildrar guten og mannen, krigsutbrotet, mobilisering og avskil, otte og venting, ein som ikkje kom att, sorga og saknaden, men også takksemd.

Me kjenner ein inderleg trong i vårt sinn
til å syna deg takka så stor!
men uttrykk som høver me slett ikkje finn,
det vert berre så fattige ord:
Me takkar deg her, me vil takka deg enn,
ditt heimland, ditt folk, dine kjære, di grend.

Steinen gjeven til kyrkjesoknet

Formannen i nemnda, Harald Wergeland, greidde ut om arbeidet som var gjort med å få reisa steinen, og gav deretter steinen til kyrkjesoknet, representert ved soknerådet. Det vart lagt ned fleire kransar, mellom anna frå pårørande, kyrkjelyden, Byrknes og Øyane Fiskarlag og Hæren.

Bilete av steinen.

Bilete av dottera Karin og kona Berly ved minnesteinen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 17.07.1945. Leikanger.
Våre falne. Oslo 1949.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment nr. 10 i gamal og ny tid. Oslo 1996.
Opplysningar frå:
Berly Vedsetvik, Gulen.
Manuskript til avdukingstale og minnedikt.
Referat frå avdukinga ved Lars Gåta.

PERMANENT IDENTIFIKATOR