Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein over lærar og klokkar Gjert Aarnæs



Gjert Aarnæs frå Viksdalen var lærar i Viksdalen frå 1876 til han døydde i 1910. Han var folkeopplysar, politikar, fråhaldsmann, målreisar og misjonsven. I 1912 reiste skulekrinsen ein minnestein over Aarnæs.

Minnesteinen over lærar og klokkar Gjert Aarnæs på kyrkjegarden ved kyrkja i Viksdalen. Steinen står på grava hans, heilt vest på kyrkjegarden.

Minnesteinen over lærar og klokkar Gjert Aarnæs på kyrkjegarden ved kyrkja i Viksdalen. Steinen står på grava hans, heilt vest på kyrkjegarden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen
Minnesteinen over lærar og klokkar Gjert Aarnes står på grava hans vest på kyrkjegarden ved Viksdalen kyrkje. To store bjørker dannar eit solid "ryggstø". Det er ein kring 4 m høg hoggen stein av raudleg granitt. Steinen er kvadratisk forma ved rota og smalnar noko mot toppen. På framsida er der innskrift i eit ovalt felt:
KYRKJESONGAR * G.L. * AARNÆS * 1854 - 1910.
Under ovalen står namnet på kona hans:
ANNA AARNÆS * 1847 - 1937

I Viksdalen
Gjert Aarnæs, fødd på øvre Årnes i Viksdalen 7. juni 1854, var son til gardbrukar Lars Nilsson og Nille Gjertsdotter Årnes. Han vart gift med Anna Olsdotter, fødd Øvrebø, fødd i Solvorn i Luster. Dei hadde 10 born.
Gjert Aarnæs gjekk på lærarskulen i Balestrand og tok eksamen i 1876. Han byrja straks etter som lærar i Viksdalen og var lærar og klokkar der til han døydde 17. oktober 1910, berre 56 år gammal.

Mange interesser og arbeidsfelt
Etter at Aarnæs vart tilsett i folkeskulen i Indre Holmedal kommune (frå 1911 Gaular), budde han nokre år heime på farsgarden ytre Årnes. I 1883 kjøpte han plassen Kvamshågjen under Kvamen. Plassen vart same året skilt ut som eige bruk. Her budde han livet til endes. Det kan setjast mange merkelappar på Gjert Aarnæs. Han var gardbrukar, lærar og klokkar. Han var folkeopplysar, politikar og venstremann, norskdomsmann og målreisar, fråhaldsmann og misjonsmann.

Rognald Hestebeit om Gjert Aarnæs
Då Anders Lothe arbeidde med Målreisingssoga for Sogn og Fjordane i åra fram mot 1950, ba han folk rundt om i fylket om å senda opplysningar og minnestoff til han. Gardbrukar Rognald Hestebeit i Viksdalen, ordførar i Gaular ei tid og lokalhistorisk interessert person, skreiv og fortalde om Aarnæs. Han hadde gått i skulen for Aarnæs og vart seinare ein god ven. Mellom anna skreiv Hestebeit:

"Gjert Aarnes var i beste meining folkeskulelærar. Det var ikkje berre borni, men folket óg som måtte få opplysning, og fekk dei det, so trudde han at alt rangt laga seg. Det var han som fekk vera såmannen for dei nasjonale rørslone som seinare har livd i bygdi, og dei som samstundes med han - og seinare - har vore berarar av det beste millom folket, har vore elevane hans."

"Aarnes var ikkje nokon agitator som i ei snarvende fekk dei mange med, og han møtte mykje motbør, ikkje minst frå kollegaer med eit konservativt syn, og det var dei som slo frampå um at dei var meir lærde, dei hadde gått på Stord, det var andre greidor enn Balestrand."

"Eg trur ikkje å segja for mykje, når seg ser det so at eg ikkje har kjent nokon som har vore so fri for trong til eigi ære og sjølvbate. Det var folket som låg honom på hjarta; i lag med dei hadde han sorg og gleda."

"Eg skal nemna eit minne som eg trur betre enn noko anna karakteriserer mannen:
- Ein kveld kom han på vitjing til oss og sat og prata om ditt og datt i huslyden; men eg skyna at det var noko som han ikkje hadde hug å nemna so alle høyrde på. Han bad meg so ut um døri, som me seigjer, og so kom det: "Eg har mest ikkje fått sova heile veka; eg har lege og tenkt på at i vinter har det ikkje vore gjort noko for folket, ikkje emissærar eller uppbyggjingsmøte, ikkje noko i fråhaldslaget eller noko anna. No vil eg høyra om du vil vera med å hjelpa til, same kva det er for noko, berre noko vart gjort." Og so rann tåra so sårt. Dette var mannen Gjert Aarnes."

Indre strid i Indremisjonen
Jan Anders Timberlid fortel i bygdeboka for Gaular at Gjert Aarnæs vart leiar i det lokale indremisjonslaget frå 1886. I åra 1903/04 kom han i opposisjon til laget sitt. Han var kritisk til den vidgjetne emissæren Andreas Lavik som då var på Stortinget. På årsmøtet i løa til Mikal S. Viken i 1904 hevda Aarnæs at Lavik "med sin politikk" hadde vore med på å splitta kristenfolket i to fløyar. Han nådde ikkje fram med synet sitt, og fekk etter dette lite å seia i indremisjonen, skriv Timberlid.

Hard målstrid
Gjert Aarnæs vart tidleg med i arbeidet for norsk mål i skule og kyrkje. Målstriden var ekstra hard i Gaular. Presten Borchrevink og etter han Gloppestad, var beinharde riksmålsmenn. Dei hadde og ein sterk posisjon som formenn i skulestyret i mange år. I femårsmeldinga for folkeskulane i kommunen for åra 1890-1895 står særskilt notert at "Læse- og lærebøger i Indre Holmedals folkeskole saavelsom børnenes skriftlige arbeider skal være affattede i det almindelige bogmaal."

I arbeidet for nynorsk hadde Aarnæs i første rekkje med seg bonde Ola O. Døskeland, lærarane Bernt Ulvedal og Eikeland. Mållag og ungdomslag var óg til stor hjelp. Nynorsk vart heilt og fullt innførd i 1908, men spørsmålet vart teke opp att i kommunestyret i 1910 og då tapte målfolket med det resultatet at riksmålet vart førd inn att i fleire krinsar.

Prenta skrift
I 1907 kom ei ny rettskrivingsnorm. Gjert Aarnæs laga eit skrift i dette høvet og fekk det trykt på Nordfjordeid i 1908 eller 1909. Det er på 6 sider og har tittelen Um norsken i skulen og dei nye skrivereglarne.

Gravferdsdagen
Gjert Aarnæs døydde i 1910, brått og uventa etter nokre dagars sjukelege. I boka Kulturkamp i Sunnfjord (1965) har Nils Husetuft eit stykke om han. Om gravferda står det:

"Gravferdsdagen synte det seg at han ikkje hadde fått heile bygdi imot seg, men med seg. I heimen var det møtt mange fram. Det vart halde mange taler, m.a. av sokneprest Gloppestad og kyrkjesongar M. Foss, Sande. Kyrkja var vent pynta av ungdomen i Viksdalen, og ho var fullsett. Det var mange kransar og minneord. Sunnfjord fylke av D.N.T. sende ein målsmann med takkeord og blomar. Gravferdsdagen var ein høgtidsdag av dei sjeldne. Hans gode ven og stridsbror, lærar Eikeland, bar fram sine takkeord ved båra såleis:

Takk kjære Aarnes for alt du var her på jordi!
Takk for dei trauste, dei trugne og fredsæle ordi!
Takk for ei ferd,
takk for alt arbeidet her!
Herren skal løni di gjeva!

Takk for di soltru (sic.) på alt som skal framgangen finna,
Takk for du sa oss: Det gode og reine skal vinna!
Takk for alt godt,
vere det stort eller smått!
Alle me trudt deg skal minnast!"

Minnestein
I 1912 reiste bygdefolket minnesteinen på grava til Aarnæs. Steinen var avduka 17. mai. Dei fann steinen på Hellebust, han vart tilhoggen av Hans Hellebust og reist av Viken skulekrins. "Steinen er eit synleg minne og ei takk for gjævt arbeid for det som fremjar folkelukke, og det er ei takk for ærleg strid mot tynande makter i samfunnet." (Rognald Hestebeit i omtale av Gjert Aarnæs til Målreisingssoga for Sogn og Fjordane (1950).

kjelder:

Mads Flokenes, red.: Kulturkamp i Sunnfjord. Soga om måtehaldsrørsla og Sunnfjord D.N.T. i hundre år. 1965.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 3, 1995.
Fjordenes Blad. 22.10.1910.
Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950. Nordre Bergenhus Folkeblad. 06.06.1912.

PERMANENT IDENTIFIKATOR