Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Gravminnet på grava til sårlege Jens Drægelid



Yrkestitlar på gravsteinar er ikkje uvanleg, helst då på eldre gravminne. Til dømes finn me på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje: bonde, sorenskriver, overrettssakfører, kirkesanger, lærar og toneskald, kaptein, fanejunker, og fleire. På kyrkjegarden på Bakka i Nærøyfjorden finst det ein gravstein med ein heller sjeldsynt yrkestittel: «saarlæge».

Gravsteinen på grava til sårlege Jens Larsen Drægelid står på kyrkjegarden ved Bakka kyrkje i Nærøyfjorden.

Gravsteinen på grava til sårlege Jens Larsen Drægelid står på kyrkjegarden ved Bakka kyrkje i Nærøyfjorden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Innskrifta

Gravsteinen er godt vedlikehalden og innskrifta er lett å lesa. Det står:

SAARLÆGE
JENS LARSEN
DRAGELI
(teikn for fødd) 3/12 1814
(teikn for død) 20/3 1900
MATH 5.7

Merknader til innskrifta:

Drageli: Etternamnet er elles skrive Drægelid, Jens Drægelid. Drægali er namnet på eit gardsbruk øvst i Dyrdal, den første grenda på veg inn Nærøyfjorden.
Bibelordet, Matteus evangelium, kapittel 5, vers 7, står i Bergpreika, «Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.»

Nekrolog

Den 24. mars 1900 hadde Sogns Tidende nekrolog med overskrifta «Gamle Drægelien»:

«Gamle Drægelien er død. Hvem i Sogn kjendte ikke Drægelien ialfald af Navn. Mange Syge søgte ham, navnlig for Saarsygdomme, men ogsaa for andre Sygdomme henvendte man sig til ham. Og ikke faa skal have ham at takke for helbredelse.

Jens Drægelid var ingen almindelig Kvaksalver; han var en forstandig og samvittighedsfuld Mand, som, hvor han forstod, at hans Kunst ikke strak til, henviste de Syge til en examineret Læge. Han havde et intelligent Ydre og det siges, at hans Indre stod i Forhold hertil.

N.B. Amtsthing [Nordre Bergenhus] viste ham for nogle Aar siden den Opmærksomhed; paa Forslag af Ordføreren frå Drægelids Hjembygd [Aurland kommune], at bevilge ham 100 Kroner som Erkjendtlighed for hans Virksomhed som Saarlæge.

Om Jens Drægeli i Kulturhistorisk Leksikon

Kulturhistorisk Leksikon har artikkel om grenda Dyrdal. Eit avsnitt handlar om Jens Larsen Drægelid:

«Eit særtrekk i Dyrdal er at dei hadde eige hospital på 1800-talet. Dette skuldast den kloke karen Jens Larsen Drægelid som opphavleg var bonde på bruket Drægali. Etter å ha lese om tradisjonell plantemedisin lærde han seg lækjarkunsten, og vart ein vidgjeten bygdedokter. På staden "alle slag skòri" og på Solaløysa på austsida av fjorden, fann Jens dei urtene og plantene han trengde i medisingjerninga. Då Synneva Olsdotter Dyrdal, kona til Jens, omkom i ei fallulukke, overtok sonen garden medan faren bygde eit hus til seg sjølv og ei stove til å ta imot dei sjuke lenger ned mot tunet på Dyrdal. På det meste kunne Drægalien, som han vart kalla, ha 8 sengeliggjande pasientar på hospitalet.»

kjelder:

Sogns Tidende, 24.03.1900

PERMANENT IDENTIFIKATOR