Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 13. juli 2001

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein over Sigurd Fossen



Folk i Sogn og Fjordane har heidra minst åtte personar med minnestein for innsats i song- og musikklivet. To minnesteinar står på kyrkjegarden i Holmedal, - den eine på grava til Sigurd Fossen, den andre på grava til Ola Espedal.

Holmedal Musikklag kring 1933. Fremste rekkja frå venstre: Øyvind Skarstein (cello), Theodor Nilsen (mandolin), Andreas Fossen (fele), Kristian Lerpold (sitar) og Sverre D. Vårdal. Rekkja bak: Hjalmar Rivedal, Sigurd Fossen, Peder Søreide, Sigvard og Håkon Fossen.

Holmedal Musikklag kring 1933. Fremste rekkja frå venstre: Øyvind Skarstein (cello), Theodor Nilsen (mandolin), Andreas Fossen (fele), Kristian Lerpold (sitar) og Sverre D. Vårdal. Rekkja bak: Hjalmar Rivedal, Sigurd Fossen, Peder Søreide, Sigvard og Håkon Fossen.

Eigar: Ottar Haugen.

Datering: 1932-1935.

Fotograf: Ukjend.

Minnesteinen

Minnesteinen over Sigurd Fossen står på grava hans på nordsida av Holmedal kyrkje. Steinen er laga av ein mørk bergart, og er kring 150 cm høg, 60 cm brei og 20 cm tjukk. Framsida er slipt og innskrifta forma i kvite bakgrunnsfelt. Under eit krossmerke øvst står: SIGURD FOSSEN * [f.] 18-8-1906 * [d.] 3-7-1935 * Mat.5.6 * Reist i takksemd * av Holmedal songlag
Merknad: I Mat. 5.6. står: "Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud."

Foreldra

Sigurd Fossen, fødd på Solheim i Jølster 18. august 1906, var son av lærar og kyrkjesongar Anders Andersson Fossen, fødd 1855 på Ormberg i Jostedal og Kristina Sjursdotter Ålhus (1874-1918). Fossen gjekk den eitt-årige lærarskulen i Balestrand i 1875-1876, og Hamar lærarskule 1882-1884. Han var lærar i Jostedal i åra 1877-1895, lærar og klokkar i Gaular, (Bygstad), 1895-1898 og lærar og klokkar i Jølster (Ålhus) frå 1898 til han slutta som lærar i 1923. Same året flytta han med huslyden sin til Holmedal, og busette seg på småbruket Kroken, eller "Utsikten" under garden Holmedal.
Anders Fossen var gift tre gonger, 2. gongen med Kristina Ålhus. Dei hadde 6 born i lag. Sigurd var nummer 2 i syskenflokken. Kristina døydde på barselseng.

Eit kort liv

Sigurd var 17 år då han saman med faren, stemora Nikolina og sysken kom til Holmedal. Sigurd hjelpte til på småbruket som var stort nok til å fø 2-3 kyr, og sette seg opp eit lite hus der han hadde ein snikkarverkstad. Då faren døydde, flytta Nikolina inn hjå Sigurd, og her budde begge til Sigurd døydde etter ein mageoperasjon, 3. juli 1935, berre 30 år gamal.

Skipa musikklag og mannskor

I 1926 vart det halde eit musikkurs i Holmedal der Sigurd og fleire andre var med. Sidan vart Sigurd leiar for 12-15 ungdommar som jamt og trutt kom saman til øving og speling. På dette viset kom Holmedal musikklag i gang, - fyrst med feler og trekkspel, seinare utvida med cello, orgel, mandolin og fløyte. "Han var ein svær kar til å læra frå seg, fortel Jostein Haaland, Holmedal, som gjekk på kurs hjå Fossen då han var 11 år gamal.
I 1931 eller 1932 vart det halde nytt kurs med tilreisande lærar, ein med namnet Smilden frå Hyllestad. Musikklaget nådde etter kvart såpass høgt nivå at dei reiste rundt og heldt konsertar, - i Hyllestad og Solund, i Dale, Sande, Førde og Jølster.
Sigurd Fossen fekk òg i gang eit mannskor der han sjølv var dirigent. I det heile la Sigurd ned eit stort og verdfullt arbeid for song- og musikklivet i Holmedal den korte tida han fekk leva.

Andre heldt fram

Etter at Sigurd Fossen fall frå, tok andre over leiinga av dei to laga. Musikklaget heldt det gåande til 1940, dei siste åra under leiing av Andreas Fossen, bror til Sigurd. Hjalmar Rivedal, ein ung interessert songar og felespelar, tok leiinga i mannskoret. Med ymse mindre avbrot var koret i verksemd til midt på 1950-talet då Holmedal blandakor og Holmedal mannskor frå 1955 gjekk saman i eitt kor, Holmedal Songlag.

kjelder:

Sunnfjord Songarsamband. 50 år. 1973.
Sunnfjord Songarsamband. 25 år. 1923-1948.
Kristiansen, Astrid: Eit musikklag før "kulturkronene" si tid. I: Sogn og Fjordane Magasin. Nr. 3. 1983.
Opplysningar frå:
Jostein Haaland, Holmedal.
Sigurd Bjarne Fossen, Bergen.
Ottar Haugen, Orkanger.