Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. juli 2001

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over fylkesmann Hans Seip



Hans Seip (1881-1945) var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1929 til han vart avsett av NS-regimet sommaren 1941. Han flytte då til Fjærland. På nyåret 1945 vart han sjuk og døydde 14. mars. Etter eige ynskje vart han gravlagd i Fjærland. I 1949 reiste fylket ein minnestein på grava hans.

Fylkesmannsgarden på Leikanger, bustad og kontorstad for fylkesmannen i Sogn og Fjordane i åra 1862-1974. Frå 1985 har huset vore brukt til barnehage.

Fylkesmannsgarden på Leikanger, bustad og kontorstad for fylkesmannen i Sogn og Fjordane i åra 1862-1974. Frå 1985 har huset vore brukt til barnehage.

Eigar: Fylkesakrivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi

I boka Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane, 1814-1970, står denne biografien:

"HANS KRISTIAN SEIP, fødd i Røyken, 6. november 1881, son åt sokneprest Jens Laurtiz Arup Seip og Marte Fredrikke Aubert. Eksamen frå Kristiania tekniske skule 1900, studerte i Sveits 1902-1903. Var frå 1900 til 1915 tilsett i Statens vegstell, tilsett som avdelingsingeniør i Bergen frå 1915, vegsjef i Bergen frå 1921 til 1929 då han vart utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane. I 1941 vart han avsett av dei tyske styresmaktene, budde seinare i Fjærland. Døydde på sjukehuset i Lærdal 25. mars 1945.

Var m.a. ordførar i Bergen, var med i fleire nemnder og styre, også departementale nemnder. Etter at han var død vart det utgjeve ei bok om Sogn og Fjordane som han hadde gjort ferdig. Han var gift med Inga Larssen, dotter åt kjøpmann i Koparvik, Ingebret Larssen og Thorunn Sandvig."

Bilete av Hans Kristian Seip.

Minneord i Stortinget

Hans Seip var stortingsmann for Venstre frå Sogn og Fjordane i åra 1934-1940. Då Stortinget frå 1940 kom saman etter krigsutbrotet, 14. juni 1945, var ni representantar avlidne. Stortingspresident Hambro sa minneord om kvar av dei. Om Hans Seip sa han:

"Han representerte Sogn og Fjordane fylke, og var formann i Stortingets militærkomite. Alle vi som har samarbeidet med ham, vil vite at han etterlater seg et stort tomrom på den plass hvor han satt. Vi minnes ham særlig for hans deltagelse i de siste års forhandlinger, hans ivrige og dyktige forsøk på å samle meninger og standpunkt i de mange ikke lette saker han var satt til å vareta som formann i sin komite."

Minneord i fylkestinget

Det fyrste fylkestinget etter krigen kom saman i Fjærland 3. september 1945. Konstituert fylkesmann, lensmann N. O. Øvrebø i Jølster, opna med minneord om fylkesmann Seip. Han sa mellom anna:

"Seip kom her til fylket i ei vanskeleg tid. Fylket var inne i ei økonomisk krise, og primærkommunane like eins. Det var ikkje lett å taka leidinga av fylket; men Seip synte snart at han var rette mannen. Med sine rike evner, og si stor arbeidskraft gjekk han inn for fylket sine oppgåver frå fyrste stund, og han sette merkje etter seg på så mange måtar. Men han var ikkje berre ei kraft i offentleg arbeid: han var ogso stor som menneske, og difor var samarbeid og samvær med han so lærerikt; ein hadde alltid noko att. Han var eit overskotsmenneske."

Minnestein reist 1949

Det same fylkestinget vedtok å be familien til Seip om å få reisa minnestein på grava. Steinen vart reist og avduka søndag, 19. juni 1949. Fylkestinget vart dette året halde i Førde, og som avslutning reiste tingmennene med buss over Gaularfjellet til Vetlefjorden og vidare med båt inn til Fjærland.
Frå familien møtte enkefru Seip og sonen, Inge Seip.

Bilete av minnesteinen.

Gudsteneste

Hotelleigar Dahle helsa velkomen før kyrkjelyden song salma som Seip skreiv kort tid før han døydde, ein avskilsong: "No Krist ver lova for kvar ein livsens dag." Prost Reed tala ut frå Lukas 24 om Jesu ord til læresveinane om å vera budde med kraft frå det høge. Det var same teksten Seip sjølv hadde tala over i same kyrkja, Kristi himmelfartsdag 1944.

Avdukinga

Etter gudstenesta samlast folket ved grava der minnesteinen var sveipt i eit kvitt klede. Formannen i fylkestinget, ordføraren i Lærdal, P. S. Hjermann heldt avdukingstalen. Mot slutten av talen sa han:

Ordførar Hjermann gav så steinen til familien, og Inge Seip takka fylkestinget. - "Far elska folket her", sa han, "og sette det høgt."

Fylkestinget i Fjærland 1941

Leiv Revheim vart tilsett som ekstrabetjent på fylkesmannskontoret hausten 1937. Til skriftet Jol i Sogn 1997 skreiv han ein interessant artikkel om "mennesket og fylkesmannen" Hans Seip. Revheim var med på fylkestinget i Fjærland i juni 1941, det fyrste etter at NS-regimet ved forordning av 25. september 1940, hadde innført nyordning av den kommunale styringa. Han fortel om hendingar og handlingar som ikkje vart skriftfesta i protokollar eller på noko dokument, men som høyrer med for å få eit fullstendig bilete av skiljet og spenningane mellom den NS-prega delen i dette fylkestinget og motstandarane, og av fylkesmannen si plassering.

Revheim hugsar t.d. då fylkestinget var samla i kyrkja. Det vart sunge fleire fedrelandssalmar. Fylkesmannen, Hans Seip, gjekk fram i kordøra og heldt ei lita preike der han i alvorstunge ord refsa alle som hadde svike fedrelandet.

Vidare hugsar han frå fylkestinget sitt konstituerande møte då fylkesformannen, NS-ordføraren i Høyanger, reiste seg og skulle halda ein propapagandatale for "den nye tid". Som møteleiar sat fylkesmannen på ein stol vendt mot forsamlinga. Han reiste seg, snudde stolen sin, sette seg, og vart sitjande med ryggen vendt mot talaren og forsamlinga.

Begge hendingane, saman med den som vart ført til protokolls, fylkesmannen sitt nei til å senda helsingstelegram til Quisling, vitnar om sterk overtyding og gjorde sterkt inntrykk, i begge leirane. Seip vart avsett kort tid etter, 25. juli 1941.

Bok om fylket

Åra i Fjærland nytta den avsette fylkesmannen til å skriva bok om Sogn og Fjordane fylke i perioden 1837-1937. Han var så og seia ferdig då han vart sjuk og døydde. Familien overlet manuskriptet til fylkesadminsitrasjonen i 1945, men det skulle gå 13 år før boka kom ut, vinteren 1958.

Hans Seip si bok, Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, er eit stort tilskot til fylkessoga, eit "klassisk" oppslagsverk, - om samferdsla, helsestellet og skulestellet, om jordbruket og skogbruket, den viktigaste næringsvegen denne perioden, og om den fyrste elektristitetsutbygginga. Dessutan inneheld boka oversyn over fylkesmennene i perioden og administrative inndelingar og endringar.

Bilete av framsida på Seip si bok om Sogn og Fjordane fylke.

Sogn og Fjordane fylke

Sogn og Fjordane fylke vart oppretta i 1763 som Nordre Bergenhus Amt ved at det tidlegare Bergenhus Amt vart delt. Grensene var omlag dei same som nå. Oppheim sokn høyrde til nordre og noko av Gulen til søndre amt. Seinare vart to gardar i Stryn overførde til noverande Møre og Romsdal fylke.

Namnet vart endra til Sogn og Fjordane fylke ved lov av 14. august 1918. To andre namnealternativ var: Sogn og Fjordane syssel, og Sygna og Firda Syssel.
Nynorsk er Sogn og Fjordane fylke si målform, fyrst gradvis gjennomført frå 1923, sist stadfest i 1995.

kjelder:

Revheim, Leiv: Mennesket og fylkesmannen Hans Seip. I Jol i Sogn.1997.
Firda. 23.06.1949.
Seip, H.:Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. 1958.
Sogn og Fjordane fylke: Fylkestingsforhandlingar. 1945.
Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane, 1814-1970. 1973.
Statsarkivet i Bergen:
Arkivet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR