Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein på krigsgrav i Flå - Ingvald Jakob Oppedal



På kyrkjegarden ved Flå kyrkje står ein minnestein på grava til to soldatar som fall i kamp med tyske styrkar i april 1940. Ein av dei var Ingvald Jakob Oppedal frå Viksdalen i Sunnfjord. I 1947 vart det reist ein minnestein på grava.

Grava til Ingvald Oppedal og Hans Eidsvik på kyrkjegarden ved Flå kyrkje. Biletet er frå jordfestinga 23. juni 1940. Dei to til venstre er Magny Lyngstad og Harald Oppedal.

Grava til Ingvald Oppedal og Hans Eidsvik på kyrkjegarden ved Flå kyrkje. Biletet er frå jordfestinga 23. juni 1940. Dei to til venstre er Magny Lyngstad og Harald Oppedal.

Eigar: Johannes Oppedal

Datering: 1940.

Fotograf: Ukjend.

Biografi i bokverket Våre falne

"OPPEDAL, INGVALD JAKOB, sersjant, Gaular. Fødd 6. september 1917 i Bergen, son til Hans Olav Hansen Østrem, fødd 1884 i Austrheim, død 1936 i Gaular, og Severine Johannesdotter, fødd Oppedal, fødd 1882 i Gaular. Korrespondansekurs, befalsskule, handelsskule. Var med i krigen og fall i slaget ved Gulsvik 25. april 1940. Gravlagd i Flå i Hallingdal."

Kort om trefninga ved Gulsvik

Eit kompani frå IR 9 vart torsdag 11. april 1940 sendt over til Austlandet frå Voss. Styrken skulle rykkja ned Hallingdalen for å seinka den tyske framrykkinga nordover. Om kvelden fredag, 12. april kom styrken (Hallingdalsgruppa) til Gulsvik og gjekk i stilling like nord for Gulsvik stasjon. Oppedal var med i ei mitraljøsetropp. Den 25. april kom det tyske åtaket. Nordmennene beit godt frå seg, men med berre gevær og mitralsjøser mot fly og stridsvogner, var utfallet gitt. Dei heldt stillinga si til midnatt, og trekte seg då attende til Flå der det vart trefningar dagen etter. Tre nordmenn fall ved Flå. Om ettermiddagen vart dei norske styrkane omringa, og måtte gje opp.

Gravlagde ved Flå kyrkje

Dei falne vart gravlagde på kyrkjegarden ved Flå kyrkje under tilhøve prega av krigssituasjonen. Dei vart frakta til kyrkja, men sidan ingen hadde nøkkel, vart lika lagde inn i ein låve i nærleiken av bedehuset. Det var uråd å få ordna ei verdig gravferd. Lensmannen i Flå fekk nokre menn med seg, heldt liksjå og grov opp ei fellesgrav i utkanten av kyrkjegarden. Dei hadde ikkje kister. Soldatane vart gravlagde i uniform og dekka over med norske flagg.

Jordfesting i juni

Seinare vart det fastsett at det skulle haldast jordfesting 23. juni, same dag som det skulle vera konfirmasjon. Ein bror til Ingvald, Harald Oppedal, og syskenbarnet Magny Lyngstad (16), sykla frå Oppedal til Flå for å vera tilstades.

Jordfestinga vart halden etter gudstenesta. Sokneprest Djuvik heldt ein gripande tale ut frå bibelordet "Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krune" (Joh. Op. 2.10). Ved grava tok han spaden, nemnde namnet på kvar av dei gravlagde (ein av dei tre var då flytta til heimstaden), og sa:

"Ingvald Jakob Oppedal, i namnet åt Faderen og sonen og Den Heilage Ande. Av jord er du komen, til jord skal du verta, og av jord skal du atter stå opp."

Kvitmåla trekross

Til jordfestinga 23. juni 1940 vart det sett opp ein kvitmåla trekross på grava. Under eit krossmerke stod: FALT FOR FEDRELANDET

På ei plate stod to namn: INGVALD * OPPDAL * [og dødsdato] HANS S. EIDSVIK [og dødsdato].

Johannes Oppedal fortalde seinare:

"Då høgtidsstunda var over, stod broren Harald i vegkrysset klar til å reise heimatt, han kom då til å sjå bort på grava. Sommarvinden leika seg med den store nasjonalfarga sløyfa, som var festa til den ovstore blomekransen. Ho låg og vifta, som om ho ville vinke og sende ei siste helsing frå Ingvald Jakob heim att til slekta, kjenningar og bygda han elska so høgt medan han levde."

Minnesmerke på grava

Den 1. september 1947 vart det reist eit minnesmerke på grava. Minnesmerket er laga av bilethoggaren Ståle Kyllingstad, og det står innhogge:

SERSJANT INGVALD OPPEDAL F. 9-9-17. FALL 25-4-40
SOLDAT OLE RULLESTAD F. 25-8-10. FALL 26-4-40
SOLDAT HANS EIDSVIK F. 2-3-12. FALL 26-4-40
Minnet reist i takksemd av folket i Lysekloster, Viksdalen og Hallingdal.

Severine Oppedal (mor), Malvin Fylling (fetter), Johannes Oppedal (bror) og sokneprest Myklebust i Gaular, var tilstades. Severine Oppedal bar fram ei takk i kyrkja. Under avdukinga stod soldatar æresvakt.

Minnedikt

E.K. Hilde skreiv eit minnedikt til avdukinga. Vers åtte lyder slik:

Her dukes av et minneskrift -
i knappe ord,
et kunstverk hugget inn i fjell
og satt i jord.
- et verk om livets skjebneveier,
- et dikt om kamp,
om død, - men seier
et stykke Norge hugget inn
om plikttro viljers offersinn.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1947-1951.
Firda. 11.01.1947.
Opplysningar frå:
Johannes Oppedal, Gaular.
Oppedal, Johannes: Ingvald Jakob Oppedal. Ein soldats liv frå vogge til grav. Hefte, udatert.

PERMANENT IDENTIFIKATOR