Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. oktober 2006

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Krigsgrav i Selje - Romandus Stave



Grava til Romandus Stave er ei av tre krigsgraver på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje på Stadlandet. Romandus Stave segla i utanriksfart då verdskrigen braut ut 3. september 1939. Han omkom i England i november same året.

<p>Grava til krigsseglaren Romandus Stave p&aring; kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje.&nbsp;</p>

Grava til krigsseglaren Romandus Stave på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Sjømann

Etter krigen gav den norske staten ut bokverket Våre falne. Fire bind inneheld over 8000 korte biografiar om kvinner og menn som miste livet som fylgje av krigen. Om Romandus Stave står:

STAVE, ROMANDUS, maskinmann, Selje. Fødd 10. september 1915 i Selje, son av Peder Jetmundsen Stave, fødd 1880, og Ragna Rasmusdatter fødd Stave, fødd 1882, begge Selje. Omkom i Hull, England, ved drukning 3. november 1939 på grunn av mørklegginga.

Fleire opplysningar

Romandus Stave segla som maskinmann på D/S "Kaupanger" som tilhøyrde bergensrederiet Westfal Larsen & Co. Skipet vart bygd ved Bergens mekaniske verksted og levert i 1930. Då ulukka hende, låg skipet og lasta i Hull. England var i krig og byen var heilt mørklagd. Romandus vart kremert og kom heim i urne. Han vart gravlagd 27. desember 1939.

Gravminne på grava

Familien sette opp ein staseleg minnestein på grava. Øvst står eit portrettbilete av Romandus, deretter dato og år når han var fødd og når han døydde. Nede på steinen står orda

Høgt var du elska * saart er du sakna".
Romandus Stave vart 24 år gamal.

Krigsgrav

Romandus Stave vart eit offer for krigen. Han er med i bokverket Våre falne. Namnet hans står på minnesteinen over falne ved Selje kyrkje. Grava er ei krigsgrav.

kjelder:

Eithun, Grethe o.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. 2005.
Informasjon frå:
Kyrkjeverja i Selje.
Robert Stave, Selje.