Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein i Ørsta over bandsmiar frå Loen



Dei kalla han Band-Anders eller berre Banden. Anders Hoffrening frå Loen kom til Ørsta i 1870-åra og vart etter kvart fastbuande der. Han var ein av dei små i samfunnet, og han hadde ikkje nære pårørande i heimbygda si. Då han døydde i 1924 var det ingen til å syta for stein på grava, men etter krigen gjekk folk i naboskapet der han budde saman om å setja opp ein minnestein.

Frå det gamle Viketunet i Ørstavik. Stova til Band-Anders, Bande-stova, står til høgre. Anders hadde ei lita smie attmed stova si.

Frå det gamle Viketunet i Ørstavik. Stova til Band-Anders, Bande-stova, står til høgre. Anders hadde ei lita smie attmed stova si.

Eigar: I Jul i Nordfjord, 1975.

Datering: 1925.

Fotograf: Nils Angell (teikning).

Smed og steinarbeidar

Kallenamnet Band-Anders eller også berre Banden har å gjera med yrket hans, - "bandsmidar" står det på gravsteinen, i skjemaet frå folketeljinga 1900 "tøndebåndsmider". Han smidde jernband til tretønner. Men han laga òg tønneband av tre, og då helst av hassel. Dessutan var han ein dugande arbeidar med spade og jernstaur, slegge og minebor. Og i sine yngre dagar dreiv han litt med fjellføring. Han var vane med å ta seg fram i brattfjell frå heimstaden i Lodalen. Det skal stå boltar etter han enno somme stader i knipa (knipe = trongt skar) mellom Vallahornet og Saudehornet.

Frå Loen til Ørsta

Anders Hoffrening, fødd 14. september 1836, var son til husmann Anders Andersen og Anne Rasmusdotter, busette på plassen Hogrenningssanden under Hogrenning. Vi veit lite om livssoga hans før han kom til Ørsta. I 1865 budde mora på plassen som enkje saman med sonen Rasmus som hjelpte til med plassbruket.
Anders kom til Ørsta i 1870-åra men budde ikkje fast der før i 1880-åra. I 1900 budde han på garden Vik og vart i folketeljinga ført opp i husstanden til pensjonert kyrkjesongar Hans Andersen Velle. Her fekk han seg si eiga stove og ei lita smie attmed. Han døydde 15. desember 1924 etter å ha vore på gamleheim i nokre år.

Bygdeoriginal

Ivar Grøvik fortel om Anders Hofrening i eit stykke i årsskriftet "Jul i Nordfjord" 1975. Band-Anders kom til Ørsta nærast rekande på ei fjøl. Han var ugift og vart buande åleine. Han kunne eit handverk og arbeidde og sleit for levebrødet så lenge han makta, var godtruande og trudde mest på dei som snakka godt og innbilte han mest. På folkemunne vart han omtala med kallenamn, og det danna seg med tida mange historier om Banden. Anders Hoffrening var på mange måtar bilete på den sorten folk ein i si tid omtala som bygdeoriginalar.

Ei av mange historier

Ein gong då han budde på gamleheimen kom ein mann på besøk. Han ville snakka med han om åndelege ting. Mannen sa at Band-Anders måtte tenkja på han som hadde gjeve liv og blod for oss menneske. Banden mistydde dette, og trudde at mannen snakka om seg sjølv. Han fauk opp i egse og sa til mannen: "Kva he du ofra, din slåp? Eg he våga både liv og blod. Eg he hongje etter eit tog i fjelle og skote tre ville bukkar. Men kva he du?"

Naboar reiste minnestein på grava

Grava til Band-Anders vart lenge liggande utan gravstein, men etter krigen tok nokre av dei som hadde vakse opp i nabolaget der han budde, opp tanken om å få sett opp ein gravstein. Folk slutta opp om tanken og ein vakker stein vart reist til minne om "Bandesmidar Anders Hoffrening". Titlar finn me mange av på kyrkjegardane, men tittelen bandesmidar på minnesteinen i Ørsta kan godt vera den einaste i landet.

kjelder:

Grøvik, Ivar: Ein menneskelagnad. I Jul i Nordfjord. 1975.
Riksarkivaren, digitalarkivet, folketeljing, 1865, 1900.
Opplysningar frå:
Jens Hogrenning, Stryn.
Kyrkjeverja i Ørsta.

PERMANENT IDENTIFIKATOR