Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. mars 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Krigsgraver på Shetland - kaptein Kristoffer Lutenthun



Den 3. februar 1940 gjekk D/S "Hop" frå Bergen i ballast til England. Båten kom aldri fram Tre veker seinare hadde Firda Folkeblad ei kort melding med overskrifta "Bergensbåt med 17 mann sakna." Kapteinen var frå Askvoll. Det skulle gå fleire år før kona hans i Askvoll fekk kjennskap til kva som hadde skjedd. Ho måtte finna det ut sjølv.

D/S "Hop" av Bergen. Skipet var på 2250 tonn d.w. og bygd i Nederland i 1916. "Hop" gjekk 3. februar 1940 frå Bergen til England i ballast. Den 20. februar melde Bergens Tidende at båten ikkje var nådd fram og blei "antatt" bortkomen i krigsforlis.

D/S "Hop" av Bergen. Skipet var på 2250 tonn d.w. og bygd i Nederland i 1916. "Hop" gjekk 3. februar 1940 frå Bergen til England i ballast. Den 20. februar melde Bergens Tidende at båten ikkje var nådd fram og blei "antatt" bortkomen i krigsforlis.

Eigar: Asbjørn Lutenthun

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Kapteinen

I åra 1949-1951 gav den norske staten ut firebindsverket Våre falne. Om kapteinen på "Hop" står skrive:

"Lutenthun, Kristoffer Andreas, kaptein, Askvoll. Født 30. desember 1899 i Askvoll, s. av båtbygger Kristoffer Sørensen Tviberg, f. 1873 i Sandøy, d. 1899, og Anne Petrine f. Lutenthun, f. 1873 i Askvoll. Gift 1930 i Bergen med Ragna Karine Vilnes, f. 1899 i Askvoll. 2 barn. Styrmannsskole, skipperskole. Dro til sjøs 16 år gammel. Var sist på d/s Hop som gikk fra Bergen 3. februar, og forsvant sporløst på vei til Middlesbrough."

Handelsflåten i krig før 9. april 1940

Då andre verdskrigen byrja, 3. september 1939, erklærte Noreg seg som nøytralt land. Dei krigførande partane, Tyskland på den eine sida, England og Frankrike på den andre, oppretta straks krigssoner til sjøs, la ut minefelt og iverksette tiltak mot skip frå nøytrale land. Noreg fekk snart merka krigen på havet. Den 13. september vart "Ronda" minesprengt utanfor kysten av Nederland og sokk i løpet av to minutt. 18 menneske omkom. Det skulle snart bli fleire krigsforlis. Noreg kom på denne måten med i krigen lenge før det tyske åtaket 9. april 1940. I den nøytrale perioden frå 3. september 1939 til 9. april 1940, lei Noreg svære tap. Eit oversyn frå juni 1940 syner 50 krigsforliste skip. I tillegg var det åtte sporlaust bortkomne skip, men som dei rekna med var havarerte i krigsforlis. "Hop" var eit av dei åtte.

"det var forgjeves"

Sjømennenes Minnehall i Stavern har opplysningar om alle handelskip som krigsforliste under 2. verdskrigen 1939-1945. Om "Hop" står det opplyst at skipet vart offisielt sakna 20. februar 1940 og "antatt" krigsforlist. Rederiet, August Kjerland & Co i Bergen, sette i gang undersøkingar for å få kjennskap til kva som hadde hendt, men "det var forgjeves." Meir står det ikkje.

"forsvant sporløst"

Biografiverket Våre falne har omtale av alle sjømennene på "Hop". I kvar omtale står det oppført at vedkomande var på D/S "Hop" som "forsvant" eller "forsvant sporløst" på veg til England. I ein biografi står: "En har senere ikke hørt noe fra skip eller mannskap." Desse opplysningane kom på trykk så seint som i perioden 1949-1951 då bokverket Våre falne vart utgjeve.

"Hop" torpedert av tysk ubåt

Etter krigen fann dei etter kvart ut kva som hadde skjedd med dei åtte sporlaust bortkomne skipa. Granskingar i tyske sjømilitære arkiv gav sikkert svar på seks av forsvinningsnummera. Historieverket Handelsflåten i krig 1939-1945, som kom ut i 1992, opplyser at "Hop" utan varsel vart torpedert av den tyske ubåten U37 under kommando av kaptein Werner Hartmann. Torpederinga skjedde i posisjonen 58 55N 14V, om morgonen, 4. februar 1940, klokka 04.14 tysk tid. Det står ikkje noko om kva tid norske styresmakter fekk kjennskap til desse opplysningane, heller ikkje noko om mannskapet. Det vi veit, er at pårørande fyrst fire år etter krigen fekk høyra om kva som hadde skjedd med mannskapet på "Hop", og det på ein nokså spesiell måte.

"Litt frå krigstida..."

Sommaren 1949 var Einar Seim frå Kinn på reise til Shetland. I eit stykke om reisa si i Firda Folkeblad (22.12.) står eit avsnitt med overskrift "Litt frå krigstida." Seim hadde høyrt folk på ei av øyane fortelja om ein livbåt som hadde vorte knust mot eit skjer. Det står mellom anna:

"Den 10. februar 1940 rak det i land lika av 3 norske sjømenn (..). Dei vart gravlagde på Tresta, på nordsida av kyrkja. Andre lik rak samstundes i land nord på Unst. På vrakrestar som óg rak i land, stod det "Hop, Bergen". Folk trur difor at båten heitte "Hop" (..). Eg har avskrift av den melding distrikstsskrivaren sende om liksynet på Fetlar, om nokon skulle ha interesse."

Fekk att gifteringen

Ein person festa seg meir enn nokon annan ved avsnittet om krigstida; sjømannsenkja Ragna Lutenthun. Ho kontakta Einar Seim og fekk vita meir. På livbelta dei omkomne hadde på seg stod det "HOP BERGEN" Det fanst ikkje tvil, sjøfolka var frå "Hop". Det presserande spørsmålet for Ragna Lutenthun vart no: Var mannen hennar ein av dei?

Ho formidla det ho no visste til to andre enkjer ho kjende til. Og ho vende seg til Bergen Politikammer og ba om deira hjelp for å få fleire opplysningar om funna på Shetland.

Ei tid etter fekk ho stadfesta at mannen hennar, Kristoffer Lutenthun, var ein av dei attfunne. Liket vart funne på stranda ved Haroldswick på øya Unst den 9. februar 1940. Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Ballista saman med andre.

Sumaren 1950 fekk ho på førespurnad til den britiske ambassaden kjennskap til at likeskuerapportar, personlege eigedelar o.a. ambassaden hadde fått frå Shetland, var overlevert til Bergen politikammer. Men fyrst i desember 1953 fekk ho, på skriftleg oppmoding i oktober, tilsendt eigedelane etter mannen sin, nemleg:

"1 tobakspung.
1 par mansjettknapper
1 glatt gullring med inskripsjon: "Din Ragna 10/11-1927"
3 firmamerker fra klesplagg."
 

Femten av mannskapet funne

Innskrifta på ei grav på kyrkjegarden ved Lunna kyrkje på Shetland oppsummerer i få ord kva som skjedde, - ein tragedie dei pårørande ikkje fekk kjennskap til før fleire år etter krigen. Det står:

HER ER GRAVLAGT 1 AV MANNSKAPET PÅ
D/S "HOP" AV BERGEN, TORPEDERT 4.2. 1940
LIVBÅT HAVARERT VED MUNESS, UNST 7.2. 1940
ØVRIG MANNSKAP GRAVLAGT PÅ
BALLISTA, UNST 8
EASTING, UNST 3
FETLAR 3

 

Slektningar sette opp minneplate

I 1994 reiste ei gruppe til Shetland for å avduka ei minneplate. Magnhild Lutenthun Fløholm og Asbjørn Lutenthun (dottera og sonen til Kristoffer og Ragna Lutenthun), var óg med. Dei visste no at grava til far deira var ei av dei åtte gravene på ein kyrkjegard på øya Unst. Minneplata på kyrkja attmed dei åtte gravene vart avduka 11. august 1994.

Leitar etter svar

Det knyter seg framleis mange spørsmål til "Hop"-forliset. Asbjørn Lutenthun og fleire andre har i årevis leita etter dokumentasjon. Han har fått mange opplysningar om forliset hjå Robin Hunter på Shetland. Derimot har det vore svært lite å finna i Noreg. Han har vendt seg til Bergen Politikammer, Sjøfartsmuseet i Bergen, Statsarkivet i Bergen og Riksarkivet, men ingen har kunna hjelpa med å finna fram til granskingar eller annan dokumentasjon knytt til forliset. Statsarkivet har funne spor av saksdokument i arkivet til Bergen politikammer. Av brevjournalen til politikammeret går det fram at saka var lagd i ein arkivpakke merka "Ark. Pk. 713". Det er berre det at denne pakken ikkje er komen inn til Statsarkivet. Den er "vel difor truleg gått tapt", står det i brev datert 3. oktober 1994 frå Statsarkivet i Bergen til Asbjørn Lutenthun.
 

Mannskapet på "Hop"

Kristoffer Lutenthun, fødd 30.12.1899, kaptein, Kumle, Askvoll.
Håkon Pedersen, fødd 15.06.1906, 1. styrmann, Bergen.
Peder Silset, fødd 06.02.1889, 2. styrmann, Eide, Møre og Romsdal.
Brynjulf Bøe, fødd 20.12.1895, matros, Fana.
Sverre Nerland, fødd 15.03.1907, matros, Leirfjorden, Nordland.
Tor A. Freidmann, fødd 23.06.1921, lettmatros, Oslo.
Enar Endresen, fødd 26.01.1907, lettmatros, Bergen.
Olav Ingebriktsen, fødd 04.10.1918, jungmann, Askøy.
Olav Ystebø, fødd 04.03.1920, dekksgut, Lindås.
John Soltvedt, fødd 05.04.1902, stuert, Bergen.
Robert Larssen, fødd 09.07.1904, messegut, Laksevåg.
Henry Olsen, fødd 12.05.1885, 1. maskinist, Bergen.
Alfred Stenseth, fødd 30.05.1903, 2. maskinist, Bergen.
Olav Henriksen, fødd 23.09.1910, donkeymann, Dalsfjord.
Lars Sjøtun, fødd 19.09.1907, fyrbøtar, Bergen.
Fredrik Lauritzen, fødd 13.05.1910, fyrbøtar, Moss.
Finn Jensen, fødd 16.04.1920, lempar, Bergen.

kjelder:

Firda. 22.09.1993.
Våre falne. Bind 3. 1950.
Firda Folkeblad. 23.02, 27.02.1940 og 23.12.1949.
Thowsen, Atle: Handelsflåten i krig 1939-1945. Nortraship. Profitt og patriotisme. Bind 1. 2. opplag. 1995.
Munnleg og skriftleg informasjon frå:
Asbjørn Lutenthun, Askvoll.

PERMANENT IDENTIFIKATOR