Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. november 2006

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnestein på grava til lensmann Jens Landmark



Vinteren 1906 omkom lensmannen i Luster i ei køyreulukke på vegen mellom Nes og Dale. Han vart gravlagt på den gamle kyrkjegarden attmed Dale kyrkje. I 1907 reiste bygdefolka ein minnestein på grava hans.

Landmarksteinen på kyrkjegarden ved Dale kyrkje. Steinen står framfor hovudinngangen til kyrkja.

Landmarksteinen på kyrkjegarden ved Dale kyrkje. Steinen står framfor hovudinngangen til kyrkja.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen
Landmark-steinen står ved kyrkjegardsmuren på oppsida av Dale kyrkje. Det er ein nær 3 meter høg obeliskforma, slipt stein i ein mørk bergart. På framsida står innskrive:
Lensmand * JENS LANDMARK * født 8de Juli 1835 * død 23de Febr. 1906
Indvaanere i Lyster reiste ham * i Taknemmelighed dette Minde

På baksida er innfelt ein eikebladkrans med to innskrifter på dekorbandet nede:
Lensmand * Jens Landmark
I Takknemmelighed * Lysters Kommune.. * 23 de Februar 1906
(Merknad: Nokre bokstavar er uråd å lesa.)

Høgtidsstund ved grava
Jens Landmark frå Jølster var lensmann i Luster frå 1870 til 1906. Han omkom i ei køyreulukke vinteren 1906 (meir om ulukka og gravferda lenger nede). Fleire hundre syrgjande fylgde Landmark til den siste kvilestaden. Året etter var det på ny samling ved grava. Sogns Tidende skreiv dette om høgtidsstunda:

"Sundag den 30. juli [må vera 28. juli eller 4. august] var det ei sers høgtidsstund ved Dale kyrkja. Minnesmerket yver den avlidne kjære lensmann Landmark vart daa gjeve til familien.

H. R. Døsen [Hans Rue], formann i ei vald nemnd, gjorde greida med nokre velvalde ord for korleis bygdefolki hadde skote saman til denne steinen. Baade rike og fattige hadde kome med sine gaavor. Alle vilde her vera med.

Ordførar S.T. Næss [Sjur] heldt ein tale og heldt fram kva Landmark hadde vore for sin huslyd, si bygd og det større samfund. Maatte han paa sin rolege, menneskjekjærlege livsveg vera eit godt fyredøme for den einskilde og folket i Luster! Fred med hans minne.

Steinen er vakker med ei fager innskrift på framsida. Den sylvkrans som folki i Luster la paa kista til den avlidne, er no innhoggen i steinen.

Det synte seg at minnet etter Landmark enno var like saart og varmt, og mange vart rørde til taaror ogso denne gongen. Ordføraren hadde ordra heradstyret og sparebankstyret um å vera tilstades." (avisstykket slutt)

Personopplysningar
Jens Hansson Landmark, fødd 08.07.1835 på Eikås i Jølster, var son til lensmann Hans Brun Jensson Landmark frå Jølster og Barbra Olsdotter Berg frå Fjaler. Han vart gift to gonger, 1. gong 02.03.1874 i Førde med Fredrikke Eleonora Dorthea Michaelsdotter Fasting, og 2. gong 04.11.1881 i Luster med Karen Magdalena Harbitz, kjend som Kaia Landmark. Jens Landmark hadde to born i fyrste ekteskapet og tre i andre: 1) Hans Brun Landmark (1875-1957), 2) Andrea Fasting Landmark (1876-1876), 3) Barbra Andrea Landmark (1882-1953), 4) Sofia Landmark (1884-1970(?), 5) Johanna Harbitz Landmark (1894-1952).

Jens Landmark budde på garden Kvåle. Landmark var også kommunekasserar og bankkasserar.

Heidersgåve
Landmark vart tilsett som bankkasserar i "Lysters Sparebank" i 1870. Då han hadde vore kasserar i 30 år, ynskte banken å gje han ei heidersgåve. Dette går fram av forstandarskapet si møtebok på ein litt spesiell måte. Referatet frå møtet 23. mai 1900 syner at det kom til ei ekstrasak etter at møtet var heva. Ekstrasaka er referert med denne ordlyden:

"Samme Dag besluttedes envidere enstemmig, at der af Bankens Midlere bliver at udrede Udgiftene med Indkjøb af en Hædersgave m.v. til Lendsmand Landmark i Anledning af at han har fungeret som Sparebankens Kasserer i 30 aar."

"Syrgjeleg ulukka"
Jens Landmark omkom i ei køyreulukke om kvelden 24. februar 1906 i Høyheimsvik. Sogns Tidende fortel korleis det bar til:

Fredag 24. februar 1906 hadde Landmark vore i bankmøte på Rønneid i Gaupne. På heimvegen vart han henta med hesteskyss på garden Nes. I Høyheimsvik sprang hesten laus ein stad der det var mykje is i vegen. Sleden velta og lensmannen vart slengd mot ein mur så hardt at han døydde. Skysskaren, "kandidat Paulsen" slapp frå det utan skader. Hesten vart så skremd at han ikkje stansa før han kom til Skjolden, fortel avisa.

Gravferda
Landmark vart gravlagd på den gamle kyrkjegarden ved Dale kyrkje fredag 2. mars. Fleire hundre menneske frå alle fire kyrkjesokna var med i gravferda. Kista var pynta med grønt og blomar. Sokneprest Knutsen heldt ein "varm og lang" tale. Ordførar Sjur Næss heldt og tale i kyrkja og la ned ein sylvkrans frå kommunestyret på kista. Dale songarlag song ved grava. "Sikkert er det, at lensmann Landmarks minne lenge vil liva i Luster." skreiv signaturen "I" til slutt Sogns Tidende.

kjelder:

Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Bd II, Dale sokn 1. 1986.
Sogns Tidende. 27.02, 06.03.1906, 09.08.1907.
Lavoll, Hans: Luster Sparebank 1865-1965.