Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Niels Griis Alstrup Dahl



"Brød av Steen og Aand af Striile, Dahl i Eivindvigen tvang." Dette er dei ofte siterte orda av Henrik Wergeland om presten Niels Griis Alstrup Dahl i diktet Eivindvig. Dei vitnar om ein prest som både var oppteken av den materielle sida av menneskelivet og den åndelege. Han døydde i år 1852 og vart gravlagd ved Gulen kyrkje. I 2002 - 150 år seinare - reiste folket i Gulen ein minnestein over Dahl.

"FRED MED EDERS STØV * VELSIGNET VÆRE EDERS MINDE" står det på gravminnet på grava til Niels Griis Alstrup Dahl og kona Hylleborg, fødd Hertzberg. Grava ligg på nordsida av kyrkja i Eivindvik.

"FRED MED EDERS STØV * VELSIGNET VÆRE EDERS MINDE" står det på gravminnet på grava til Niels Griis Alstrup Dahl og kona Hylleborg, fødd Hertzberg. Grava ligg på nordsida av kyrkja i Eivindvik.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2003

Fotograf: Hermund Kleppa

Hovudfagoppgåve og biografi

Aud Randal skreiv hovudfagoppgåve om Niels Griis Alstrup Dahl i 1995. Randal skreiv også biografi til Norsk biografisk leksikon, bind 2, 2000. Heile biografien fylgjer her etter omtalen av minnesteinen.

Dahl-bautaen

Minnesteinen over Niels Dahl står i Eivindvik framfor Herresalen, våningshuset Dahl bygde og som seinare i mange år vart nytta som kommunehus. På framsida er eit portrettrelieff i bronse med innskrifta: EIVINDVIGENS * ANDEN SKABER

Nedanfor bronserelieffet står innhogge i steinen: PROST OG STORTINGSMANN * NIELS GRIIS ALSTRUP * DAHL * 14.3.1778 - 4.8.1854 * Og hustru * HYLLEBORG F. HERTZBERG * 21.9.1765 - 25.5.1848 * TAKK FOR INNSATSEN * TIL FOLKET SITT BESTE
 

På ei bronseplate på baksida står: Reist med innsamla midlar frå folket * og tilskot frå verksemder i og * utanfor Gulen kommune. * Avduka 18.8.2002.

Arbeidet med å reisa minnesteinen

Det var tidlegare banksjef og lokalhistorikar Magnor Middtun som hausten 1999 tok initiativ til å reisa ein minnestein over Niels Griis Alstrup Dahl. Han skreiv brev til Gulen kommune og ba kommunen setja i gang arbeid med å reisa eit minnesmerke over "Eivindvigens anden Skaber." Kort tid etter vart det oppnemnt ei arbeidsgruppe med tre personar: Magnor Midtun (Gulen sokneråd), Aage Sandal (Eivindvik Ungdomslag) og Svanhild Røkenes (seinare Øyvind Norstrøm) frå kommunen.

Arbeidsgruppa tok seg av alle gjeremål; sytte for å få presseomtale av prosjektet, samla inn nødvendige midlar - kring 100.000 kroner, engasjerte kunstnaren Elisabeth Steen, skaffa til vegar ein høveleg stein frå Henriksbø, fastsette stad, og førebudde avdukingshøgtida. Alt vart ordna i løpet av tre år.

Avdukinga

Avdukingshøgtida, søndag 18. august 2002, var høgdepunktet på den årlege Dahl-dagen i Eivindvik. Magnor Midtun heldt avdukingstalen og avduka minnesteinen. Midtun uttrykkjer seg gjerne i verseform ved særskilde høve. Avdukingstalen hans er på 40 vers. Talaren tok tilhøyrarane med gjennom livssoga til "Eivindvigens anden Skaber". Dei fekk høyra om husfrua Hylleborg sin innsats i prestegarden og om alle Dahl sine roller: presten, landbruksmannen, vegbyggjaren, helseføregangsmannen, fråhaldsmannen, folkeopplysaren, skulemannen, sogegranskaren, skribenten og ordføraren. Etter siste verset fall duken:

I dag me i glede og stor respekt
avdukar steinen som gåve frå oss alle
til heile den komande Gulen-slekt
ta godt imot - la teppet falle.

Ordførar Trude Brosvik takka i sin tale alle som hadde medverka til å få minnesmerket reist. Ho nemnde særskilt eldsjela Magnor Midtun og kunstnaren Elisabeth Steen.

Kunne ikkje nytta Dahl-bilete

Det var meininga at kunstnaren skulle nytta eit Dahl-bilete som i mange år hang oppe i ordførargalleriet i kommunestyresalen som modell, men midt under arbeidet kom det for ein dag at det velkjende biletet av Niels Dahl slett ikkje var den rette Dahl. Det syner ein namnebror. Folk hadde levd i god tru. Ivar Kleiva har jamvel ei tolking av biletet i artikkelen sin om Dahl i bygdeboka som kom ut i 1975: "..i dette andlitet sit eit par sterke, intelligente augo, med ei underleg glod i og fortel om den eld og kraft som budde i den spinkle kroppen."

Biletet finst i fleire bøker med opplysning om at dette er den vidgjetne presten i Eivindvik. Då kunstnaren etter denne avsløringa skulle laga personrelieff, vart løysinga å laga eit heilt nøytralt presteportrett.

Omtale i Norsk biografisk leksikon

"DAHL, Nils (Niels) Griis Alstrup, 1778-1852, prest og folkeopplysningsmann. Fødd 14.3.1778 på garden Nedre-Fet i Kvinnherad, Hordaland. Foreldre: Premierløytnant, seinare oberstløytnant Johan Koren Dahl (1743-1831) og Else Alstrup (1757-1838). Gift 6.8.1805 med Hylleborg Hertzberg (23.9.1765-22.5.1848), dotter til handelsmann Jens Nielsen Hertzberg og Sophie Kuur. Død 4.8.1852 i prestegarden i Eivindvik, Sogn og Fjordane.

Niels Griis Alstrup Dahl var ein namngjeten embets- og folkeopplysningsmann på første del av 1800-talet. Innsatsen hans i Eivindvik prestegjeld var eineståande og fekk mykje å seie for folket der både i samtid og ettertid.

Han voks opp i Kapteinsgarden i Uskedalen som den nest eldste av tolv søsken. Familien eigde store jordeigedomar i Kvinnherad og var velståande. Han gjekk katedralskulen i Bergen, vart student i 1796 og cand. theol. ved Universitetet i København 1800.

Dei komande åra var han medhjelpar hos den kjende presten og folkeopplysningsmannen Niels Hertzberg i Kvinnherad. Desse åra fekk sikkert mykje å seia for hans eiga utvikling og seinare verksemd. I 1904 vart han tilsett som kapellan i Eivindvik prestegjeld og i 1807 som sokneprest. Frå 1823 til 1847 var han også prost i Ytre Sogn prosti.

Jordbruket var ei hjartesak. For å syne bøndene godt jordbruk dyrka han på eigen kostnad opp den usle prestegarden til eit mønsterbruk som det var vanskeleg å finne maken til. Biskop J. Neumann meinte Dahl hadde "trodset Naturen" med dyrkingsarbeidet sitt. Samstundes leia han truleg det beste jordskiftearbeidet på Vestlandet på den tid. Frå 1817 til 1840 vart om lag 200 bruk skifta ut or teigblandinga. Dermed hadde kvar bonde i Eivindvik hovudsokn, og nokre utanom, fått bruket sitt samla, og på Dahl si oppmoding gjekk dei i gang med dyrkingsarbeid, sette opp steingjerde kring bruka og flytte hus frå klyngjetunet. Snart var avlinga dobla på mange bruk. Han fekk også bøndene til å ta i bruk ein meir vedlikehaldsfri byggjeskikk der gråstein vart nytta til uthus og grunnmurar.

Allmugeskulen var ei anna hjartesak. Han satsa på gode lærarar som han lærte opp sjølv i prestegarden der dei hadde gratis opphald. Ein og annan kosta han også på vidareutdanning. 1820 kunne prost Normann melde at " I intet af de andre Præstegjeld (i Sogn) haves så gode Skoleholdere som i Eivindvig". Dahl oppretta to faste skular alt 1825. Det var mange år før det var vanleg med faste skular i landdistrika. 1829 skipa han folkeboksamling. Han var også interessert i historie, og skreiv fleire artiklar om historiske emne, m.a. om dei to steinkrossane ved kyrkja i Eivindvik.

Det må også nemnast at han frå 1806 til 1808 eigenhendig vaksinerte dei om lag 3500 innbyggjarane i prestegjeldet mot koppar. Det var eit stort arbeid som gav gode resultat, for då det nokre år seinare braut ut koppeepidemi i området, gjekk Eivindvik prestegjeld mest fri. Berre to menneske vart lettare angripne. På Dahl sitt initiativ vart de også tilsett jordmor i distriktet 1828.

I alt dette arbeidet forsømde han på ingen måte presteoppgåvene i det vidstrakte prestegjeldet. Han var ein god åndeleg far, heldt oppbyggjande preiker og var ein framifrå kateket.

Hausten 1814 representerte han Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane) på Stortinget. Der utmerka han seg som den einaste representanten frå landdistrikta som stemte mot union med Sverige. Han var også på Stortinget 1827, 1828 og 1830. Frå 1837 til 1847 var han ordførar i Gulen, og han var ein skatta forlikskommissær.

For den store innsatsen i Eivindvik prestegjeld vart han tildelt Borgerdådsmedaljen 1825 og vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1829.

Dahl brukte heile formuen sin på gagnlege tiltak i prestegjeldet, og han gjorde det med glede. Her hadde han kjent seg heime der frå første stund og visste snart med seg sjølv at der ville han bli, og bruke livet sitt til beste for folket. Han og kona levde enkelt i prestegarden. Dei hadde ikkje born sjølve, men hadde fleire til oppfostring. Dei siste ti leveåra hans var prega av sjukdom, og mykje tyder på at dei mange og store oppgåvene hadde knekt helsa. Han døydde i prestegarden og er gravlagd ved Gulen kyrkje i Eivindvik.

I diktet Eivindvig (1833) sette Henrik Wergeland eit vakkert minne over Dahl:
"Brød af Steene, Aand af Strile, Dahl i Eivindvigen tvang", men ein kan ikkje vete sikkert om "strilane" var udelt nøgde med "åndeleggjeringa."

Merknad: "den usle prestegarden." Prestegardane var oftast dei beste gardane. Meir presist å seia at prestegarden i Eivindvik var i dårleg hevd, var vanskjøtta, då Dahl tok over. (Magnor Midtun.)

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Wergeland, Henrik: Eivindvig. Dikt.Reiseskisse 1833.
Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl. I Gulen i gamal og ny tid. Band 1.1973.
Midtun, Magnor: Eivindvik før og no. 2001 Nordhordland. 21.08.2002.
Ytre Sogn. 20.08.2002.
Magnor Midtun, Gulen:
Notat. 02.05.2003.
Manuskript til avdukingstale.
Gulen kommune:
Sakstilfang.
Rostrup, Randi:
Brev. 21.09.2002.
Stortingsarkivet:
Brev.12.02.2002.
Randal, Aud: Eivindvigens anden Skaber. Hovudoppgåve. UiB. 1995.
Fylkesarkivet:KAL/SF-1411.017 Prost Niels Griis Alstrup Dahl, folkeopplysar og velferdsbyggjar

PERMANENT IDENTIFIKATOR