Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. september 2001

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Ragnar Melvær



"Ungdom reiste denne steinen i takksemd for truskapen din mot gode framtak", er innhogge på minnesteinen over Ragnar Melvær på kyrkjegarden i Florø, avduka 13. juni 1920. Melvær fall frå i ung alder, berre 33 år gammal, midt i arbeid for mange "gode framtak": - det frilynde ungdomslagsarbeidet, fråhaldsrørsla, målreisingsarbeidet og skyttarrørsla.

Ragnar Melvær (1880-1913).

Ragnar Melvær (1880-1913).

Eigar: I Sunnfjord Ungdomslag 25 aar.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Biografi

Ragnar Melvær, fødd 28. mai 1880 i Gloppen, var son til lærar Elias Abrahamson Melvær (1848-1924) og Karen Dortea Tomasdotter Hindøy (1850- d. før 1900), begge frå Askvoll. Ragnar voks opp i Kinn (Flora) der faren kjøpte garden Krokane i 1893 og vart dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane. Ragnar var faren sin hjelpesmann både på garden og dampskipsekspedisjonen og vart sjølv gardbrukar og dampskipsekspeditør dei siste åra han levde. Ragnar Melvær var gift med Josefine Rasmusdotter Samuelsen (f. 1881). Han døydde 18. november 1913, berre 33 år gammal.

Ragnar Melvær hadde lite skulegonge, men las flittig på eiga hand, og var godt samfunnsorientert. "Gløgg, sakleg og roleg var han alltid. Han kunde segja si meining greidt og klårt og fint, både skriftleg og munnleg," er det sagt om han ein stad.

Som målmann var han med å skipa Flora mållag og distriktslaget Firda Mållag, med i førebuingsarbeidet med nynorskbanken Landsbanken i Bergen og Firda og Sygna Herbyrge same stad, og tillitsmann for livstrygdelaget Andvake. Som fråhaldsmann var han med å skipa losje Landkjenning i Florø 1903. Elles hadde han ombod både i Sunnfjord Ungdomslag og Sunnfjord Skyttarsamlag.

Gravferda

Ragnar Melvær vart gravlagd på kyrkjegarden i Florø 25. november med uvanleg mykje folk til stades. Skulestyrar på Sunnfjord Ungdomsskule (folkehøgskule) Rasmus Øvrelid, sa i talen sin: "Det er storm idag, so det knakar og knest i kyrkja; men Ragnar Melvær ligg so still og roleg. So var det ofte i livet hans. Det storma og bles; men han var so roleg og trygg, og hadde jamt smil um munnen. Han kunde styra sin sterke vilje og sin varme hug. Han brukte alltid viljen sin til det som godt var. - I livsens skule, i Guds skule, hadde han lært."

Ein av kransane frå Kinn likningsnemnd: "Melvær var den mektugaste mann i likningsnemnda endaa han ikkje hade røysterett der, av di han var berre skrivar for nemnda. Grunnane for dette var fyrst og fremst han store hjartelag og medkjensla med dei smaa, og so hans store rettferdskjensla."

"som skal lyfte hans minne or grav"

Året etter målbar Sunnfjord Ungdomslag tanken om å reisa ein minnestein på grava hans. Seinare vart vald ei nemnd med representantar frå fleire samskipnader - Sunnfjord Ungdomslag, Sunnfjord Mållag og Sunnfjord Skyttarsamlag. Minnesteinen var avduka 13. juni 1920 på årsstemna til Sunnfjord Ungdomslag.

Folkehøgskulestyrar Idius Nybø heldt avdukingstalen, og sa mellom anna: "- for det, som sermerkte Ragnar Melvær og var det største ved han, var nett denne aldri svigtande truskapen hans mot dei tankar, som hadde teke hugen hans, so han hadde lært aa elske deim gjenom livet. Og dette er og hev gjenom alle tider vore det største ved ein mann, at han gjenom alt var trugen mot det beste i seg, - at han aatte mod til aa vere far for tankane sine, elske deim, bere deim fram med all den magt han aatte og lide for deim, um livet krov det."

Og til slutt: "Lat so duken falle, og sola og dagen lyse over den stytta, som gjenom komande tider skal lyfte hans minne or grav - For skuld kjærleiken din til folk og land og truskapen din mot det beste i deg - kvile du i heilag fred i Noregs jord. Gud signe minnet ditt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lothe, Jakob: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.
Sunnfjord Ungdomslag 25 aar.
Firda Folkeblad. 16.06.1920. Florø.

PERMANENT IDENTIFIKATOR