Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsgrav ved Selje kyrkje - Ole Dagfinn Eide



Både under og etter krigen skjedde dødsulukker ved at folk uforvarande utløyste miner. I Osmundvåg omkom den 18 år gamle Ole Dagfinn Eide den 18. juli 1946. Han utløyste ei mine ein stad det var minerydda og området frigjeve.

Firda Folkeblad. 23.07.1946.

Firda Folkeblad. 23.07.1946.

Biografi i bokverket Våre falne

"EIDE, OLE DAGFINN, fisker, Selje. Født 13. april 1928 i Selje, s. Av Hans Eide, f. 1891 på N. Vågsøy, og Thea f. Hjertnæs, f. 1891 i Selje. Omkom 18. juli 1946 da han under slåtten gikk på en landmine som lå igjen etter tyskerne. Gravlagt i Selje."

Minerydding

Tyskarane hadde festningsanlegg ved Osmundsvåg, og etter krigen vart tyske krigsfangar sette til å rydda minefelta. Sjølv om dei ikkje fann alle minene, vart området frigjeve. Ein rekna med at manglande miner i minefelt heilt nede i fjæra var tekne av sjøen og førde ut på djupna.

Ulukka

Ole vart drepen momentant. Han hadde utløyst ei mine som låg att då han heldt på å slå attmed ei lita tue.

«vakna brått av ein forferdeleg smell»

Oskar H. Hopland, fødd 1934, frå Osmundsvåg, skreiv i 1993 om eigne krigsminne i heftet Flukten med Flink. Han fortel også om då Ole Eide gjekk seg på ei landmine som låg att: 

«(…) I 8.30-tida vakna vi brått av ein forferdeleg smell. Det hagla jord og stein over hustaket vårt. (…) Mange sprang no til, og det viste seg at Ole var død etter å ha gått på ei landmine. Ole hadde lova seg ein tur på sjøen med «Strandulf» frå Hagevik. Dei kom hit denne føremiddagen og vart liggjande [ute på sjøen eit stykke frå land]. Dei fløytte og venta, utan å vite kva som hadde hendt. Nokre måtte ro ut og fortelje dei om den fæle hendinga. (…) Grunnen til at Ole gjekk på mina, var at han var tidleg oppe for å hjelpe far sin med slåtten, medan han venta på «Strandulf». (…) For meg var det ei hending eg aldri gløymer. Eg gjekk fleire dagar og stirde mot ulukkesstaden, 60 – 70 meter frå heimen vår, og kunne ikkje leggje det frå meg.»
 

kjelder:

Firda Folkeblad. 23.07.1946. Florø.
Fjordenes Tidende. 22.07. og 01.08., Måløy.
Hopland, Oskar H.: Flukten med «Flink» - og andre krigsminne frå Osmundsvåg/Tvendeseter. 1993

Informasjon frå:
Kyrkjeverja i Selje: Helge Borgund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR