Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Frontkjempargrav i Høyanger - Karl Uno Sundberg



Like innanfor porten til gravstaden Høgereina i Høyanger står gravminnet over frontkjemparen Karl Uno Sundberg. Oskeurna hans vart sett ned 6. mai 1943 under stor deltaking. Grava er freda.

Gravminnet på grava til Karl Uno Sundberg på Høgereina  gravstad i Høyanger står like innanfor porten til gravstaden.

Gravminnet på grava til Karl Uno Sundberg på Høgereina gravstad i Høyanger står like innanfor porten til gravstaden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen år 2000

Gravminnet skil seg ut frå dei andre gravminna. Det er laga i to delar, ein prismeforma garnittstein med kvadratisk grunnflate på 40 x 40 cm og ein pyramideforma stein i same bergart oppå. Det er grasgrodd bakke inn til steinen på alle sider utan felt for planter eller blomar. På sida mot aust er inngravert KARL UNO * SUNDBERG * 8-11-1922 * 13-4-1943.

Grava er freda ved særskilt vedtak i Høyanger kyrkjelege fellesråd, som og er ansvarleg for tilsyn og vedlikehald.

Karl Uno Sundberg

Karl Uno Sundberg, fødd 8.11.1922, var den yngste i ein syskenflokk på fem. Faren, Erik Werner Sundberg, fødd i Sverige, var verksmeister på aluminiumsverket (Naco). Karl Uno utmerka seg tidleg som idrettsutøvar og musikant. Han var med i Høyanger Svømmeklubb og oppnådde etter kvart imponerande resultat både i stuping og symjing, og han vart tidleg med i skulemusikken og seinare i Fagforeningens Hornmusikk.

Då krigen kom 9. april 1940, var Karl Uno 18 år og gjekk på Høyanger Middelskole. I juli 1941 melde han seg som frivilleg til Waffen SS, og kom ei tid etter til Tyskland. Her var han med i eit militært musikkorps og gjekk i lære på eit musikkonservatorium, før han søkte seg over til krigsteneste på Austfronten. Han vart hardt såra i kampane ved Stalingrad midtvinters 1942/1943, og døydde på eit krigshospotal i Dresden 13. april 1943.

Gravferda

Bladet Sogn og Fjordane fortel om gravferda i eit stykke den 12. mai 1943.
Oskeurna vart ført heim frå Bergen under æresvakt av Rikshirden. Mange var med i gravferda, torsdag 6. mai: - representantar frå Rikshirden, Hirdmarinen, Hirdmusikken, Kvinnehirden, Germanske SS Norge, Frontkjemparkontoret, Staten, Nasjonal Samling, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, pårørande og folk elles.

Kyrkja var pryda med norske flagg og solkorsbanner. Pastor Eek gjorde teneste. Han tok i syrgjetalen utgangspunkt i Johannes openberring 2.10: Ottast ikkje for det, du skal lide! Sjå, djevelen skal kasta nokre av dykk i fengsel, for at de skal freistast, og de skal ha trengsel i ti dagar. Ver tru inntil døden, så vil eg gje deg Livsens Kruna! Det vart lagt ned ei rad kransar, mellom anna frå kameratar i Waffen SS, aluminiumsverket, fylket, pårørande og andre. Etter jordpåkastinga spelte Hirdmusikken Gud signe vårt dyre fedreland.

Kyrkjebø kommune kosta middagen

Etter meldinga i Sogn og Fjordane var gravferda i Høyanger den fyrste statskosta gravferda i landet på ein fallen frontkjempar. Det kommunale styret var på denne tida organisert etter direktiv frå dei tyske okkupasjonsmaktene. Formenn og medlemmer i styre råd og utval var ikkje valde på demokratisk vis, men oppnemnde og godkjende av okkupasjonsstyresmaktene. Ordføraren i Kyrkjebø, Johan Arntzen, medlem av NS, vedtok straks etter gravferda at middagen for deltakarane på Eide Hotell skulle kostast av Kyrkjebø kommune.

Frontkjempar

Frontkjempar var vanleg namn på nordmenn i tysk krigsteneste under 2. verdskrigen. Særleg etter at Quisling 12. januar 1941 hadde oppmoda "alle nasjonalbevisste nordmenn" om å melda seg til Regiment Nordland i SS-divisjon Wiking, melde mange seg til teneste. Ein reknar at det var omlag 5000 frontkjemparar i alt. Frontkjemparkontora i Oslo og Bergen samla inn pengar o.a. til hjelp for frontkjemparane. Kommunane vart og oppmoda om å løyva pengar. Etter krigen vart frontkjemparane dømde for landssvik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Østerbø, Brynjulf: Ei historie om Karl Uno Sundberg. I Ytre Sogn, 3.10.2000.
Bladet Sogn og Fjordane, 20.4. og 12.5.1943.
Blindheim, Svein: Nordmenn under Hitlers fane. Dei norske frontkjemparane. 1977.
Kyrkjebø kommune: Formannskapsarkivet, vedtaksbok for ordføraren.

PERMANENT IDENTIFIKATOR