Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. mai 2005

Sist oppdatert 05. februar 2019

Kategori

Kommune

Utanlandsk krigsgrav i Flåm- estisk sjøkaptein



På kyrkjegarden i Flåm står ein minnestein på ei krigsgrav. Ein estisk sjøkaptein omkom under bombing 25. april 1940 og vart gravlagd dagen etter. Flåm Ungdomslag reiste minnesteinen og har i alle år seinare hatt tilsyn med grava.

Den utanlandske krigsgrava på kyrkjegarden i Flåm. Den estiske kapteinen Mihkel Kägi omkom 25. april 1940. Han vart gravlagd 26. april. Flåm Ungdomslag reiste minnesteinen og steller grava.

Den utanlandske krigsgrava på kyrkjegarden i Flåm. Den estiske kapteinen Mihkel Kägi omkom 25. april 1940. Han vart gravlagd 26. april. Flåm Ungdomslag reiste minnesteinen og steller grava.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2004

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesteinen og innskrifta

Kaptein * MIHKEL KÄGI * [teikn for fødd] 28-11-1902 i Estland * Omkom 25-4-1940 * under Tysk bombeåtak * Reist av Flåm * ungdomslag

Grava er alltid velstelt og pynta med blomar. Det er Flåm Ungdomslag som i alle har år stelt grava.

Bombinga 20. april 1940

Bygdefolket i Flåm fekk straks etter 9. april 1940 føling med krigen. Mobiliserte mannskap kom til Flåm og vart frakta opp til Myrdal med buss og vidare til Voss med tog. Det kom påbod om blendingsgardiner. Kring midten av april kom eit stort lasteskip inn fjorden og la seg til innunder Midnosberget ved Sandhaugane for å koma i ly ved fjellet. Det vart sagt at det var eit skip frå Estland som kom frå ein oppløyst konvoi og som saman med fleire andre hadde søkt tilflukt innetter Sognefjorden.

Kapteinen omkom

Tyske fly kom inn over dalen frå 20. april og den 25. vart Flåm bomba. Etter at det hadde stilna om ettermiddagen og flya var farne, kom folk fram frå gøymestadane sine og prøvde å få oversyn over kva som hadde skjedd. Frå lasteskipet, som låg uskadd, høyrdest skrik og rop. Sigurd Fredheim fekk med seg Ivar og rodde ut.

Dei kom att med ein av mannskapet i båten og ein omkomen, kaptein Mihkel Kägi. Saman med mannskapet hadde han vore i land etter vatn då dei fyrste bombene fall. Kapteinen vart truffen av bombesplintar og dødeleg såra, men dei hadde greidd å koma seg ombord att.

Dei bar liket opp i kjellaren til Lars Aas. Herman Ohnstad frå Aurland kom med kiste, og naboar hjelpte til med å stella den døde. Kaptein Mihkel Kägi vart gravlagd på Flåm kyrkjegard 26. april 1940.

Ein bror av han har vitja grava fleire gonger.

kjelder:

Bjørnestad, Magne: På historisk vandring. 1998.
Indrelid, Svein: Aurland bygdbok. Soga om Flåm. Band 1, 2003.
Opplysningar frå Kåre Fretheim, Leikanger.