Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. april 2003

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Krigsgrav ved Selje kyrkje - Oluf Ingebrigtsen Aarsheim



Fredag 19. oktober 1945 var Selje kyrkje fullsett av bygdefolk og tilreisande. Det var gravferd for Oluf Ingebrigtsen Aarsheim. Han omkom i ei krigshending i Atlanterhavet og no var urna hans komen heim. Etterpå sette syskena opp minnestein på grava hans.

Oluf Ingebrigtsen Aarsheim (1898-1941). Han omkom under krigsforlis i Atlanterhavet 15. september 1941, og vart fyrst gravlagd i Skottland. Ingebrigtsen var skipstømmermann, men etter alt å døma også skyttar. Handelsskipa var væpna med kanoner og maskingevær.

Oluf Ingebrigtsen Aarsheim (1898-1941). Han omkom under krigsforlis i Atlanterhavet 15. september 1941, og vart fyrst gravlagd i Skottland. Ingebrigtsen var skipstømmermann, men etter alt å døma også skyttar. Handelsskipa var væpna med kanoner og maskingevær.

Eigar: I Våre falne.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Biografi i bokverket Våre falne

''INGEBRIGTSEN, OLAF, skipstømmermann, Selje. Født 24. desember 1898 i Selje, s. av Ingebrigt Johannesen, f. 1844, og Janikke Olsdatter f. Refsnes, f. 1852. Var tømmermann på m/t Vinga, og omkom 15. september 1941 under et flyangrep på skipet mens det var på vei fra England til Amerika. Gravlagt i Selje.''

Merknad: På gravminnet og i dødsannonsa står han oppført med etternamnet Aarsheim.

Gravferda

Ein marinebåt kom til Selje med urna, og ein delegasjon frå marinen var med i gravferda for å heidra den avlidne sjømannskameraten. Sokneprest Tuving leia seremonien og heldt tale. Det vart lagt ned kransar frå syskena, bygdefolket i Årsheim og frå ungdommen i bygda, frå Selje kvinnelag og Sjømannsmisjonen. Elles gjekk ei gruppe småjenter fram og la ned kvar sin blom ved urna.

To marinegastar bar urna til grava der Selje mannskor avslutta med Leid milde ljos. Etter gravferda samla folket seg til minnestund på Birkeli hotell.

Minneord frå barndomskamerat

Bernt Stokkevåg skreiv minneord om barndomskameraten sin i Fjordenes Tidende 25. oktober. Han fortel at Oluf reiste til sjøs straks etter konfirmasjonen og var ute i alle åra seinare til døden brått reiv han bort. Då krigen kom, valde Oluf å stå på sin post, for flagget, fedrelandet og fridomen.

''Nå er din livsseilas slutt. Du har fått landlov for alltid. Vi som fikk friheten tilbake takker deg for din innsats og lyser fred over ditt minne.''

Krigshendinga i Atlanterhavet

Oluf Ingebrigtsen Aarsheim var hausten 1941 påmønstra M/T ''Vinga'' tilhøyrande Mowinckel-rederiet i Bergen. Den 15. september 1941 var ''Vinga'' med i konvoi OS 6 på veg frå England til Amerika. Skipet var noko akterutsegla og dermed utan marinevern. Tyske bombefly gjekk til åtak om morgonen og to bomber råka midskips. Kapteinen, Erling Skaare, og sju mann vart drepne, og dessutan fire alvorleg såra.

Jagaren ''Campeltown'' tok seinare ombord 33 overlevande, og då det viste seg at ''Vinga'' trass store skader heldt seg flytande, vart skipet taua inn til Rothesay i Canada der slepet kom velberga fram den 20. september.

Budde på Årsheim

Ingebrigt Johannessen Aarsheim og kona Janika Olsdotter, foreldra til Oluf, budde i 1900 på eit bruk under Årsheim med gardsnummer 13/6. Ingebrigt åtte bruket og dreiv fiske attåt. I folketeljinga står dei oppført med fire born: - Johannes, fødd 1881 (gardsarbeidar), Karen, fødd 1889, Petra, fødd 1895, og Oluf (Olaf), fødd 1898.
Alle dei tre syskena til Oluf flytte ut frå Selje og busette seg høvesvis i Haugesund, Måløy og i Herøy på Sunnmøre. Oluf var 43 år gammal og ugift då han omkom.

Ingebrigt Aarsheim døydde fleire år før kona si. Ho selde bruket, men fekk sett seg opp eit lite hus i utkanten, der ho budde til sin døyande dag. Framleis står det att restar av grunnmuren, som enno vert nemnd Janikkemuren.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948.
Fjordenes Tidende. 25.10.1945. Måløy.
Hegland, Jon Rustung: Nortraships flåte. Oslo 1976.
Munnlege opplysningar frå:
Jon G. Årsheim, Selje.