Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Minnesmerke over Johan A. Berge i Etnedalen



Soldat Johan A. Berge frå Oppstryn fall i kampane mot tyske invasjonstyrkar i Valdres 24. april 1940. Han vart gravlagd ved Bruflat kyrkje. Forfattaren Knut Hauge skreiv kort etter diktet Han fall ved Høljerasten bru. I 1941 reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans, og det er seinare sett opp andre minnesmerke over dei 5 soldatane som fall i Etnedalen.

Minnesteinen på grava til Johan A. Berge, sveipa i det norske flagget før avdukinga.

Minnesteinen på grava til Johan A. Berge, sveipa i det norske flagget før avdukinga.

Eigar: Etnedal kommune.

Datering: 1941.

Fotograf: Ukjend.

Om Johan A. Berge i bokverket Våre Falne

BERGE, JOHAN ANDREASSEN, Stryn. Fødd 8. desember 1918 i Stryn, s. til Andreas J. Berge, f. 1885, og Synneve f. Kirkeide, f. 1887, båe i Stryn. Han hadde gått framhaldsskule, og var gardsarbeidar. Var med i striden 1940 ved Høljerast bru som ordonans for kompanistaben. Vart råka av ein granat og døydde med ein gong 23.(sic) april 1940. Gravlagd ved Bruflat kyrkje i Etnedal.

Kampane ved Høljerast bru

9. april 1940 gjekk Tyskland til åtak mot Noreg. To veker seinare nådde tyskarane Etnedal. Om kvelden 23. april kom dei fyrste styrkane fram til Høljerast bru. Her hadde norske hærstyrkar frå Fjordane Regiment (IR 10) budd seg til kamp. Brua var klar til å sprengjast og forsvarsstillingar plasserte i området rundt. Då nordmennene opna eld, trekte tyskarane seg tilbake. Brua vart sprengd klokka 22.00.

Straks det lysna om morgonen 24. april, sette tyskarane inn med nye åtak, og etter kvart vart overmakta for stor for nordmennene. Dei trekte seg tilbake og gjekk i nye stillingar i området ved Tonsåsen. Her kom det til harde kampar dagen etter.

Minnestein der kvar soldat fall

Fem norske soldatar fall i kampane i Etnedal 24. og 25. april 1940: Johan A. Berge, Magnus Haugom, Harald Georg Halvorsen, Gunnar Hanssen og Sverre Kristoffer Lauritzen, alle i kampane langs riksveg 35. I 1992 markerte Etnedalen Historielag stadene dei fall med trekross, og i 1997 vart desse bytte ut med minnesmerke av meir varig vyrke. På kvar stad står det no ein steinsokkel med støypt metallplate som har fylgjande innskrift: HER FALT (dato) 1940 * (namn) * FRA (stadnamn).

Minnebautaen på Tonsåsen

Det var også Etnedalen Historielag som i 1991 tok opp arbeidet med å få reist ein felles minnebauta over dei fire nordmennene som miste livet i Etnedal. Alt året etter, den 30. august 1992 vart minnesteinen avduka ved Tonsåsen Sanatorium i nærleiken av ein sving der det stod svært harde kampar 25. april. Over 200 var til stades på avdukingshøgtida.

På minnesteinen står: TIL MINNE * OM DEI FEM NORSKE SOLDATER * SOM FALL I ETNEDAL KOMMUNE * VED HØLJERAST OG TONSÅSEN * DEN 24. OG 25. APRIL 1940 (deretter namna på dei falne, og vidare:) MITT LAND * EG GJEV MEG HUGHEILT MOT * ALT SOM HEITER MITT.

Minnetavle ved Høljerast

Ole Andreas Hopland, f. 1918, frå Stryn var med i kampane ved Høljerast. Han, saman med Etnedal Historielag, tok initiativ til å få sett opp ei orienterande minnetavle ved Høljerast bru. Tavla vart avduka søndag 19. august 2000 med kring 30 menneske til stades. Her kan folk no studera eit oversiktleg kart med innteikna stillingar o.a. og på denne måten danna seg eit bilete av krigsskodeplassen i aprildagane 1940. Nedst på tavla er bilete av fleire av dei som var med.

Ole Andreas Hopland var og til stades og fortalde om hendingane i 1940. "Me hadde fire stillingar i bakken rett oppom brua på vestsida av elva, og då tyskarane kom, hadde me ein lett jobb med å plukka dei ned." ---- "Eg har i alle år hatt mardraumar om det som hende, jamvel no. Eg kan framleis høyra skrika og jamringane til dei tyske soldatane, og eg ser for meg tyskarane oppe på bergskrenten på austsida som vart trufne og berre rausa ned i vegbana."

kjelder:

Lokalavisa Sogn og Fjordane. 22.08.1986.
Etnedal historielag: Kampene ved Høljerast bru 21-24. april 1940. Skriv nr. 10. Etnedal 2000.
Etnedal historielag: 50 år med fred. Skriv nr. 8. Etnedal 1995.
Etnedal historielag: Krigarar frå og krigshandlingane i Etnedal våren 1940. Skrift nr. 3. Etnedal 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR