Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. mai 2005

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Krigsgrav ved Frøya kyrkje - matros Dagfinn Frøyen



Dagfinn Frøyen rømde til England og gjekk inn i handelsmarinen. Som matros på d/s Balduin vart han sjuk og døydde våren 1944. Urna hans kom heim med krigsskipet "Arendal" i slutten av september 1945. Han vart gravlagd 1. oktober.

Grava til matros Dagfinn Frøyen på kyrkjegarden ved Frøya kyrkje. Grava ligg på nordre felt på kyrkjegarden på vestsida av kyrkja og vegen.

Grava til matros Dagfinn Frøyen på kyrkjegarden ved Frøya kyrkje. Grava ligg på nordre felt på kyrkjegarden på vestsida av kyrkja og vegen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Steven Kleppa

Biografi

I firebinds-verket Våre falne, som kom ut 1949-1951, står denne omtalen:

"FRØYEN, DAGFINN, matros, Bremanger. Fødd 1. juli 1920 i Bremanger, son til Odin B. Frøyen, fødd 1888 i Bremanger, og Ingeborg, fødd Engen, fødd 1886 i Nordfjordeid. Var før krigen fiskar, og seinare bygningsarbeidar. Drog over Nordsjøen i ei fiskarskøyte. Gjekk inn i handelsmarinen. Var matros på d/s Balduin til han vart sjuk. Døydde 19. mai 1944 i South Shields i England. Gravlagd på Frøyen kyrkjegard."

Heimførd i sptember 1945

Fleire hundre nordmennn knytta til den norske utefronten fall i England og vart gravlagde der. Hausten 1945 vart kring 400 urner førde heim med torpedojagaren "Arendal". Dagfinn Frøyen si var ei av dei. Etter at urnene var tekne i land på Honnørbryggja i Oslo, vart det halde ein kort seremoni der kong Haakon la ned krans med ei siste takk for innsatsen for fedrelandet. Urnene vart så sende til heimstadane til dei falne.

Gravferda

Dagfinn Frøyen vart gravlagd måndag 1. oktober. Nære skyldfolk og grannar samlast fyrst i heimen der sokneprest Steinhovden tala trøystande ord til dei syrgjande.

I ei fullsett og vakkert pynta kyrkje tala soknepresten over bibelordet kveitekornet som må døy for å gje grøde. - Fridomskjemparane våre på land og sjø var vårt beste såkorn, sa han, - dei ga sitt liv for fedrelandet og fridom.

I seremionien medverka eit songkor og ein kvartett: Far til Dagfinn, Odin Frøyen, og dei tre brørne hans, Bjarne, Johannes og Arne, bar den blomepryda båra med urna til grava.

kjelder:

Våre falne. Bind 1. 1949.
Firda Folkeblad. 12.10.1945.