Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein over Johannes K. Årseth



Den 23. april 1940 fall Johannes Årseth frå Gaular i nærleiken av huset til Nordsinni Ungdomslag i Nordre Land. Han vart gravlagd ved Nordsinni kyrkje. Ungdomslaget "adopterte" Johannes Årseth. Dei reiste minnestein på grava hans, og hengde opp eit bilete i ungdomshuset. Kvar 17. mai vert det lagt ned krans ved minnesmerket.

Minnesteinen Nordsinni Ungdomslag reiste på grava til Johannes K. Årseth hausten 1940. På plata står: JOHANNES K. AARSETH * FRA SANDE SUNNFJORD * FØDT 15-8-1915 * FALT 23-4-1940 * I KAMP VED RIISBY * UNGDOMSLAGET * REISTE DENNE STEIN

Minnesteinen Nordsinni Ungdomslag reiste på grava til Johannes K. Årseth hausten 1940. På plata står: JOHANNES K. AARSETH * FRA SANDE SUNNFJORD * FØDT 15-8-1915 * FALT 23-4-1940 * I KAMP VED RIISBY * UNGDOMSLAGET * REISTE DENNE STEIN

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Ole Stian Hovland.

Biografi i bokverket Våre Falne, Oslo 1949

ÅRSETH, JOHANNES, gardsstyrar, Gaular. Fødd 14. august 1915 i Fjaler, son til Kristoffer Årseth, fødd 1881, og Oline, fødd Nedrebø, fødd 1882, båe i Jølster. Var med i stridane i Noreg som patruljeførar; dei skulle røkja etter dei tyske stillingane vestanfor Dokka. Han vart råka av ein granatsplint og sette livet til i skogen ved Riisby husmorskule i Nordre Land 23. april 1940. Gravlagd ved Nordsinni kyrkje.

Meir om kva som hende

Etter mobiliseringa 9. april 1940 møtte innrullerte mannskap i Fjordane Infanteriregiment 10 (IR10) på Bømoen på Voss. Natt til 17. april vart avdelingar transporterte med tog til Gol for å setjast inn mot tyske styrkar på veg nordover mot Valdres.
Boka "Fjordane Infanteriregiment Nr 10," som kom ut i 1996, har utførlege opplysningar om felttoget i Valdres. Her går det fram at mannskap frå 2.bataljon (II Bn) kom fram til Høljerasten sør i Etnedalen den 20. april og organiserte seg der. Herifrå vart styrkar sende fram til Dokka og nedover til Fluberg på austsida av Randsfjorden der det var trefningar fleire stader. Natt til 23. april vart styrkane trekte tilbake til Høljerasten og på ny grupperte i området ved brua. Ein tropp i 6. kompani vart kl 0800 om morgonen send med biltransport fram mot Dokka for å få kontakt med fienden. Troppen støytte på fienden nokre kilometer vest for Dokka. I ei kort skotveksling fall lagførar Johannes Årseth.

Nordsinni Ungdomslag reiste minnestein

Johannes Årseth fall like ved Riisby husmorskule og huset til Nordsinni ungdomslag. Han vart gravlagd ved Nordsinni kyrkje ikkje langt unna. Kort tid etter tok ungdomslaget opp arbeid med å reisa ein minnestein på grava hans. Dei sette i gang med innsamling og fekk ordna med avduking i samband med konfirmasjon om hausten i 1940.
Til kvar 17. mai bind laget ein blomekrans som blir hengd på minnesteinen. Ungdomslaget syter og for stell og vedlikehald av minnesmerket.

Bilete i ungdomshuset

Nordsinni Ungdomslag har ikkje berre "adoptert" sunnfjordingen Johannes Årseth ved å reisa minnestein, ved å heidra han med krans kvar 17. mai og syta for stell og vedlikehald av grava. I huset sitt, bygd 1910, har dei også hengt opp eit stort bilete.

kjelder:

Ungdomshuset. Noregs Ungdomslag.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment Nr. 10. I gamal og ny tid. Oslo 1996.
Informasjon frå:
Anne Terningen, Nordre Land.
Kyrkjeverja i Nordre Land, 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR