Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Ivar og Andrine Svardal



Sommaren 1956 heldt fråhaldsfolket i kommunane Brekke og Gulen stemne i Rutledal. Det var ei særleg høgtid denne stemnedagen. Det vart avduka ein minnestein over Ivar og Andrine Svardal. Svardal skipa eitt av dei første fråhaldslaga i Sogn.

Grava til Ivar og Andrine Svardal på den gamle kyrkjegarden i Rutledal. Minnesteinen vart reist i 1956.

Grava til Ivar og Andrine Svardal på den gamle kyrkjegarden i Rutledal. Minnesteinen vart reist i 1956.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen
Rutledal har to gravstader. Den gamle ligg på nordsida av vegen til Sygnefest vel 1 km frå Rutledal, tett attmed ein veg ned til sjøen rett nord for Brosvikvatnet. Etter at den nye gravstaden vart teken i bruk, vert den gamle gravstaden berre nytta i særlege høve.

Ivar og Andrine Svardal ligg gravlagde på den gamle gravstaden, om lag midt på. Minnesteinen er laga av ein mørk bergart og har slipt framside. På steinen står denne innskrifta:

IVAR SVARDAL * (teikn for fødd) 27-11-1856 * (teikn for død) 8-7-1917 *
ANDRINE SVARDAL * 3-10-1853 * 8-3-1927
Fråhaldsfolk og vener * heidra dykkar minne

Ivar og Andrine Svardal
Ivar Andersson Svardal, lærar, fødd 27.11.1856 på Svardal, var son til Anders Ivarson Svardal og Johanna Rognaldsdotter Glenja. Han vart gift på Rise 04.05.1880 med Andrine Monsdotter Sygnefest, fødd 03.10.1853. Dei hadde sonen Mons Andreas, fødd 19.11.1881.

Kring 1880 kjøpte Ivar Svardal eit om lag 5 dekar (mål) stort utmarkstykke kalla Myra under garden Vatne. Han var då lærar på Strendene. Svardal gav eigedomen sin namnet Solheim. Dei bygde seg hus og dyrka jord nok til å fóra ei ku og nokre sauer.

Ivar Svardal var ein dugande lærar og var vide kjend for arbeidet sitt for fråhaldssaka. Han døydde 08.07.1917 og vart gravlagt på Rutle kyrkjegard. Andrine døydde 08.03.1927.

Avdukingshøgtida
Kring 1950 var det tradisjon at fråhaldsfolk frå Brekke og Gulen skipa til årlege stemne. I 1956 skipa brekkingane til stemna i Rutledal. Ein særleg post stod på programmet stemnedagen denne gongen: Avduking av minnestein på grava til Ivar og Andrine Svardal. Presten Lunde heldt avdukingstalen og tok flagget frå steinen. Formannen i Sygnefest fråhaldslag, Lovise Rise, la ned krans og heldt minneord. Andreas Sørestrand la ned krans frå Sogn krins av Det Norske Totalavholdsselskap (DNT). Elles vart det lagt ned krans frå landsstyret i DNT og frå Gulen skulestyre. Ivar Svardal takka for æra som på denne måten var synt bestefar hans.

Minnevers
Om ettermiddagen var det møte med talar av lærar Gullanger, Sigv. Helle, Andreas Sørestrand og Bjarne Haugland. Elling E. Kjelby hadde skrive eit minnedikt. Det tredje verset er slik:

Frå Gulen, Brekke tanken varm deg når
Du trauste kjempa fyr saki vår,
Når her me reiser minne på di grav,
Me takkar deg i dag for alt du gav.

Sygnefest eller Vik?
Kvar vart det fyrste fråhaldslaget i Sogn skipa? I fylgje omtalen av avdukingshøgtida i avisa Sogn og Fjordane var det Sygnefest som var fyrst ute med Ivar Svardal som skipar.

Ei anna kjelde går i retning av Vik. Asbjørn Kloster skipa det fyrste totalfråhaldslaget i Stavanger i 1859. To år seinare vart Bergens Totalafholdsforening skipa. Av årsmeldinga for DNT for 1882 går det fram at det endå ikkje fanst noko DNT-lag i Sogn og Fjordane. I 1885 var "Vik i Sogn" det einaste laget i Bergen krins.

Administrativ utvikling
I 1872 vart alle DNT-laga frå og med Rogaland til og med Sunnmøre samla i eitt krinslag. I 1883 vart krinsen omskipa ved at Sunnmøre vart lagt til Romsdal krins. Bergen og dei to bergenhus-amta utgjorde "Bergens kreds af Det Norske Totalafholdsselskab". Seks år seinare vart det ny deling med Sogn og Fjordane som eigen krins. I 1896 vart fylkeskrinsen delt i Sogn krins og Fjordane krins, og endeleg, i 1907 vart Fjordane delt i Nordfjord og Sunnfjord, og no med fylke i staden for krins.

kjelder:

Sogn og Fjordane. 10.09.1956.
Flokenes, Mads: Kulturkamp i Sunnfjord. Soga om måtehaldsrørsla og Sunnfjord D.N.T. i hundre år. 1965.

PERMANENT IDENTIFIKATOR