Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. september 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein over forleggjaren Mons Litleré



"Soga um Mons Litleré, det er soga um den nynorske bokavlen i tiåret 1885-95", skreiv forfattaren Jens Tvedt ein gong om Mons Litleré, ungdommen frå Naustdal som sette seg som mål å fremja målsaka med å gje ut bøker på nynorsk. Han døydde i Hamburg i 1895, berre 28 år gamal, og vart gravlagd på Møllendal kirkegård i Bergen. I 1910 vart det reist ein minnestein på grava hans.

Minnesteinen over Mons Litleré på Møllendal kirkegård i Bergen. Gravfeltet omkring har vorte brukt om att i nyare tid.

Minnesteinen over Mons Litleré på Møllendal kirkegård i Bergen. Gravfeltet omkring har vorte brukt om att i nyare tid.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen i 2007
Litleré-steinen er av granitt og står på Møllendal kirkegård, med referanse "Grav C 00, 13,18". Han står heilt i øvre kanten av gravfeltet, nærast i ein høg hekk av rhododendron. Heile feltet er brukt om att i nyare tid.

Steinen er nær 3,5 m høg, 68 cm x 37 ved rota og smalnar litt mot toppen. Alle fire sidene er grovt hogne, framsida noko meir plan enn dei andre.

Innskrifta
Framsida vender 90 gr til venstre i høve til gravsteinane elles på feltet. Innskrifta går loddrett, bokstavar og tal er 18 cm høge og forma i runestil. Det står:
MONS LITLERÉ 1862 - 1895
Over innskrifta er innhogge ein solkross.

I fylgje ei notis om avdukinga var det kunstmålaren Bernt Tunold som hadde oppdraget med å laga teikning til stein og innskrift.

Reist i 1910
Steinen var reist på Litleré si grav søndag 16. oktober 1910. Om dagen heldt presten Rasmus Haugsøen høgmesse med nynorsk kyrkjemål i Årstad kyrkje. Etter på samlast 7-800 menneske ved minnesteinen. Haugsøen heldt avdukingstalen og ein song av Anders Hovden til Litleré sitt minne vart sungen. Vestmannalaget tok imot steinen, og formannen S.B. Bugge la ned krans.

Om kvelden heldt bondeungdomslaget fest. Det var fleire talar. Forfattaren Haakon Garaasen heldt tale om "norsk" bokutgjeving (dvs. bøker på landsmål, nynorsk). Arne Bjørndal spelte og Inga Lunde song songar av A.O. Vinje. Det kom fleire telegram til festen.

Om Mons Litleré - for det meste etter Norsk Allkunnebok
LITLERÉ, Mons (1867-95), norsk forleggjar, fødd i Naustdal. På amtsskulen (frilyndt folkehøgskule) hadde han Elias Melvær til lærar og vart oppglødd for målreising. Etter ein vinter på folkehøgskulen i Sogndal hadde han livsvegen oppstaka, han ville fremja målsaka ved å gje ut bøker på nynorsk.

I Naustdal sette han i gang Norskmaalets Bokhandel i 1886, med restopplag som han kjøpte frå Bergen og to bøker som han gav ut sjølv: forteljingar av Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander Kielland, Jonas Lie o.fl. i eiga omsetjing frå bokmål.

Litleré reiste rundt om i bygdene og selde bøker. Han blei kjend med mange og vann tillit. Då målfolk i Bergen skipa Firda og Sygnafylkets Avis (frå 19890 Firda),  fekk Litleré tilbod om å vera redaktør.

Mons Litleré vart snart forleggjar for dei fleste forfattarane som skreiv nynorsk; Arne Garborg, Jens Tvedt, Vetle Vislie, Rasmus Løland, Hans Seland, og.fl.

Hausten 1894 svikta helsa. Legane konstaterte kreft. Vinteren 1895 lyste han forretninga si til sals. Om våren reiste han til ein spesialist i Berlin. Jens Tvedt, ein av dei beste venene hans, var med han. Men livet stod ikkje til å berga. Mons Litleré døydde 8. april 1895 og vart gravlagd på Møllendal kirkegård i Bergen. Han etterlet seg kona Anna Birgitta og tre born.

kjelder:

Fjordenes Blad. 18.04.1895, 17.09, 22.10, 1895.
Norsk biografisk leksikon. Bind 8, Oslo 1938.
Norsk Allkunnebok. Bind 8, Oslo 1957.
Norske bladmenn og norske blad. 1938.
Opplysningar frå:
Kirkegårskontoret, Møllendal kirkegård, Bergen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR