Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Ingvald Eggum



Den 11. mars 1943 var Det Bergenske Dampskipsselskab (BDS) sitt skip D/S "Brant County" i konvoi med 59 andre på veg frå Amerika til England. Skipet blei torpedert av ein tysk ubåt og gjekk ned etter kort tid. Ingvald Eggum var ein av dei 24 som miste livet. I 1985 reiste Norske Reserveoffiserers forening minnestein over han.

Dampskipet "Brant County", Det Bergenske Dampskibsselskab, gjekk frå 1921 i transatlantisk fart for samseglingsfirmaet "County Line". Skipet vart søkkt av ein tysk ubåt 11. mars 1943.

Dampskipet "Brant County", Det Bergenske Dampskibsselskab, gjekk frå 1921 i transatlantisk fart for samseglingsfirmaet "County Line". Skipet vart søkkt av ein tysk ubåt 11. mars 1943.

Eigar: I Keilhau, Wilhelm: Norges eldste linjerederi.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Biografi i verket Våre falne

"EGGUM, INGVALD, sjømann, Leikanger. Fødd 21. februar 1907 i Leikanger, s. til småbrukar Nils E. Eggum, f. 1882 i Leikanger, og Marta Hansdatter f. Huke, f. 1885 s.st. Gjekk til sjøs i 1938 i utanriksfart. Var sist på d/s Brant County, og miste livet 11. mars 1943 då skipet vart søkkt i Atlanterhavet, på veg frå Halifax til Liverpool."

Søkkt av tysk ubåt

D/S "Brant County", lasta med 670 tonn eksplosiv og karbid, gjekk den 2. mars 1943 i konvoi på 60 skip ut frå Halifax i Canada. Konvoien vart påteken av 18 ubåtar, og "Brant County" blei torpedert 11. mars av den tyske ubåten U757 i posisjon 52N og 27V. Torpederinga utløyste ein voldsom eksplosjon, og i løpet av sekund var midtskipet eit hav av flammar, gass og røyk. 22 mann berga livet ved at dei kom seg i livbåt og vart tekne opp av eit handelsskip kort tid etter. 24 mann omkom, og av dei var to frå Sogn og Fjordane; Ingvald Eggum og Joffre Osvald Skårhaug frå Naustdal.

Minnetale i kommunestyret

Ingvald Eggum vart tildelt Krigsmedaljen post mortem, og ordføraren i Leikanger, Olav Tveit, fekk heidersoppdraget å overlevera medaljen til næraste pårørande. Det blei gjort i kommunestyremøtet 22. november 1945 under sak 156. I referatet står:
"Nils Eggum var innkalla til møtet i høve at sonen Ingvald Eggum var tiletla krigsmedalja. Ordføraren heldt minnetale yver avlidne Ingvald Eggum som sette livet til på Atlanteren i krigen. Møtelyden høyrde talen ståande. Deretter vart medaljen yverlevert til Nils Eggum til opbevaring."

Minnesteinen

Det var tre personar som tok opp og utførte arbeidet med å få reisa minnesteinen over Ingvald Eggum: Johannes Henjum, Kåre Vangelsten og Johannes Instefjord, alle medlemmer av Norske Reserveoffiserers forening, avdeling Indre Sogn. Emnet til steinen vart funne i eit nedlagt steinbrot på Kvarvet ved Kinsedal. Lidvald Vangelsten frakta steinen i robåt til Kinsedal, derifrå gjekk transporten på ferje til Solvorn og frå Solvorn med bil. Alt arbeidet vart utført på dugnad.
Minnesteinen var ferdig oppsett like innom kyrkjegardsporten til 17. mai 1985. På ei metallplate står:
"Til minne * INGVALD EGGUM * 21/2-1907 - 11/3 1943 * Gav sitt liv for fedrelandet * då han gjekk ned med S/S Brant * County etter torpedoangrep * i Nord-Atlanteren 11/3-1943 * Norske Reserveoffiserers forening"

Dampskipet "Brant County"

Det Bergenske Dampskibselskab (DBS), etablert 1851, brukte for det aller meste univers-namn på skipa sine, som t.d. "Venus", "Polarlys" og "Stella Polaris". Eitt av unntaka var "Brant County" og grunnen var at Bergenske var med i eit samseglingsføretak for transatlantisk fart som vart skipa i 1921. Alle skipa i denne samseglingslinja, nemnt som "County Line", skulle ha "county" i namnet.
"Brant County", skip nummer 76 i DBS, på 5 289 brutto register tonn, var bygd i Rostock i 1915 for eit tysk reiarlag. DBS kjøpte skipet i 1921 for å setja det inn i "County Line" og døypte det om frå "Lennep" til "Brant County".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Keilhau, Wilhelm: Norges eldste linjerederi [...]. Bergen 1951.
Hegland, Jon Rustung: Notraships flåte. Kirgsseilasen under den allierte offensiv. Del II. Oslo 1976.
Våre falne. Oslo 1949.
Svartefoss, Einar: 5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-1945. Leikanger 1994.
Kommunearkivet i Leikanger:
Formannskapsarkivet.
Opplysningar frå:
Johannes Henjum, Leikanger.
Kåre Vangelsten, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR