Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Minnestein over sokneprest Løvoll



Kyrkjelydane i Eid og Stårheim har reist gravminne på to av sokneprestane sine. Den fyrste var Niels Nielsen Dahl, prest i Eid 1852-1854, den andre Arnoldus Johan Løvoll, prest i åra 1925-1945. Minnesteinen på grava til Løvoll vart avduka i september 1947.

<p>Minnesteinen p&aring; grava til sokneprest L&oslash;voll, kona hans og sonen, s&oslash;r for Eid kyrkje. I midtfeltet st&aring;r: Fr&aring; kyrkjelydane i Eid og St&aring;rheim (-) med takksemd og vyrdnad.</p>

Minnesteinen på grava til sokneprest Løvoll, kona hans og sonen, sør for Eid kyrkje. I midtfeltet står: Frå kyrkjelydane i Eid og Stårheim (-) med takksemd og vyrdnad.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Gunnar Yttri.

Sokneprest Løvoll

Jubileumsboka Eid kyrkje 150 år som kom ut i 1999, har korte portrett av prestane etter reformasjonen. ARNOLDUS JOHAN LØVOLL (1925-1945), er nr. 26 i rekkja:

"[Han] var fødd i Buksnes i Lofoten i 1923, men faren var frå Norddalen og flytte seinare tilbake til heimbygda. Løvoll voks opp på ein fjellgard i Eidsdal på Sunnmøre. Han tok lærareksamen og var ei tid lærar i Otterøy i Namdalen, men tok så embetseksamen og vart res.kap. i Førde med bustad i Naustdal i Sunnfjord.

Løvoll var den første presten av den nyare skulen i Eid, ein som folk kunne gå til som ein av sine eigne. Både i preikene sine og i omgang med folk var han ein byggjande mann. Ein kunne ofte høyre folk seie: "Ja, så sa Løvoll", eller "Det gjorde Løvoll".

Han var mykje med i lagsliv og samfunnsliv i bygda, m.a. formann i skulestyret, med i heradsstyret og varaordførar ei tid, formann i Firda ungdomslag, ivrig medarbeidar i misjonslag og samskipnader og anna så lenge han levde. Han fekk i gang Kyrkjebladet for Eid og Stårheim i 1937.
Sokneprest Løvoll døydde brått 11. mars 1945."

Minnestein på grava

Arnoldus Løvoll vart gravlagd sør for kyrkja. Seinare vart kona, Elisabeth Myrold Løvoll (1893-1986) gravlagd ved sida, og sonen Arve (1927-1999) i same grava. I 2004 står dei tre namna på kvar sitt felt, soknepresten og kona på sidefelta og sonen sitt på midtfeltet. Innskrifta om takk og vyrdnad frå kyrkjelydane i Eid og Stårheim, står i midtfeltet.

Avdukinga

Steinen vart avduka fyrste søndag i september 1947. Kyrkja var fullsett lenge før tida av bygdefolk, slekt og vener frå Sunnmøre og mange utanbygdsfolk elles.
Sokneprest Dale preika og mintest i varme ord den folkekjære presten som gjekk så uventa bort. Frå kordøra bar ordførar Olav Os fram ei takk til slekta og familien hans frå kyrkjelydane i Eid og Stårheim.

Etter gudstenesta avduka soknepresten minnesteinen. Fire songkor medverka i kyrkja og under avdukinga. Formannen i Eid sokneråd takka alle som hadde gjeve tilskot slik at steinen kunne reisast. Til slutt takka student Ottar Løvoll for vyrdnaden som på denne måten var vist faren, og ein bror takka på vegner av foreldre og sysken.

Minnedikt

Fjordabladet hadde 14. juli 1945 eit minnedikt signert P.N. Det gjev ei skildring av sokneprest Løvoll gjennom heile 34 vers. "..so folkekjær ein prest i Eid/og Stårheim visst kje stod.." Diktaren "bladar i minneboka hans", og stoggar ved presten på preikestolen, på basaren, på festen, i songkoret og ved sjukesenga. I siste verset takkar han Gud for slike staute menn, og sluttar med ei bøn: "Reis mange slike upp igjen/rundt um vårt fedreland!"

kjelder:

Eid kyrkje 150 år. 1996.
Fjordabladet. 14.07. og 09.09.1947.